9747_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/ffbibl/arkiv
9747
19 millionar bøker og tidsskrifter
statistikk
2002-05-27T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Utdanning;Svalbard
no
ffbibl, Fag- og forskingsbibliotek, fagbibliotek, forskningsbibliotek, universitetsbibliotek, høgskolebibliotek, nasjonalbibliotek, spesialbibliotek, utlån, innlån, samlingar, bøker, tidsskrift, digitale dokumentar, sysselsette, inntekter, utgifterHøyere utdanning, Kultur og fritid, Kultur, Utdanning, Kultur og fritid, Svalbard
false

Fag- og forskingsbibliotek2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

19 millionar bøker og tidsskrifter

Fag- og forskingsbiblioteka hadde ei registrert samling av bøker og tidsskrifter på noko under 19 millionar bind ved utgangen av 2001.

Biblioteka ved universiteta og dei vitskapelege høgskolane hadde godt over halvparten av bestanden, medan høgskolebiblioteka hadde vel 15 prosent. Dei offentlege spesialbiblioteka hadde om lag 17 prosent av bøker og tidsskrifter. Nasjonalbiblioteket hadde i 2001 om lag 11 prosent av den registrerte bestanden av bøker og tidskrifter, medan dei private spesialbiblioteka stod for nærare 4 prosent.

Totalt har storleiken på samlinga auka svakt frå i fjor, men på grunn av endringar i rapporteringssystema kan ikkje statistikken heilt bli samanlikna med statistikk frå tidlegare år.

Fag- og forskingsbibliotek 2001. Samling av bøker og tidsskrifter

Fleire besøk

Vel 5 millionar besøk vart registrerte ved fag- og forskingsbiblioteka i 2001. Talet på besøk auka med vel 4 prosent samanlikna med året før.

Biblioteka ved universiteta og dei vitskapelege høgskolane hadde nærare 54 prosent av besøka, medan høgskolebiblioteka hadde om lag 42 prosent. Dei private spesialbiblioteka hadde berre 0,4 prosent av besøka, medan dei offentlege spesialbiblioteka hadde litt under 2 prosent av besøka. Besøka ved dei offentlege spesialbiblioteka auka med nær 10 prosent samanlikna med fjoråret.

Biblioteka hadde i gjennomsnitt ope 217 dagar i året, og opningstida per veke var gjennomsnittleg 45 timar. 76 prosent av denne tida var det bibliotekfagleg personale i rettleiingstenesta eller ved skranken.

Stabile utlån

Utlåna heldt seg framleis stabile ved fag- og forskingsbiblioteka. Om lag 3,9 millionar utlån vart utførte i 2001. Av dette var knapt 600 000 fjernlån, medan 3,3 millionar var lokale lån. Fjernlån er lån mellom biblioteksystema under ulike administrative einingar.

Nær ein milliard kroner

Dei samla utgiftene for biblioteka var om lag 952 millionar kroner i 2001. Vel 25 prosent gjekk til innkjøp av materiale til samlingane. Biblioteka ved universiteta og dei vitskapelege høgskolane stod for nærare halvparten av beløpet brukt til innkjøp.

Vel 1 900 personar var tilsette ved utgangen av 2001 ved dei 352 bibliotekeiningane som statistikken omfattar. 57 prosent av dei tilsette arbeider i bibliotekfaglege stillingar. I alt utførte dei tilsette i fag- og forskingsbiblioteka vel 1 610 årsverk og dei bibliotekfaglege tilsette utførte 62 prosent av årsverka.

Statistikken for fag- og forskingsbibliotek er utarbeidd av Statistisk sentralbyrå og vert samla inn i samarbeid med Riksbibliotektenesta.

Tabeller: