Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
575 hyllekilometer bøker
Fag- og forskingsbiblioteka har ein bestand av bøker og tidsskrifter på til saman 18 millionar bind ved utgangen av 1999. Tek man ut tidsskriftene, utgjer bestanden totalt vel 575 000 hyllemeter. Det er lengre enn frå Oslo til Trondheim.
Biblioteka ved universiteta og høgskolane hadde til saman nær to tredelar av den registrerte bestanden av bøker og tidsskrifter, medan dei offentlege spesialbiblioteka hadde knapt 18 prosent. Nasjonalbiblioteka hadde vel 10 prosent, medan resten var registrert ved dei private spesialbiblioteka.
Om lag 3,8 millionar utlån vart utførte ved fag- og forskingsbiblioteka i 1999. Av dette var knapt 500 000 fjernlån, medan 3,3 millionar var lokale lån. Fjernlån er lån mellom biblioteksystema under ulike administrative einingar.
Utgiftene for 1999 synte at biblioteka i alt brukte drygt 197 millionar kroner til innkjøp (akkvisisjon) av materiale til samlingane. Biblioteka ved universiteta og dei vitskapelege høgskolane stod for halvparten av dette. Det vart i alt kjøpt inn knapt 520 000 nye bøker og tidsskrifter i 1999.
I alt var det i 1999 registrert vel 1 800 tilsette ved dei i alt 362 bibliotekeiningane. Halvparten av desse var tilsette i bibliotekfaglege stillingar. I alt utførte dei tilsette vel 1 550 årsverk. Dei bibliotekfaglege tilsette utførte 57 prosent av årsverka.
Statistikken for fag- og forskingsbibliotek er utarbeidd av Statistisk sentralbyrå og vert samla inn i samarbeid med Riksbibliotektenesta.
Tabeller:
Kontakt
-
Elisabeth Haraldsrud
E-post: elisabeth.haraldsrud@ssb.no
tlf.: 40 81 15 00
-
Line Gjermshusengen
E-post: line.gjermshusengen@ssb.no
tlf.: 40 81 13 46
-
Hilde Sofie Frydenberg
E-post: hilde.frydenberg@ssb.no
tlf.: 40 81 13 50