Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Seks museumsgjenstandar per nordmann
Dei norske musea forvalta i 2002 nær 27 millionar gjenstandar, eller rundt seks gjenstandar per nordmann. Om lag 42 prosent av gjenstandane var naturhistoriske, medan 37 prosent var fotografi. Berre 2 prosent av gjenstandane var kunsthistoriske.
Nærare 441 prosent av alle gjenstandane tilhøyrer dei kulturhistoriske musea, og 29 prosent tilhøyrer dei blanda kultur- og naturhistoriske musea. 781 prosent eller 2141 av musea i statistikken er kulturhistoriske museum, medan 10 prosent er kunst- og kunstindustrimuseum. 41 prosent av alle museumsgjenstandane høyrer til museum som ligg i Oslo. Hordaland og Sør-Trøndelag har respektive 11 og 9 prosent av alle gjenstandane i deira fylke.
8,3 millionar museumsbesøk
Museumsstatistikken for 2002 omfattar 276 norske museum, men to av desse har ikkje vore opne for publikum. Dei opne musea hadde til saman vel 8,3 millionar besøk. Dei største musea, med over 100 000 besøk kvar, utgjorde om lag 5 prosent av museumseiningane og hadde 45 prosent av det totale museumsbesøket. Dei aller minste musea, 15 museum, hadde færre enn 1 000 besøk kvar i 2002. 2141 av musea var kulturhistoriske museum og hadde om lag 661 prosent av alle besøka. Kunst- og kunstindustrimusea hadde noko over 13 prosent av besøka.
Musea i Oslo hadde flest museumsbesøk i 2002. Vel 40 prosent av alle besøka blei gjort i musea i hovudstaden. Musea i Oslo utgjer om lag 12 prosent av musea som statistikken omfattar. I Hordaland, som har nokre fleire museum enn Oslo, vart det nærare 1 million besøk, eller om lag 11 prosent av alle museumsbesøka. I Sør-Trøndelag vart det registrert 800 000 museumsbesøk. Aust-Agder hadde færrast museumsbesøk. Dei seks musea i fylket hadde ein halv prosent, eller 40 000 av museumsbesøka.
4,1 millionar av museumsbesøka, litt over halvparten, vart registrerte som enkeltbesøk, medan resten av besøka var personar i grupper. 47 prosent av alle museumsbesøka vart registrert som betalande, nærare 3,9 millionar.
Verneverdige bygningar
I tillegg til dei noko under 27 millionar gjenstandane som vart registrerte ved dei opne musea, forvalta musea 3 800 verneverdige bygningar og anlegg i 2002. 3 300 av desse bygningane låg i tilknyting til dei kulturhistoriske musea. Musea i Oppland forvalta flest verneverdige bygningar, vel 12 prosent av bygningsmassen. Musea i Vestfold hadde færrast verneverdige bygningar, med åtte bygningar.
2 380 utstillingar
Dei opne musea i statistikken hadde 2 380 utstillingar i 2002. Dei kulturhistoriske musea hadde 1 6801 utstillingar, medan kunst- og kunstindustrimusea hadde 283 utstillingar. Musea i Oslo hadde flest utstillingar med noko over 13 prosent. Musea i Hordaland hadde noko under 11 prosent av alle utstillingane, tett følgd av Nordland fylke med 10 prosent.
1 380 av utstillingane var basisutstillingar, om lag 750 var temporære utstillingar og 240 var vandreutstillingar. Medan Oslo hadde flest utstillingar totalt, hadde Hordaland litt fleire basisutstillingar enn både Nordland og Oslo, respektive 165, 161 og 156.
1,4 milliardar kroner i offentlege løyvingar
Musea som er med i undersøkinga hadde nærare 2 milliardar kroner i totale inntekter. Offentlege løyvingar utgjorde nærare 68 prosent av inntektene til musea, medan billettinntektene utgjorde vel 8 prosent. Resten av inntektene kjem frå andre eigeninntekter (19 prosent) og frå gåver, fonds og sponsorar (om lag 5 prosent).
Musea i Østfold hadde 89 prosent av inntektene frå offentlege løyvingar, medan musea i Nordland hadde det lågaste tilskottet med 52 prosent og høgst del av billettinntektene med om lag 18 prosent. Østfold hadde berre 1,5 prosent av inntektene frå billettsal. Totale utgifter for musea var i 2002 på 1,9 milliardar kroner.
Over 3 000 årsverk
Det vart utført 3 125 årsverk ved desse 274 musea i 2002. Av dette var 2 978 lønte årsverk og 2 200 av desse årsverka var faste stillingar.
For første gong presenterer SSB ”Ny museumsstatistikk”. Einingane i statistikken dannar ein delpopulasjon av musea i Noreg og vil bli stabil i åra som kjem, slik at det blir mogeleg å samanlikne utviklinga over tid.
1 | Talet er endra 9. juli 2003. |
Tabeller:
Kontakt
-
Hilde Sofie Frydenberg
E-post: hilde.frydenberg@ssb.no
tlf.: 40 81 13 50
-
Elisabeth Haraldsrud
E-post: elisabeth.haraldsrud@ssb.no
tlf.: 40 81 15 00
-
Elin Såheim Bjørkli
E-post: elin.saheim.bjorkli@ssb.no
tlf.: 40 81 13 53