9759_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/museer/arkiv
9759
Stabilt museumsbesøk
statistikk
2009-06-25T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Svalbard
no
museer, Museum og samlingar, museumsbesøk, utstillingar, gjenstandar, kulturhistoriske bygningar, sysselsette, inntekter, utgifterKultur og fritid, Kultur, Kultur og fritid, Svalbard
false

Museum og samlingar2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabilt museumsbesøk

Dei norske musea hadde over 10 millionar besøk i 2008. Museumsbesøka låg dermed på det same høge nivået som i 2007.

Dei 23 musea i Oslo hadde til saman nær 4 millionar besøk, om lag 50 000 fleire enn i 2007. Oslo-musea står for to femtedelar av alle museumsbesøka i Noreg. Hordaland hadde 12 museum med litt over 1 million besøkjande, ein nedgang på om lag 55 000. I Østfold og i Sogn og Fjordane hadde musea over 20 prosent auke i besøkstala, men musea i desse fylka står for berre 1,6 og 1,7 prosent av alle museumsbesøka i Noreg. Fleire fylke har registrert nedgang i museumsbesøka i 2008, samanlikna med 2007.

Samlingar i norske museum. 2007-2008

Museum og samlingar. Fylke, etter prosentvise endringar i talet på besøk. 2008 i høve til 2007

5 millionar fleire fotografi

Samlingane i musea består av gjenstandar eller objekt. I 2008 er det registrert over 43 millionar ulike objekt i dei norske musea. Dette er ein auke på over 5 millionar objekt frå 2007. Fotografia åleine står for heile denne auken. Talet på arkeologiske gjenstandar har gått ned med nær ein halv million, til 4,2 millionar frå 2007 til 2008. Men årsaka til denne nedgangen kan vere at nokre museum har endra registreringsmetode. Musea i Noreg forvaltar nær 4 800 kulturhistoriske bygningar - to tredjedelar av desse var opne for publikum.

Fleire temporære utstillingar

I 2008 var det totalt over 2 880 utstillingar i dei norske musea, ein liten auke frå året før. Talet på temporære utstillingar har auka med 46, medan basisutstillingane har hatt ein reduksjon på 36. Totalt er det litt fleire eigenproduserte vandreutstillingar i drift. Dei kulturhistoriske musea står bak godt over halvparten av utstillingane.

To tredjedelar av inntektene er offentlege tilskot

Totalt hadde museumseiningane om lag 3,22 milliardar kroner i driftsinntekter, der 2,22 milliardar kroner var offentlege løyvingar. Totale driftskostnader utgjorde 3,16 milliardar kroner. I musea som statistikken omfattar, vart det utført over 3 840 årsverk, og om lag 3 640 av desse var lønte årsverk. Kvinner stod for 53 prosent av dei lønte årsverka. Drygt 200 årsverk var utført av frivillige.

Om statistikkgrunnlaget

Museumsstatistikken for 2008 omfattar 166 museum. Framleis går det føre seg ein konsolideringsprosess i museumssektoren, men prosessen har no flata ut. Sjå òg Om statistikken .

Tabeller: