9775_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/museer/arkiv
9775
9 millionar besøk i norske museum
statistikk
2001-07-23T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Svalbard
no
museer, Museum og samlingar, museumsbesøk, utstillingar, gjenstandar, kulturhistoriske bygningar, sysselsette, inntekter, utgifterKultur og fritid, Kultur, Kultur og fritid, Svalbard
false

Museum og samlingar2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

9 millionar besøk i norske museum

Museumsstatistikken 2000 dekkjer 511 norske museum. Desse musea hadde til saman vel 9 millionar besøk. 416 av musea var kulturhistoriske museum og hadde om lag 67 prosent av alle besøk.

Oslo hadde vel 37 prosent av alle besøka, mens berre 9 prosent av alle musea ligg i Oslo. Hordaland har høgast del av musea med 10 prosent og hadde om lag 13 prosent av alle besøka. Musea i Aust-Agder hadde færrast besøk med berre 0,6 prosent av alle besøka. 4,6 millionar besøk vert registrerte som enkeltbesøk og vel 4,6 millionar vert registrerte som betalande.

3 040 utstillingar

Totalt var det 3 036 utstillingar ved musea i 2000. Dei kulturhistoriske musea hadde til saman 2 105 utstillingar, medan dei kunsthistoriske musea hadde 289 utstillingar. 15 prosent av utstillingane var ved musea i Oslo. Etter Oslo hadde Nordland flest utstillingar med 10 prosent.

1 951 av utstillingane var basisutstillingar, om lag 839 var temporære utstillingar og 246 var vandreutstillingar.

24 millionar gjenstandar

Vel 24 millionar gjenstandar vart registrerte ved dei norske musea i 2000. 10,6 millionar gjenstandar var naturhistoriske, 4,6 millionar var kulturhistoriske, medan om lag 520 000 gjenstandar var kunsthistoriske. I tillegg hadde musea vel 8 millionar fotografi.

I 2000 forvalta dei norske musea 5 572 verneverdige bygningar og anlegg. Dei kulturhistoriske musea hadde vel 90 prosent av dei verneverdige bygningane.

1,66 milliardar i inntekter

Musea som er med i undersøkinga hadde 1,66 milliardar kroner i totale inntekter. Offentlege løyvingar utgjorde 65 prosent av musea sine inntekter, medan billettinntektene utgjorde vel 9 prosent. Av musea på fastlandet hadde Troms vel 89 prosent av inntektene frå offentlege løyvingar, medan musea i Sør-Trøndelag hadde det lågaste tilskottet med vel 56 prosent. Musea i Møre og Romsdal hadde høgast del av billettinntekter med vel 20 prosent, medan Østfold berre hadde om lag 2 prosent av inntektene frå billettsal. Totale utgifter for musea var i 2000 på 1,66 milliardar kroner.

Dei fleste er stiftelse

 Museumsstatistikk. Selskapsform. 2000

Den vanlegaste selskapsforma til musea er stiftelse. 35 prosent av musea hadde denne eigarforma. 28 prosent av musea er kommunale verksemder og 16 prosent er drivne av foreiningar. Stiftelsane står for 47 prosent av dei totale inntektene og dei kommunale verksemdene står for nærare 11 prosent av inntektene. Foreiningane fekk vel 78 prosent av inntektene frå offentlege løyvingar, stiftelsane 58 prosent, medan dei kommunale verksemdene hadde nærare 70 prosent i offentlege løyvingar.

Det vart utført 3 214 årsverk ved musea i 2000. Av dette var 2 670 lønna årsverk og 2 095 av desse årsverka var faste stillingar.

Talet på museum som rapporterer til museumsstatistikken endrar seg frå år til år. Av den grunn er det ikkje mogeleg å gje nokre samanlikningar frå tidlegare år.

Tabeller: