Auke i nedlastingar
Publisert:
Den digitale bruken av fag- og forskingsbiblioteka har auka kvart år sidan 2013. Det siste året lasta brukarar ned 23 prosent meir frå fulltekstdatabasar enn året før.
- Tala er henta frå
- Fag- og forskingsbibliotek
Ein fulltekstdatabase er ei samling av originaldokument der heile eller vesentlege delar av dokumentet er elektronisk tilgjengeleg. Dette kan mellom anna vere bøker, periodika, rapportar og artiklar i tidsskrift. Sidan 2013 var auken i nedlastingar frå slike basar på nesten 70 prosent og utgjorde den største auken i talet på nedlastingar frå fag- og forskingsbibliotek.
I tillegg til dette kjem auken i nedlastingar frå institusjonsarkiv. Nedlastingar frå institusjonsarkiv auka med 47 prosent frå 2013. I 2016 vert det til saman lasta ned meir enn 30 millionar dokument frå fag- og forskingsbiblioteka i Noreg.
Figur 1. Nedlastingar frå fulltekstdatabasar og institusjonsarkiv i fag- og forskingsbibliotek utanom Nasjonalbiblioteket
2013 | 2014 | 2015 | 2016 | |
Nedlastingar frå fulltekstdatabasar og institusjonsarkiv i millionar | 19 | 21 | 22 | 30 |
Færre utlån
Samstundes som nedlastingar aukar, går den tradisjonelle bruken av biblioteka ned. I 2016 vart det lånt ut 1,4 millionar bøker og anna bibliotekmateriale i fysisk form som førstegongslån i fag- og forskingsbiblioteka. Dette er ein nedgang på 22 prosent frå 2013 ved fag- og forskingsbiblioteka utanom Nasjonalbiblioteket.
Auke i undervisning i fag- og forskingsbiblioteka
Formalisert undervisning omfattar formalisert, undervisning som er annonsert på førehand og opplæring i regi av biblioteket med eigne tilsette eller eksterne kurshaldarar. Fag- og forskingsbiblioteka inkludert Nasjonalbiblioteket gjennomfører grunnkurs og avanserte kurs i bibliotekbruk og nytting av fulltekstdatabasar. I 2016 vart det registrert nær 111 000 deltakingar ved slike kurs, ein auke på nær 9 prosent frå 2015.
Kontakt
-
Alice Steinkellner
-
Liv Taule
-
Elin Såheim Bjørkli
-
SSBs informasjonstjeneste