53329_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/ffbibl/aar
53329
Nedgang i talet på bøker og tidsskrift i fjor
statistikk
2011-07-05T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Utdanning;Svalbard
no
ffbibl, Fag- og forskingsbibliotek, fagbibliotek, forskningsbibliotek, universitetsbibliotek, høgskolebibliotek, nasjonalbibliotek, spesialbibliotek, utlån, innlån, samlingar, bøker, tidsskrift, digitale dokumentar, sysselsette, inntekter, utgifterHøyere utdanning, Kultur og fritid, Kultur, Utdanning, Kultur og fritid, Svalbard
false

Fag- og forskingsbibliotek2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i talet på bøker og tidsskrift i fjor

Fag- og forskingsbiblioteka hadde i 2010 ein nedgang i talet på bøker og tidsskrift på 660 000, eller 3 prosent, frå året før. Talet på utlån har derimot auka med 160 000, eller 3 prosent.

Tala for fjernlån inneheld felt 152 frå statistikkskjema, og tala for innlån inneheld tala frå felt 153. Tala for fjernlån og innlån blir dermed litt for høge. (22.11.2011)

Bøker og periodika 2010. Prosent

Talet på bøker og tidsskrift var på 19,9 millionar, og var dermed for fyrste gong sidan 2005 på under 20 millionar. Nedgangen var størst blant biblioteka ved helseinstitusjonane og universitetsbiblioteka, høvesvis på 11 prosent og 8 prosent, frå året før. På den andre sida var det ein auke i talet på bøker og tidsskrift blant andre private spesialbibliotek på 25 prosent frå 2009. Universitetsbiblioteka hadde likevel klart størst bestand bøker og tidsskrift, med 47 prosent av total bestand.

Auke i talet på utlån

Fag- og forskingsbiblioteka hadde nesten 4,8 millionar utlån i 2010, ein auke på 3 prosent frå året før. Dei siste ti åra har utlåna auka med nesten 1 million.

Talet på lokale lån var på 4,1 millionar, ein auke på 3 prosent frå 2009. Talet på fjernlån auka med 9 prosent, til litt over 670 000 lån. Alle bibliotektypane, bortsett frå Nasjonalbiblioteket, har ein større del lokale lån enn fjernlån. Fjernlån utgjer mellom 7 og 11 prosent av alle utlån ved desse bibliotektypane. Ved Nasjonalbiblioteket var derimot 78 prosent av utlåna fjernlån i 2010.

Fag- og forskingsbiblioteka utfører også innlån av dokument. I 2010 var det 260 000 innlån, ein nedgang på 7 prosent frå året før. 39 prosent av innlåna fann stad ved universitetsbiblioteka, og 28 prosent ved høgskolane.

Tabeller: