Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Musea hadde 9 millionar besøk
I 2005 var det 9 millionar besøkjande i norske museum for å sjå 34 millionar museumsgjenstandar. Både talet på besøk og talet på museumsgjenstandar auka.
9 millionar besøk i 2005 var 508 000 fleire enn i 2004. 6,3 millionar av desse besøka vart registrerte som enkeltbesøk. Totalt var det også fleire betalande besøkjande i 2005. 4,7 millionar betalte for eit museumsbesøk, 168 000 fleire enn i 2004.
Dei norske musea forvalta litt over 34 millionar registrerte gjenstandar i samlingane sine i 2005. Dette var 2 millionar fleire enn i 2004. Det vart registrert flest fotografi og naturhistoriske gjenstandar, med høvesvis 16 og 11,6 millionar gjenstandar. Også i 2005 var flest gjenstandar å finne ved musea i Oslo, Sør-Trøndelag og Hedmark.
Musea forvaltar òg 4 765 kulturhistoriske bygningar. Dei fleste av desse ligg i tilknyting til dei kulturhistoriske musea, over 80 prosent av alle bygningane. 605 av dei kulturhistoriske bygningane ligg i Hedmark, mens musea i Hordaland har 453 kulturhistoriske bygningar.
Museumsstatistikken for 2005 omfattar 188 museum. Dette er færre einingar enn førre året, noko som vitnar om den konsolideringsprosessen som framleis går føre seg i museumssektoren. På grunn av konsolideringsprosessen er det òg skjedd ei endring i museumstype for enkelte museum. Av desse 188 musea som er med i statistikkgrunnlaget, er det flest einingar i Oslo og Hordaland. Totale driftsinntekter for dei musea som er med i statistikken var 2,6 milliardar kroner. Av dette var 1,7 milliardar offentlege løyvingar. Totale driftskostnader var 2,5 milliardar kroner.
I dei musea som statistikken omfattar vart det utført i alt 3 560 årsverk, og 3 384 av desse var lønte årsverk. Av dei lønte årsverka var 2 420 faste stillingar.
Tabeller:
Kontakt
-
Hilde Sofie Frydenberg
E-post: hilde.frydenberg@ssb.no
tlf.: 40 81 13 50
-
Elisabeth Haraldsrud
E-post: elisabeth.haraldsrud@ssb.no
tlf.: 40 81 15 00
-
Elin Såheim Bjørkli
E-post: elin.saheim.bjorkli@ssb.no
tlf.: 40 81 13 53