Oppdatert
Neste oppdatering
Foreløpig ikkje fastsett
2018 | 2019 | 2020 | |
---|---|---|---|
1Talet på museum vil variera frå år til år. Til dømes kan nokre heilt nye einingar kome med, medan andre einingar av og til ikkje leverer til den årlege statistikken. Dette vil kunne påverka samanlikninga over tid. | |||
Tal på museer1 | 100 | 98 | 102 |
Besøk | |||
Totalt besøk | 10 913 373 | 10 433 301 | 5 134 293 |
Enkeltbesøk | 8 724 310 | 8 211 916 | 4 421 942 |
Gruppebesøk | 2 189 063 | 2 221 385 | 712 351 |
Betalande besøkjande | 5 532 113 | 5 471 291 | 2 391 962 |
Årsverk | |||
Lønte årsverk | 4 056,4 | 4 213,4 | 4 173,7 |
Årsverk faste stillingar | 3 169,0 | 3 308,1 | 3 359,7 |
Prosentandel faste stillingar | 78 | 79 | 80 |
Sjå utvalde tabellar frå denne statistikken
Tabell 1
Museum og samlingar. Årsverk
Årsverk i alt | Lønte årsverk | Årsverk i faste stillingar | |
---|---|---|---|
1Talet på museum vil variera frå år til år. Til dømes kan nokre heilt nye einingar komme med, medan andre eininger av og til ikkje leverer til den årlege statistikken. Dette vil kunne påverka samanlikninga over tid. | |||
2010 | 3 932,5 | 3 726,9 | 2 792,3 |
2011 | 3 977,8 | 3 782,4 | 2 844,0 |
2012 | 3 972,7 | 3 778,1 | 2 868,1 |
2013 | 4 064,8 | 3 862,9 | 2 952,9 |
2014 | 4 052,8 | 3 864,6 | 2 999,2 |
2015 | 4 213,1 | 4 015,1 | 3 085,4 |
2016 | 4 150,7 | 3 954,8 | 3 069,2 |
2017 | 4 169,9 | 3 966,8 | 3 109,6 |
2018 | 4 244,4 | 4 056,4 | 3 169,0 |
2019 | 4 281,7 | 4 213,4 | 3 308,1 |
2020 | 4 243,0 | 4 173,7 | 3 359,7 |
2020 | |||
Østfold (-2019) | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Akershus (-2019) | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Oslo | 1 134,9 | 1 127,5 | 919,9 |
Hedmark (-2019) | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Oppland (-2019) | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Buskerud (-2019) | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Vestfold (-2019) | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Telemark (-2019) | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Aust-Agder (-2019) | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Vest-Agder (-2019) | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Rogaland | 291,4 | 288,4 | 244,0 |
Hordaland (-2019) | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sogn og Fjordane (-2019) | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Møre og Romsdal | 134,3 | 133,3 | 106,8 |
Trøndelag - Trööndelage | 516,5 | 506,7 | 402,1 |
Nordland | 212,9 | 210,9 | 147,4 |
Troms - Romsa (-2019) | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Finnmark - Finnmárku (-2019) | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Svalbard | 5,9 | 4,9 | 2,7 |
Tabell 2
Museum og samlingar. Storleik på samlingane
Kunsthistoriske | Kulturhistoriske | Naturhistoriske | Fotografier | Arkeologiske | |
---|---|---|---|---|---|
1Talet på museum vil variera frå år til år. Til dømes kan nokre heilt nye einingar komme med, medan andre eininger av og til ikkje leverer til den årlege statistikken. Dette vil kunne påverka samanlikninga over tid. | |||||
2010 | 451 895 | 3 588 710 | 9 953 467 | 24 731 105 | 4 404 473 |
2011 | 643 083 | 3 590 089 | 10 138 478 | 29 681 635 | 4 611 748 |
2012 | 692 136 | 3 594 999 | 10 250 112 | 31 773 878 | 4 922 274 |
2013 | 715 755 | 3 605 988 | 10 293 705 | 30 974 720 | 5 176 241 |
2014 | 760 428 | 3 728 075 | 10 437 053 | 31 907 354 | 6 346 950 |
2015 | 766 899 | 3 779 690 | 10 559 207 | 33 885 946 | 6 705 567 |
2016 | 782 887 | 3 633 852 | 9 946 825 | 34 027 068 | 6 991 980 |
2017 | 799 365 | 3 555 104 | 9 912 141 | 34 971 647 | 7 259 804 |
2018 | 800 216 | 3 615 018 | 10 098 701 | 35 209 179 | 7 719 130 |
2019 | 808 348 | 3 696 149 | 10 410 251 | 38 874 117 | 8 087 482 |
2020 | 828 480 | 3 985 821 | 10 646 553 | 39 146 092 | 8 286 362 |
2020 | |||||
Østfold (-2019) | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Akershus (-2019) | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oslo | 621 040 | 1 115 177 | 6 028 759 | 7 640 110 | 2 487 093 |
Hedmark (-2019) | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppland (-2019) | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Buskerud (-2019) | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Vestfold (-2019) | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Telemark (-2019) | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Aust-Agder (-2019) | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Vest-Agder (-2019) | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Rogaland | 15 147 | 279 177 | 36 519 | 1 489 388 | 1 451 594 |
Hordaland (-2019) | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sogn og Fjordane (-2019) | 0 | 0 | 0 | 0 | 1 812 432 |
Møre og Romsdal | 2 431 | 133 323 | 1 656 | 2 074 679 | 668 |
Trøndelag - Trööndelage | 41 775 | 328 792 | 1 615 112 | 5 341 372 | 1 812 432 |
Nordland | 11 056 | 278 291 | 24 267 | 1 417 596 | 330 |
Troms - Romsa (-2019) | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Finnmark - Finnmárku (-2019) | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Svalbard | 158 | 3 815 | 418 | 28 387 | 50 043 |
Tabell 3
Museum og samlingar. Museum og kulturhistoriske bygningar
Museum og samlingar | Kulturhistoriske bygningar | Opne kulturhistoriske bygningar | |
---|---|---|---|
1Talet på museum vil variera frå år til år. Til dømes kan nokre heilt nye einingar komme med, medan andre eininger av og til ikkje leverer til den årlege statistikken. Dette vil kunne påverka samanlikninga over tid. | |||
2013 | 127 | 4 926 | 2 855 |
2014 | 118 | 4 915 | 2 824 |
2015 | 115 | 4 940 | 2 829 |
2016 | 107 | 5 014 | 2 443 |
2017 | 107 | 5 020 | 2 519 |
2018 | 100 | 5 028 | 2 474 |
2019 | 98 | 5 028 | 2 512 |
2020 | 102 | 5 088 | 2 123 |
2020 | |||
Østfold (-2019) | 0 | 0 | 0 |
Akershus (-2019) | 0 | 0 | 0 |
Oslo | 17 | 207 | 88 |
Hedmark (-2019) | 0 | 0 | 0 |
Oppland (-2019) | 0 | 0 | 0 |
Buskerud (-2019) | 0 | 0 | 0 |
Vestfold (-2019) | 0 | 0 | 0 |
Telemark (-2019) | 0 | 0 | 0 |
Aust-Agder (-2019) | 0 | 0 | 0 |
Vest-Agder (-2019) | 0 | 0 | 0 |
Rogaland | 7 | 253 | 93 |
Hordaland (-2019) | 0 | 0 | 0 |
Sogn og Fjordane (-2019) | 0 | 0 | 0 |
Møre og Romsdal | 6 | 303 | 160 |
Trøndelag - Trööndelage | 9 | 461 | 161 |
Nordland | 7 | 426 | 216 |
Troms - Romsa (-2019) | 0 | 0 | 0 |
Finnmark - Finnmárku (-2019) | 0 | 0 | 0 |
Svalbard | 2 | 0 | 1 |
Om statistikken
Museumsstatistikken gjev ei oversikt over status på samlingane og noko av aktiviteten i dei norske musea. Statistikken viser også inntekter og utgifter for musea. Museumsstatistikken baserer seg på data frå Norsk Kulturråd rapportert via Altinn.
Omgrep
-
Besøk i museumsstatistikken: Med besøk meiner ein besøk av ein person som oppsøkjer museet for å sjå på og bruke museets utstillingar og formidlingstenester. Besøk på friluftsmuseum er besøk av personar som oppsøker museets område i opningstida for bruk av museets formidling på området. Besøk av personar som oppheld seg i museets lokale og friluftsområde i forbindelse med arrangement som ikkje aktivt knytast til museets formidling og verksemd, skal ikkje reknast med. For utstillingar i andre lokale enn museets eigne, reknast besøk av personar dersom det primære formål er å aktivt oppsøke utstillinga til museet. Dei som vitjar museets stand på ei messe, skal ikkje reknast med. Personar som berre passera gjenstandar/fotografi i eit offentleg lokale utan å oppsøkje utstillinga skal heller ikkje reknast med. Virtuelle besøk (internettutstillingar og liknande) reknast ikkje med. Deltakarar i pedagogisk verksemd skal være inkludert i besøkstala.
Gjenstandar/objekt : kan vere kunsthistoriske, kulturhistoriske, naturhistoriske, arkeologiske og fotografi.
Utstillingar: kan vere basisutstilling eller temporær utstilling. Basisutstilling er fast utstilling som er ein del av det faste opplegget til museet når det gjeld formidling. Eit museum kan ha fleire basisutstillingar. Eit tun eller friluftsmuseum med fleire bygningar blir rekna som éi basisutstilling. Temporær utstilling er utstilling som er montert og som skal visast ei avgrensa tid. Visingstida kan variere frå nokre få dagar og inntil eit år.
Eigenprodusert vandreutstilling i drift : Utstilling som er laga for å kunne transporterast og visast på fleire stader.
Inntekter totalt : inkluderer offentlege løyvingar, billettinntekter, gåver og andre inntekter.
Utgifter i alt : inkluderer lønn, sosiale utgifter, andre driftsutgifter og investeringar.
Kulturhistoriske bygningar: Med kulturhistoriske bygningar i museumsstatistikken meiner ein bygningar som har kunnskaps- og kjeldeverdi ved at dei vitnar om lokal kunnskap, estetikk, tradisjonar, levemåte, arkitektur og økonomiske forutsetningar.
-
Ikkje relevant
Administrative opplysingar
-
Namn: Museum og samlingar
Emne: Kultur og fritid
-
Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk
-
Statistikken blir samla inn på institusjonsnivå. Publisering skjer på fylkes- og nasjonalt nivå.
-
Statistikken blir publisert ein gong i året. Statistikken blir også publisert årleg i ein større papirpublikasjon,Kulturstatistikk. Norsk kulturråd publiserer også Statistikk for museum ein gong i året.
-
Ikkje relevant
-
All museumsstatistikk i SSB er langtidslagra på forsvarlege og standardiserte måtar i samråd med blant anna Datatilsynet.
Bakgrunn
-
Føremålet med museumsstatistikken er å gje ei oversikt over aktiviteten på området i løpet av året. Statistikken gjev også naudsynt informasjon for stat, fylke, kommune og andre som er involverte i drifta eller finansieringa av musea på ein eller annan måte. Statistikken er blitt publisert årleg sidan 1983, med unntak av åra 1984 og 1990. Statistikken har vore publisert i samarbeid med Statens museumsråd, Norsk Museumsutvikling (NMU) og ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Frå statistikkrapporteringa i 2011, i samarbeid med Norsk kulturråd.
-
Forutan å gje departement, fylke og kommunar naudsynt styringsinformasjon, er også Museumsnett, Norsk kulturråd, Noregs museumsforbund, pressa og allmenta viktige brukarar.
-
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av de viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.
-
Statistikken blir nytta i samband med annan statistikk i SSB, til dømes med "Norsk kulturbarometer", som er ei undersøking om det norske folks kulturvanar.
-
Opplysningane samlast inn av Kulturrådet. Statistisk sentralbyrå nyttar oppgåvene til utarbeiding av offisiell statistikk i høve til lov av 16. juni 1989 nr 54 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå § 2-2.
-
Ikkje relevant
Produksjon
-
Det finst ikkje nokon eintydig definisjon for museum i Noreg. Til og med 2001-statistikken betydde dette at alle samlingar som var opne for publikum, kunne vere inkluderte i populasjonen (sjå elles ICOMs definisjon av eit museum: NOU 1996:7 Museum - mangfald, minne, møtestad, side 35). Nokre museum blir administrerte under ei eining jamvel om dei er einskilde museum. I desse tilfella vil berre den administrative eininga få tilsendt skjema. Frå og med statistikkåret 2002 består statistikken av ein delpopulasjon av dei norske musea. I tillegg til at musea skal vere opne for publikum, har vi avgrensa populasjonen til å gjelde berre dei musea som har minst eitt fast lønna årsverk i statistikkåret. Dette som eit ledd i gjere populasjonen meir stabil.
Det har også gått føre seg ein omfattande konsolideringsprosess i museumssektoren. Denne prosessen førte til at talet på administrative einingar som skulle rapportere, fall år for år i ein periode, men ein reknar likevel med at statistikken dekkjer dei same musea.
Ser ein bort frå konsolideringa, ser ein likevel at populasjonen varierer frå år til år ved at til dømes nokre heilt nye einingar kjem til, samstundes med at andre einingar av og til ikkje leverer til den årlege statistikken. Om dei musea som ikkje leverer er små eller store einingar vil sjølvsagd kunne påverka statistikken frå år til år.
I 2016 ble fem einingar teke ut av museumspopulasjonen fordi verksemda deira ikkje lenger reknast å ligge innanfor det som er museumsdrift, i hovudsak fordi dei ikkje har eigne samlingar
-
Dei enkelte musea er kjelde for sine data. Frå 2017 rapporterer musea elektronisk via Altinn. Norsk kulturråd sender samla datagrunnlag til SSB. Frå 2004 har rapporteringa vore elektronisk til Norsk Kulturråd (tidlegare ABM-utvikling).
Statistikken famnar dei musea som Norsk Kulturråd har registrert og som er opne for publikum, samt har minst eitt fast lønna årsverk i statistikkåret.
-
Norsk kulturråd sender ut varsel om levering av elektroniske skjema med svarfrist mars/april kvart år. Norsk kulturråd er sjølv ansvarleg for purring. Den samla datafila blir send til SSB for vidare arbeid.
Det blir køyrd manuelle og maskinelle kontrollar under utarbeidinga av statistikken. Med editering meiner ein kontroll, gransking og endring av data.
-
Ikkje relevant.
-
Ikkje relevant.
-
Fordi populasjonen ikkje har vore eintydig, og på grunn av varierande svarprosent frå år til år, er det vanskeleg å seie noko om aktiviteten over tid. Frå og med statistikkåret 2002 består statistikken av ein delpopulasjon av dei norske musea. I tillegg til at musea skal vere opne for publikum, har vi avgrensa populasjonen til å gjelde berre dei musea som har minst eitt fast lønna årsverk i statistikkåret. Dette som eit ledd i å gjere populasjonen meir stabil. Samstundes kan vi sjå at populasjonen varierer frå år til år ved at til dømes nokre heilt nye einingar kjem til, og at andre einingar av og til ikkje leverer til den årlege statistikken. Om dei musea som ikkje leverer er små eller store einingar vil sjølvsagd kunne påverka statistikken frå år til år.
I enkelte år kan eit museum vere stengt på grunn av oppussing og liknande. I nokre høve kan dette gi store utslag på tala.
Musea har gjennom åra stadig gjort kvalitetsforbetringar og i nokre høve endra metodikk for teljing av til dømes gjenstandar og objekt. Til dømes er årsaka til over halvparten av endringane i tal på kunsthistoriske gjenstandar frå 2010 til 2011 at frå og med 2011 tel Nasjonalmuseet for kunst alle objekt i samlingane sine som kunsthistoriske gjenstandar. Samt at museet frå og med 2011 bruker tal på registrerte objekt i ein samlingsdatabase, i staden for å bruke overslag av tal på gjenstandar frå 2002 pluss årleg tilvekst. Over halvparten av endringane i tal på fotografi frå 2010 til 2011 kjem av ein ny standardiseringsmåte for teljing av samlingane ved eit museum i Akershus.
Frå 2016 er basisutstillingar og temporære utstillingar slått saman til ny kategori Utstillingar.
Musea forbetrar stadig sine samlingar og rapporteringar. Det har og vore tilfellet i 2018, noko som gjer utslag i tala. Til dømes har eit av musea omdefinert delar av sine samlingar til arkiv og dermed går samlinga ut av statistikk for museum og samlingar. Vidare har eit anna museum fått endra status og er dermed heller ikkje pålagt å levera tal til statistikken, noko dei har velt å ikkje gjere for 2018.
Nøyaktigheit og pålitelegheit
-
Det kan oppstå feil ved utfylling av skjema i dei einskilde musea, og ved arbeidet hos SSB. Dei fleste slike feil blir funne og retta ved maskinelle og manuelle kontrollar. Nokre museum lar vere å svare på enkelte spørsmål i skjemaet.
Faktaside
Kontakt
-
Hilde Sofie Frydenberg
-
Elisabeth Haraldsrud
-
Elin Såheim Bjørkli