9737_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/ffbibl/arkiv
9737
90 prosent fleire digitale dokument
statistikk
2007-05-30T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Utdanning;Svalbard
no
ffbibl, Fag- og forskingsbibliotek, fagbibliotek, forskningsbibliotek, universitetsbibliotek, høgskolebibliotek, nasjonalbibliotek, spesialbibliotek, utlån, innlån, samlingar, bøker, tidsskrift, digitale dokumentar, sysselsette, inntekter, utgifterHøyere utdanning, Kultur og fritid, Kultur, Utdanning, Kultur og fritid, Svalbard
false

Fag- og forskingsbibliotek2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

90 prosent fleire digitale dokument

Fag- og forskingsbiblioteka forvalta ved utgangen av 2006 over 670 millionar digitale dokument - ein auke på om lag 90 prosent samanlikna med året før. I tillegg forvalta desse biblioteka 48 millionar fysiske einingar og bøkene utgjer over 40 prosent av einingane.

Bøker og periodika. 2006

Digitaliseringa av dokument held fram. Ved siste årsskifte var det over 670 millionar digitale dokument i samlingane til fag- og forskingsbiblioteka. Dette er ein auke på 315 millionar. Nesten alle dei digitale dokumenta er i Nasjonalbiblioteket sine samlingar. Årsaka til denne store auken er at Nasjonalbiblioteket har fortsett arbeidet med å ta vare på flest mogleg nettdokument frå det norske domenet på Internett, som eit ledd i å bevare den digitale kulturarven.

Forutan bøker består dei fysiske einingane av manuskript, mikroformer, kartografisk materiale, musikaliar, patent og anna bibliotekmateriale. Patenta utgjer òg litt under 40 prosent av det fysiske materiale. Grafisk og kartografisk materiale utgjer nær 10 prosent, medan dei ulike andre einingane kvar utgjer ein liten del av samlingane.

Flest lokale utlån

Mesteparten av utlåna ved fag- og forskingsbiblioteka er lokale utlån, heile 89 prosent av dei over 4 millionar utlåna er lokale. Det er ved universitetsbiblioteka og ved høgskolebiblioteka at utlånet er høgast, om lag 87 prosent av totalt utlån er ved desse biblioteka.

Dei samla utgiftene for biblioteka var om lag 1,3 milliardar kroner i 2006. Ikkje alle biblioteka fører kostnader til løn i rekneskapane sine, i nokre tilfelle vert løn dekt av institusjonen. Ved utgangen av 2006 vart det utført 1 547 årsverk ved dei 314 bibliotekeiningane som statistikken omfattar. Fire av fem årsverk var utførte i bibliotekfaglege stillingar.

Statistikken over fag- og forskingsbibliotek 2006 omfattar 314 bibliotekeiningar. 69 av desse einingane er knytt til universiteta og dei vitskapelege høgskolane. Desse biblioteka forvaltar litt over halvparten av alle bøkene, medan biblioteka ved dei andre høgskolane forvaltar nær 15 prosent av bøkene.

Tabeller: