9767_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/museer/arkiv
9767
32 millionar gjenstandar ved musea
statistikk
2005-07-29T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Svalbard
no
museer, Museum og samlingar, museumsbesøk, utstillingar, gjenstandar, kulturhistoriske bygningar, sysselsette, inntekter, utgifterKultur og fritid, Kultur, Kultur og fritid, Svalbard
false

Museum og samlingar2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

32 millionar gjenstandar ved musea

Dei norske musea hadde registrert 32 097 587 gjenstandar i samlingane sine i 2004. Dette var 5 millionar fleire enn i 2003. Det vart registrert flest fotografi og naturhistoriske gjenstandar, med høvesvis 14,9 og 11,6 millionar gjenstandar. Flest gjenstandar var å finne ved musea i Oslo, Sør-Trøndelag og Hedmark.

Musea forvalta òg 4 286 verneverdige bygningar og anlegg. Dei fleste av desse låg i tilknyting til dei kulturhistoriske musea. Musea i Oppland hadde 575 av dei verneverdige bygningane.

I 2004 vart det registrert 8,6 millionar besøkande på musea, ein auke på 30 000 i forhold til 2003. Likevel var det 445 000 fleire betalande besøkande i 2004 enn året før. Flest besøk var det på musea i Oslo med 3,5 millionar( 1 ).

Totale driftsinntekter for dei musea som er med i statistikken var 2,32 milliardar kroner. Av dette var 1,53 milliardar offentlege løyvingar. Totale driftskostnader var 2,2 milliardar kroner.

Museumsstatistikken for 2004 omfatta 234 museum. Dette var færre einingar enn førre året, noko som vitnar om den konsolideringsprosessen som går føre seg i museumssektoren. Det var flest einingar i Oslo og Hordaland. I dei musea som statistikken omfattar vart det utført 3 870 årsverk, og 3 450 av desse var lønte årsverk. Av dei lønte årsverka var 2 370 faste stillingar.

(1)Talet for besøk ved musea er endra på grunn av feilrapportering frå noen av musea i Oslo. Dette har ført til en mindre økning i besøkstallene sett i forhold til 2003 enn tidligere oppgitt. Rettet 03.08. 2005.

Tabeller: