Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
47 millionar fysiske einingar
Fag- og forskingsbiblioteka hadde ved siste årsskifte 47 millionar fysiske einingar i samlingane. 40 prosent av dei fysiske einingane er bøker.
Over halvparten av bøkene er å finne på bibliotek knytt til universiteta eller dei vitskapelege høgskolane. Det er totalt like mange patenter i biblioteka, men 9 av 10 panteter er ved dei offentlege spesialbiblioteka, eller meir bestemt hos Patentstyret.
Ved utgangen av 2005 hadde fag- og forskingsbiblioteka 356 millionar digitale dokument i sine samlingar, men nesten alle dokumenta er hos Nasjonalbiblioteket. Dette er ein auke på 344 millionar det siste året. Årsaka til denne store auken er at Nasjonalbiblioteket det siste året har starta med ta vare på flest mogleg nettdokument frå det norske domenet på Internett, som eit ledd i å bevare den digitale kulturarven. Elles har også fag- og forskingsbiblioteka omfattande samlingar av databasar og løpande periodikatitlar.
Dei samla utgiftene for biblioteka var om lag 1,1 milliard kroner i 2005. Ved utgangen av 2005 vart det utførd 1 526 årsverk ved dei 320 bibliotekeiningane som statistikken omfattar. Om lag 2/3 av dei var utført av bibliotekfaglege stillingar.
Tabeller:
Kontakt
-
Elisabeth Haraldsrud
E-post: elisabeth.haraldsrud@ssb.no
tlf.: 40 81 15 00
-
Line Gjermshusengen
E-post: line.gjermshusengen@ssb.no
tlf.: 40 81 13 46
-
Hilde Sofie Frydenberg
E-post: hilde.frydenberg@ssb.no
tlf.: 40 81 13 50