Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
8,5 millionar museumsbesøk
Dei norske musea hadde over 8,5 millionar besøk i 2003. Dette er ein auke på nær 3 prosent frå besøkstala i 2002. Litt over 40 prosent av alle besøka er registrerte i Oslo-musea, medan Hordaland og Sør-Trøndelag til saman hadde om lag 21 prosent av besøka.
Musea i Buskerud hadde størst prosentvis auke i besøkstala frå i fjor med litt over 21 prosent og nærare 45 000 besøkjande. Men desse musea stod for berre om lag 3 prosent av det totale besøket. Godt over halvparten av fylka har registrert ein auke i museumsbesøka. Dei tre nordlegaste fylka har registrert ein nedgang på 4 prosent. Nordland, Troms og Finnmark står for litt over 7 prosent av totalt besøk. Musea i Oslo hadde òg om lag 42 000 fleire besøk i 2003, ein auke på litt over 1 prosent frå året før.
Museumsstatistikken for 2003 omfattar 2661 museum. Dette er nokre færre einingar enn førre året, noko som vitnar om den konsolideringsprosessen som går føre seg i museumssektoren. Tre av musea i statistikken har ikkje vore opne for publikum i 2003 og er difor ikkje med i tala for 2003.
27 millionar gjenstandar
Samlingane i norske museum utgjorde i fjor nærare 27 millionar registrerte gjenstandar eller objekt. Talet er om lag det same som førre året. Om lag 11 millionar objekt er naturhistoriske, medan 10 millionar er fotografi. Berre 2 prosent av gjenstandane var kunsthistoriske. Om lag 42 prosent av gjenstandane tilhøyrer dei kulturhistoriske musea. Dei naturhistoriske og dei blanda kultur- og naturhistoriske musea har kvar om lag 27 prosent av gjenstandane. Nærare 4 prosent av gjenstandane er registrerte ved kunst- og kunstindustrimusea. 41 prosent av alle museumsgjenstandane høyrer til museum som ligg i Oslo. Hordaland og Sør-Trøndelag har respektive 10 og 8 prosent av alle gjenstandane i sine fylke.
Verneverdige bygningar
I tillegg til dei noko under 27 millionar gjenstandane som vart registrerte ved dei opne musea, forvalta musea 3 600 verneverdige bygningar og anlegg i 2003. 3 080 av desse bygningane låg i tilknyting til dei kulturhistoriske musea. Musea i Oppland forvalta flest verneverdige bygningar, nærare 13 prosent av bygningsmassen. Musea i Vestfold hadde færrast verneverdige bygningar, med 33 bygningar.
2 420 utstillingar
Det er registrert litt fleire utstillingar i musea i fjor enn året før. Dei opne musea hadde 2 400 utstillingar i 2003, ein auke på noko over 1 prosent. Medan talet på basisutstillingar har gått noko ned, har talet på temporære utstillingar og vandreutstillingar auka, med om lag 5 prosent kvar. 1 380 av utstillingane var basisutstillingar, om lag 790 var temporære utstillingar og 250 var vandreutstillingar. Musea i Telemark hadde størst auke i talet på utstillingar, 31 prosent fleire utstillingar, medan musea i Troms hadde ein nedgang på nærare 35 prosent.
1,4 milliardar kroner i offentlege løyvingar
Offentlege løyvingar er den viktigaste inntektskjelda til musea. Musea som er med i undersøkinga hadde vel 2,1 milliardar kroner i totale inntekter, dei offentlege løyvingane utgjorde nærare 67 prosent eller 1,4 milliardar kroner. Delen til dei offentlege løyvingane er om lag 1 prosentpoeng lågare enn i 2002. Inntekta frå billettsal held seg stabil med om lag 8 prosent. 22 prosent kjem frå andre eigeninntekter, noko som representerer ein auke på 3 prosentpoeng frå året før. Inntekter i form av gåver, fonds og sponsorar og liknande, utgjer om lag 4 prosent, 1 prosentpoeng lågare enn førre året.
Musea i Aust-Agder hadde 90 prosent av inntektene frå offentlege løyvingar, medan musea i Nordland hadde det lågaste tilskottet med 52 prosent. Møre og Romsdal var fylket med høgst del av billettinntektene med om lag 14 prosent. Totale utgifter for musea i 2003 var på noko under 2,1 milliardar kroner.
Fleire årsverk i museumssektoren
I dei 2631 musea som museumsstatistikken omfattar vart det utført 3 210 årsverk, ein auke på om lag 3 prosent frå året før. Av dette var om lag 3 000 lønte årsverk og 2 200 av desse årsverka var i faste stillingar.
"Ny museumsstatistikk" blei for fyrste gong publisert i 2002. Einingane i statistikken dannar ein delpopulasjon av musea i Noreg etter visse kriterium (sjå også "om statistikken").
1 | Rettet 12.07.2004. |
Tabeller:
- Tabell 1 Museum og samlingar. Besøk og utstillingar. 2003 (Rettet 12.07.2004)
- Tabell 2 Museum og samlingar. Storleik på samlingane. 2003 (Rettet 20.08.2004)
- Tabell 3 Museum og samlingar. økonomi, tilsette og årsverk. 2003 (Rettet 12.07.2004)
- Tabell 4 Museum og samlingar. Besøk og utstillingar, etter talet på besøk. 2003 (Rettet 12.07.2004)
Kontakt
-
Hilde Sofie Frydenberg
E-post: hilde.frydenberg@ssb.no
tlf.: 40 81 13 50
-
Elisabeth Haraldsrud
E-post: elisabeth.haraldsrud@ssb.no
tlf.: 40 81 15 00
-
Elin Såheim Bjørkli
E-post: elin.saheim.bjorkli@ssb.no
tlf.: 40 81 13 53