9753_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/ffbibl/arkiv
9753
Utlånsvekst i fagbiblioteka
statistikk
2010-05-05T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Utdanning;Svalbard
no
ffbibl, Fag- og forskingsbibliotek, fagbibliotek, forskningsbibliotek, universitetsbibliotek, høgskolebibliotek, nasjonalbibliotek, spesialbibliotek, utlån, innlån, samlingar, bøker, tidsskrift, digitale dokumentar, sysselsette, inntekter, utgifterHøyere utdanning, Kultur og fritid, Kultur, Utdanning, Kultur og fritid, Svalbard
false

Fag- og forskingsbibliotek2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Utlånsvekst i fagbiblioteka

Fag- og forskingsbiblioteka utførte nær 4,6 millionar utlån i 2009. Det representerer ein auke i utlåna på drygt 9 prosent. 87 prosent av utlåna var lokale utlån, medan 619 000 var fjernlån. Utførte fjernlån hadde ein auke på litt over 13 prosent.

Nesten halvparten, 2,1 millionar utlån, blei utførte ved universitetsbiblioteka. 1,9 millionar, eller 89 prosent, av desse utlåna var lokale. Nasjonalbiblioteket hadde lågast del lokale utlån, med 27 prosent, medan dei andre fagbiblioteka hadde drygt 90 prosent lokale utlån.

I 2009 blei det utført nær 280 000 innlån av dokument ved fagbiblioteka. 39 prosent av innlåna gjekk føre seg i universitetsbiblioteka.

Bøker og periodika. Prosent

Talet på bøker og tidsskrift aukar

Totalt har det vore ein svak nedgang i talet på dei fysiske einingane ved fagbiblioteka siste året, medan talet på bøker og tidsskrift har hatt ein auke på 0,6 prosent. Forutan bøker og periodika består dei fysiske einingane av manuskript, mikroformer, kartografisk materiale, musikaliar, patent og anna bibliotekmateriale. Avgang av mikroformer utgjer mesteparten av nedgangen. Totalt utgjer dei fysiske einingane i fagbiblioteka nær 33 millionar. Av dette utgjer bøker og tidsskrift over 20 millionar, eller 63 prosent.

Universitetsbiblioteka har nær halvparten av bestanden av bøker og periodika, og har siste året hatt ein auke på nær 2 prosent.

Flest bibliotekfaglege årsverk

I 2009 blei det utført nær 1 600 årsverk ved dei vel 320 bibliotekeiningane som statistikken omfattar. 66 prosent av årsverka var i bibliotekfaglege stillingar, ein litt lågare del enn i 2008. Dei samla utgiftene for fag- og forskingsbiblioteka i 2009 var om lag 1,5 milliardar kroner. 26 prosent av utgiftene gjekk til innkjøp av materiale til samlingane. Ikkje alle biblioteka fører kostnader til løn i rekneskapane sine, i nokre tilfelle blir løn dekt av eigarinstitusjonen.

Om talgrunnlaget

Statistikken over fag- og forskingsbibliotek omfattar 323 bibliotekeiningar i 2009. 64 av desse einingane er knytte til universiteta. Dei vitskapelege høgskolane og kunsthøgskolane utgjer 13 einingar. Det teologiske menighetsfakultetet, Handelshøyskolen BI og Misjonshøgskolen er frå 2008 i kategorien vitskapelege høgskolar. Bibliotek ved helseinstitusjonar er frå 2008 skilde ut som eigen kategori. Frå 1. januar 2009 er Høgskolen i Tromsø, biblioteket, fusjonert med Universitetsbiblioteket i Tromsø.

Tabeller: