9761_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/museer/arkiv
9761
Rekordmange museumsbesøk
statistikk
2008-06-23T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Svalbard
no
museer, Museum og samlingar, museumsbesøk, utstillingar, gjenstandar, kulturhistoriske bygningar, sysselsette, inntekter, utgifterKultur og fritid, Kultur, Kultur og fritid, Svalbard
false

Museum og samlingar2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rekordmange museumsbesøk

For fyrste gong er det i 2007 registrert over ti millionar besøk i dei norske musea. Dette er ein auke på over 800 000 eller nærare 9 prosent sidan året før.

Museum og samlingar. Fylke, etter prosentvise endringar i talet på besøk. 2007 i forhold til 2006

I 2007 vart det registrert nær 10,2 millionar besøkjande på musea i Noreg. Det vil seie 2,2 museumsbesøk per innbyggjar. Nær 40 prosent av alle museumsbesøka var på musea i Oslo, med nær fire millionar besøk. Musea i Hordaland hadde nær 11 prosent av alle museumsbesøka, medan musea i Sør-Trøndelag stod for 9 prosent.

Den totale auken i museumsbesøka frå 2006 var på om lag 863 000, nær 279 000 fleire besøk berre i Oslo. Musea i både Hordaland og Sør-Trøndelag hadde ein auke på over 100 000 museumsbesøk. Musea i Telemark hadde størst prosentvis auke i talet på museumsbesøk med nær 29 prosent. Tre fylker hadde ein svak nedgang i besøkstala. Godt over halvparten av museumsbesøka i 2007 er registrert som betalande besøkjande.

Ny inndeling av samlingane i musea

Samlingane i musea består av gjenstandar eller objekt. I 2007 er det registrert over 38 millionar ulike objekt i dei norske musea. Dette er ein auke på 3,3 millionar objekt frå 2006. Frå statistikkåret 2007 er klassifiseringa av objekt endra. Ein kan derfor ikkje utan vidare samanlikne kategoriane med tidlegare år. Det er registrert 453 000 kunsthistoriske gjenstandar, 3,5 millionar kulturhistoriske gjenstandar eller objekt, 12 millionar naturhistoriske objekt og nær 18 millionar fotografi. I den nye kategorien, arkeologiske gjenstandar eller objekt, er det registrert nær 4,7 millionar gjenstandar. Ein reknar at desse objekta tidligare stort sett var registrete som kulturhistoriske objekt. Nær ein fjerdedel av objekta er elektronisk registrerte. Inndelinga i museumstype er endra til fem kategoriar, mot fire før (sjå ”Om statistikken”). Den nye kategorien er blanda kunst- og kulturhistorisk museum.

Samlingar i norske museum. 2007

Fleire utstillingar

I 2007 var det totalt 2 860 utstillingar i dei norske musea, ein auke på 121 utstillingar frå året før. Talet på basisutstillingar auka mest med 88 utstillingar, mens dei eigenproduserte vandreutstillingane i drift har halde seg stabile. Dei kulturhistoriske musea har godt over halvparten av utstillingane.

Økonomi

Museumsstatistikken for 2007 omfattar 173 museum. Dette talet syner at konsolideringsprosessen i museumssektoren har flata ut. Totalt hadde desse museumseiningane om lag 3 milliardar kroner i driftsinntekter, der 2 milliardar kroner var offentlege løyvingar. Totale driftskostnader utgjorde 2,9 milliardar kroner. I musea som statistikken omfattar, vart det utført i alt 3 770 årsverk, og 3 570 av desse var lønte årsverk. Av dei lønte årsverka var 2 660 faste stillingar.

Tabeller: