163501_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/museer/aar
163501
Auke i besøka til musea
statistikk
2014-05-30T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Svalbard
no
museer, Museum og samlingar, museumsbesøk, utstillingar, gjenstandar, kulturhistoriske bygningar, sysselsette, inntekter, utgifterKultur og fritid, Kultur, Kultur og fritid, Svalbard
false

Museum og samlingar2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i besøka til musea

Dei samla besøkstala til musea i Noreg har auka jamt sidan 2004.

Museum og samlingar. Besøk og årsverk
20042013Endring i prosent
Besøk
Enkeltbesøk5 680 9038 207 15544,5
Gruppebesøk2 871 8962 737 743-4,7
Betalande besøkjande4 564 0145 365 57817,6
 
Årsverk
Lønte årsverk3 423,23 862,912,8
Årsverk i faste stillingar2 367,42 952,924,7
Prosentandel faste stillingar69,276
Figur 1. Museumsbesøk etter region, besøk i museum og år

Frå 2004 til 2013 auka det samla talet på enkeltbesøk og gruppebesøk med 28 prosent. Samla besøk enda på 10,9 millionar i 2013, medan talet i 2004 var 8,6 millionar besøk. Frå førre året er auken i samla besøk på 2,6 prosent. I perioden 2004-2013 er det er det stadig fleire som kjem på enkeltbesøk. Talet på enkeltbesøk auka med 45 prosent. Gruppebesøka blir noko færre over tid, og hadde ein nedgang på 5 prosent i same tidsrommet.

Besøkjande som betalar for seg, auka med 18 prosent i perioden 2004-2013. Talet på betalande besøk var 5,4 millionar i 2013.

Fleire årsverk

I 2013 var det 3 900 personar som blei lønte av musea. Av desse er 3 000 faste årsverk på norske museum. Lønte årsverk auka med 13 prosent, og dei faste årsverka auka med 25 prosent frå 2004 til 2013. Over ein tiårsperiode har delen faste årsverk gått noko opp, frå 70 prosent av lønte årsverk i 2004, til 76 prosent i 2013. Totalt, inkludert ulønte tilsette, var 4 100 årsverk knytte til musea i 2013. Frå 2004 til 2013 auka talet på årsverk totalt, med 9 prosent.

Musea hadde samla driftsinntekter på 4,2 milliardar kroner i 2013. Dei totale driftskostnadene for dette året var på 4,1 milliardar kroner. Musea fekk 2,9 milliardar kroner i offentlege tilskott.

Større samlingar

Musea i Noreg samlar kunsthistoriske, kulturhistoriske, naturhistoriske, fotografiske og arkeologiske gjenstandar. Storleiken på samlingane var på 51 millionar gjenstandar i 2013. Samlinga er om lag 1 prosent mindre enn førre året. Denne forskjellen kan også ha si årsak i registrering eller rapportering. Difor er større tidsseriar betre eigna for å vurdere utviklinga til samlinga. Talet på fotografi er meir enn dobla i høve til i 2004.

Frå 2004 til 2013 auka talet på utstillingar i musea med 18 prosent. Dei besøkjande kunne velja mellom 2 900 ulike utstillingar på musea i 2013.

I alt 127 einingar er grunnlaget for rapporteringa i 2013. Dei har alle heldt ope i året dei rapporterer om, og har hatt minst eit årsverk på museet.