9743_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/ffbibl/arkiv
9743
Fleire besøk i fag- og forskingsbiblioteka
statistikk
2004-05-25T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Utdanning;Svalbard
no
ffbibl, Fag- og forskingsbibliotek, fagbibliotek, forskningsbibliotek, universitetsbibliotek, høgskolebibliotek, nasjonalbibliotek, spesialbibliotek, utlån, innlån, samlingar, bøker, tidsskrift, digitale dokumentar, sysselsette, inntekter, utgifterHøyere utdanning, Kultur og fritid, Kultur, Utdanning, Kultur og fritid, Svalbard
false

Fag- og forskingsbibliotek2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire besøk i fag- og forskingsbiblioteka

Talet på registrerte besøk i fag- og forskingsbiblioteka held fram å auke. I 2003 vart det registrert meir enn 6 millionar besøk. Dei to siste åra har talet på besøk auka med noko over 20 prosent eller 1 million.

For fyrste gong er prosentdelen av besøka høgst i dei statlege høgskolebiblioteka. Over 50 prosent av alle registrerte besøk er i desse fagbiblioteka. Biblioteka ved universiteta og dei vitskaplege høgskolane hadde om lag 2,9 millionar besøk, og samanlikna med fjoråret er dette ein nedgang på om lag 8 prosent.

Samlingane aukar

Samlinga av bøker og periodika har passert 19 millionar bind, om lag 43 prosent av dei fysiske einingane i fag- og forskingsbiblioteka. Talet utgjer ein svak auke, nær 2 prosent frå året før. Biblioteka ved universiteta og dei vitskapelege høgskolane hadde framleis godt over halvparten av bokbestanden, medan høgskolebiblioteka hadde nærare 16 prosent. Nasjonalbiblioteket hadde i 2003 om lag 12 prosent av den registrerte bestanden av bøker og periodika. Dei offentlege spesialbiblioteka hadde om lag 16 prosent, medan dei private spesialbiblioteka stod for nærare 4 prosent.

Samling av bøker og tidsskrifter i fag- og forskingsbibliotek. 2003

Dei fysiske einingane inneheld i tillegg til bøker og periodika nærare 156 000 manuskript, om lag 1,6 millionar mikroformer, 338 000 musikalier og noko under 4 millionar einingar av grafisk og kartografisk materiale, samt nærare 19 millionar patent.

I tillegg til dei fysiske einingane har òg fag- og forskingsbiblioteka omfattande samlingar av digitale dokument, databasar og løpande periodikatitlar. Dei digitale dokumenta utgjorde om lag 11 millionar dokument ved utgangen av 2003. Dette er ein auke i dei registrerte digitale dokumenta på om lag 30 prosent frå førre året.

I 2003 har 336 bibliotekeiningar rapportert. Talet på einingar er noko lågare enn tidlegare år, og på grunn av endringar i rapporteringssystema kan statistikken ikkje samanliknast direkte frå år til år.

Bruk av biblioteka

Sjølv om dei registrerte besøkstala i fag- og forskingsbiblioteka aukar, held utlåna seg stabile. Noko over 4 millionar utlån vart utførte i 2003. Av dette var 408 000 fjernlån, medan over 3,6 millionar var lokale lån. Dei lokale utlåna auka med nærare 7 prosent. Årsaka til denne auken kjem i hovudsak av at definisjonen for lokale utlån er endra. Frå 2003 er òg lån til enkeltpersonar og institusjonar definerte som lokale utlån. Fjernlån er lån mellom biblioteksystema under ulike administrative einingar.

I tillegg til utlån og innlån vert òg bruken av elektroniske informasjonsressursar ved biblioteka rapportert. I 2003 var det registrert over 17 millionar søk i eigen bibliotekkatalog og andre databasar.

Fag- og forskingsbiblioteka hadde i gjennomsnitt ope 220 dagar i året, og opningstida per veke var gjennomsnittleg 45 timar. Nærare 79 prosent av denne tida var det bibliotekfagleg personale i rettleiingstenesta eller ved skranken. Biblioteka ved universitet og høgskole hadde bibliotekfagleg personale til stades i om lag 90 prosent av opningstida.

1 milliard kroner i samla utgifter

Dei samla utgiftene for biblioteka var om lag 1,1 milliard kroner i 2003. Det var ein auke i dei totale utgiftene på om lag 9 prosent. Nærare 27 prosent gjekk til innkjøp av materiale til samlingane. Biblioteka ved universiteta og dei vitskapelege høgskolane stod for godt over 60 prosent av beløpet brukt til innkjøp.

Ved utgangen av 2003 var om lag 1 620 personar tilsette ved dei 336 bibliotekeiningane som statistikken omfattar. 59 prosent av dei tilsette arbeidde i bibliotekfaglege stillingar. I alt utførte dei tilsette i fag- og forskingsbiblioteka om lag 1 5801årsverk, og dei bibliotekfaglege tilsette utførte 611 prosent av årsverka.

Statistikken for fag- og forskingsbibliotek er utarbeidd av Statistisk sentralbyrå og vert samla inn i samarbeid med ABM-utvikling, Statens senter for arkiv, bibliotek og museum.

1  Tala er retta 04.06.2004.

Tabeller: