Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
50 prosent fleire digitale dokument i 2008
Fag- og forskingsbiblioteka har ved utgangen av 2008 nær 1,5 milliardar digitale dokument1. Nasjonalbiblioteket forvaltar nesten heile denne samlinga, medan fagbiblioteka ved universitet og høgskolar har over ein million digitale dokument.
Dei digitale dokumenta er hovudsakleg samla hos Nasjonalbiblioteket, og dei har digitalisert nær 500 millionar dokument i løpet av 2008. Auken i digitale dokument ved universitets- og høgskolebiblioteka er mindre med om lag ein halv million dokument, men representerer likevel ein auke for desse biblioteka på nær 68 prosent.
Langt færre patent
Ved utgangen av 2008 forvalta fag- og forskingsbiblioteka nær 33 millionar fysiske einingar.
Bøker og periodika utgjer 62 prosent, litt over 20 millionar. Forutan bøker og periodika består dei fysiske einingane av manuskript, mikroformer, kartografisk materiale, musikaliar, patent og anna bibliotekmateriale. Patenstyret har i 2008 kassert alle patenta sine. Dette gjer at total bestand i fag- og forskingsbiblioteka er sterkt redusert siste året.
Flest lokale lån ved høgskolane
87 prosent av dei 4,2 millionar utlåna var lokale lån, medan om lag 546 000 var fjernlån. Ved universitetsbiblioteka vart det utført 1,8 millionar utlån. Ved høgskolane, både offentlege og private, vart det utført 1,6 millionar utlån. Dette utgjer 38 prosent av totale utlån ved fagbiblioteka. Høgskolebiblioteka har størst del lokale lån, 92 prosent av låna ved desse institusjonane var lokale.
I tillegg til utlån utfører fagbiblioteka også innlån av dokument, nærare 300 000. 38 prosent av innlåna fann stad i universitetsbiblioteka.
Flest bibliotekfaglege årsverk
I 2008 vart det utført nær 1 600 årsverk ved dei snautt 330 bibliotekeiningane som statistikken omfattar. 73 prosent av årsverka var i bibliotekfaglege stillingar. Dei samla utgiftene for fag- og forskingsbiblioteka i 2008 var om lag 1,45 milliardar kroner. Ikkje alle biblioteka fører kostnader til løn i rekneskapane sine, i nokre tilfelle vert løn dekt av eigarinstitusjonen.
Om talgrunnlagetStatistikken over fag- og forskingsbibliotek omfattar 327 bibliotekeiningar i 2008. 63 av desse einingane er knytte til universiteta. Dei vitskapelege høgskolane og kunsthøgskolane utgjer 14 einingar. Det teologiske menighetsfakultetet, Handelshøyskolen BI og Misjonshøgskolen er frå 2008 i kategorien vitskapelege høgskolar. Bibliotek ved helseinstitusjonar er frå 2008 skilde ut som eigen kategori. |
1 Retta 15. Januar 2010 |
Tabeller:
Kontakt
-
Elisabeth Haraldsrud
E-post: elisabeth.haraldsrud@ssb.no
tlf.: 40 81 15 00
-
Line Gjermshusengen
E-post: line.gjermshusengen@ssb.no
tlf.: 40 81 13 46
-
Hilde Sofie Frydenberg
E-post: hilde.frydenberg@ssb.no
tlf.: 40 81 13 50