9763_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/museer/arkiv
9763
Fleire kulturhistoriske bygningar
statistikk
2007-06-28T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Svalbard
no
museer, Museum og samlingar, museumsbesøk, utstillingar, gjenstandar, kulturhistoriske bygningar, sysselsette, inntekter, utgifterKultur og fritid, Kultur, Kultur og fritid, Svalbard
false

Museum og samlingar2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire kulturhistoriske bygningar

I 2006 forvalta dei norske musea 4 894 kulturhistoriske bygningar, ein auke på 129 sidan førre året. Musea i Hedmark hadde flest opne kulturhistoriske bygningar med 377 av totalt 721.

I 2006 forvalta dei norske musea 4 894 kulturhistoriske bygningar, ein auke på 129 sidan førre året. Av dei 4 894 bygningane var om lag 60 prosent opne for publikum.

87 prosent av dei 4 894 kulturhistoriske bygningane finn ein ved dei kulturhistoriske musea. Musea i Hedmark forvalta flest kulturhistoriske bygningar med 721, og 377 av dei var opne, noko som tilsvarer den høgaste prosenten på landsbasis, om lag 52 prosent. Musea i Oppland og Hordaland forvalta høvesvis totalt 592 og 477 kulturhistoriske bygningar.

Samlingane i norske museum. 2002-2006

Liten auke i besøk

I 2006 vart det registrert noko over 9,3 millionar besøkjande på musea, det vil seie litt over to museumsbesøk per innbyggjar. Auken i museumsbesøk siste året var på godt over 250 000, eller 3 prosent. Nær 40 prosent av alle besøka var i Oslo, medan musea i Hordaland hadde 10 prosent av besøka, og musea i Sør-Trøndelag hadde nær 9 prosent. Østfold hadde den største prosentvise auken i besøkstala med om lag 25 prosent. Musea i Hordaland hadde størst vekst i talet på besøkjande med noko over 100 000 besøk. Talet på betalande besøkjande gjekk ned med nær 270 000. Årsaka til nedgangen kan vere at fleire museum hadde gratis tilgjenge i 2006.

Fleire fotografi

Samlingane i musea består av gjenstandar og fotografi, over 35 millionar objekt. Totalt auka talet på objekt med om lag 800 000. Det er flest fotografi i samlingane, om lag 17 millionar. Dette talet representerer ein vekst på litt over ein million fotografi frå 2005.Talet på registrerte naturhistoriske gjenstandar gjekk noko ned. Nær 60 prosent av samlingane er knytte til dei kulturhistoriske musea.

Oppgang for vandreutstillingane

Ulike typar utstillingar utgjer òg ein stor del av aktivitetane ved musea. Musea rapporterte om totalt 2 737 utstillingar i 2006. Siste året var det ein auke på 79 utstillingar samanlikna med året før. Basisutstillingane utgjer meir enn halvparten av alle utstillingane. Sjølv om vandreutstillingane utgjer mindre enn ti prosent av alle utstillingane i 2006, var det delen vandreutstillingar som hadde størst auke frå 2005 med nær eitt prosentpoeng.

To tredjedelar frå offentlege løyvingar

Museumsstatistikken for 2006 omfattar 175 museum. Dette er færre einingar enn åra før, noko som syner at konsolideringsprosessen i museumssektoren framleis ikkje er avslutta. Totalt hadde desse museumseiningane om lag 2,8 milliardar kroner i driftsinntekter, der 1,9 milliardar kroner var offentlege løyvingar. Totale driftskostnader utgjorde 2,7 milliardar kroner. I musea som statistikken omfattar vart det utført i alt 3 579 årsverk, og 3 397 av desse var lønte årsverk. Av dei lønte årsverka var 2 517 faste stillingar.

Tabeller: