9773_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/museer/arkiv
9773
Nokre få museum fekk halvparten av besøka
statistikk
2002-07-08T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Svalbard
no
museer, Museum og samlingar, museumsbesøk, utstillingar, gjenstandar, kulturhistoriske bygningar, sysselsette, inntekter, utgifterKultur og fritid, Kultur, Kultur og fritid, Svalbard
false

Museum og samlingar2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nokre få museum fekk halvparten av besøka

3 prosent av musea stod for nær halvparten av besøka ved norske museum i 2001. Musea i Oslo utgjer 7 prosent av norske museum, men fekk likevel 37 prosent av museumsbesøka. 29 prosent av Noregs museum hadde færre enn 1 000 besøk i løpet av året.

Museumsstatistikken 2001 omfattar 521 norske museum, men 13 av desse har ikkje vore opne for publikum. Dei opne musea hadde til saman vel 8,5 millionar besøk.

Dei minste musea, med under 1 000 besøk, utgjorde om lag 29 prosent av museumseiningane og hadde berre 0,7 prosent av det totale museumsbesøket.

Flest kulturhistoriske museum

417 av musea var kulturhistoriske museum og hadde om lag 60 prosent av alle besøka. Kunst- og kunstindustrimusea hadde noko under 15 prosent av besøka.

Dei opne musea hadde vel 8,5 millionar besøk. 4,4 millionar av desse besøka, litt over halvparten, vart registrerte som enkeltbesøk, medan resten av besøka var personar i grupper.

Flest museum i Hordaland

Musea i Oslo hadde vel 37 prosent av alle besøka, medan berre 7 prosent av musea i statistikken for 2001 ligg i Oslo. Dei siste åra har Hordaland hatt høgast del av musea, for 2001 nær 10 prosent av dei opne museumseiningane, og desse musea hadde om lag 12 prosent av alle besøka. Likeeins hadde musea i Aust-Agder færrast besøk med berre 0,7 prosent av alle besøka, medan noko under 4 prosent av musea ligg i dette fylket.

Samlingar i norske museum. 2001

27 millionar gjenstandar

Storleiken på dei registrerte samlingane ved norske museum veks. Vel 27 millionar gjenstandar vart registrerte ved dei opne musea i 2001. 11,4 millionar gjenstandar var naturhistoriske, 5,5 millionar var kulturhistoriske, medan om lag 520 000 gjenstandar var kunsthistoriske. I tillegg hadde musea nær 10 millionar fotografi.

Dei opne musea forvalta samstundes 5 641 verneverdige bygningar og anlegg i 2001. Dei kulturhistoriske musea hadde vel 90 prosent av dei verneverdige bygningane. Musea i Rogaland forvaltar flest verneverdige bygningar, vel 14 prosent av bygningsmassen.

3 100 utstillingar

Dei opne musea i 2001 hadde 3 068 utstillingar, medan dei lukka musea hadde 15 utstillingar. Dei kulturhistoriske musea hadde 2 290 utstillingar, medan kunst- og kunstindustrimusea hadde 239 utstillingar. Musea i Nordland fylke hadde flest utstillingar med noko over 11 prosent. Musea i Oslo hadde 9,4 prosent av alle utstillingane, tett følgd av Hordaland med 9,3 prosent.

1 982 av utstillingane var basisutstillingar, om lag 870 var temporære utstillingar og 220 var vandreutstillingar.

9 prosent av inntektene frå billettsal

Dei opne musea som er med i undersøkinga hadde 1,83 milliardar kroner i totale inntekter. Offentlege løyvingar utgjorde 65 prosent av inntektene til musea, medan billettinntektene utgjorde vel 9 prosent. Resten av inntektene kjem frå andre eigeninntekter, 21 prosent, og frå gåver, fonds og sponsorar, om lag 5 prosent.

Musea i Aust-Agder hadde 90 prosent av inntektene frå offentlege løyvingar, medan musea i Møre og Romsdal hadde det lågaste tilskottet med vel 56 prosent og høgst del av billettinntekter med vel 20 prosent. Østfold hadde berre litt over 2 prosent av inntektene frå billettsal. Totale utgifter for musea var i 2001 på 1,79 milliardar kroner.

Over 3 000 årsverk

Det vart utført 3 272 årsverk ved desse musea i 2001. Av dette var 3 012 lønna årsverk og 2 144 av desse årsverka var faste stillingar.

Talet på musea og kven av dei som rapporterer til museumstatistikken endrar seg noko frå år til år. Av den grunn er det ikkje mogeleg å gje nokre samanlikningar frå tidlegare år. Vi vil på eit seinare tidspunkt publisere samanliknbare tall for dei største musea.

Tabeller: