Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire utstillingar
Dei norske musea tilbyr stadig fleire utstillingar for publikum. I 2009 var det totalt nær 3 000 utstillingar som var drivne av musea. Dette er ein auke på 83 frå året før. Dei siste fem åra har talet på utstillingar stige med over 300.
Utstillingane utgjer ein viktig del av aktivitetane i musea. Basisutstillingane utgjer over halvparten av utstillingane i musea, mens dei temporære utstillingane utgjer 38 prosent. Det har vore ein auke i talet på alle typar utstillingar. Eigenproduserte vandreutstillingar i drift har hatt størst prosentvis auke, med 19 prosent, men desse vandreutstillingane utgjer berre 10 prosent av alle museumsutstillingane. Dei siste fem åra har temporære utstillingar hatt ein stigning på 11 prosent, eller 111 utstillingar, det siste året har auken vore på nær 2 prosent.
Høgast utstillingstal i Nordland
Det er musea i Oslo og Nordland som har flest ustillingar med respektive 346 og 338. I Oslo-musea er det registrert 15 utstillingar per museum, mens det i Nordland er registrert 34 utstillingar per museum.
43 millionar objekt
Samlingane i musea består av gjenstandar eller objekt. I 2009 er det registrert 43 millionar ulike objekt i dei norske musea, om lag det same som i 2008. 54 prosent av kulturarven i musea er dokumentert gjennom fotografi, mens 27 prosent er naturhistoriske gjenstandar. Vel 8 prosent er kulturhistoriske gjenstandar.
Etter fleire år med stor auke i talet på fotografi i samlingane til musea er det registrerte talet 23 millionar fotografi i 2009. Dette er ein liten nedgang frå 2008. Denne nedgangen kjem i hovudsak fordi eit museum hadde overestimert talet på fotografi ved registreringa i 2008. Dei naturhistoriske gjenstandane utgjer 27 prosent og tel 11,5 millionar gjenstandar. Dette er også ein nedgang i registrerte gjenstandar frå 2008. Årsaka til dette fallet kan vere at nokre museum har endra registreringsmetode. Talet på dei kunsthistoriske og kulturhistoriske gjenstandane i musea har stige med respektive 2 500 og 54 000 og utgjer i 2009 respektive 453 000 og 3,5 millionar gjenstandar. Musea i Noreg forvaltar nær 4 900 kulturhistoriske bygningar - to tredjedelar av desse var opne for publikum.
Musea framleis like populære
Dei norske musea hadde over 10 millionar besøk i 2009. Museumsbesøka låg dermed på det same høge nivået som dei to føregåande åra, sjølv om tala syner litt færre besøk. Eit stort museum i Oslo var stengt i heile 2009. Dersom ein korrigerer for dette museet, inneber dei totale besøkstala ein auke frå 2008 på 2,2 prosent. Dei 23 musea i Oslo hadde til saman over 3,8 millionar besøk, om lag 123 000 færre enn i 2008.
44 prosent besøksauke i Aust-Agder
Oslo-musea stod for to femtedelar av alle museumsbesøka i Noreg. Hordaland hadde 12 museum med litt over 1 million besøkjande, det vil seie ein auke på om lag 41 000. Musea i Aust-Agder og Troms hadde respektive 44 og 33 prosent auke i museumsbesøka, men musea i desse fylka stod for berre 1 og 2,2 prosent av alle museumsbesøka i Noreg i 2009. Om lag halvparten av fylka har hatt nedgang i museumsbesøka siste året, men samstundes har nokre fylke snudd nedgangen i besøkstala i 2008 til ein auke i 2009.
Tre fjerdedelar av inntektene var offentlege tilskot
Totalt hadde museumseiningane om lag 3,53 milliardar kroner i driftsinntekter i fjor, der 2,52 milliardar kroner var offentlege løyvingar. Totale driftskostnader utgjorde 3,4 milliardar kroner. I musea som statistikken omfattar, vart det i 2009 utført over 3 840 årsverk, og om lag 3 640 av desse var lønte årsverk. Kvinner stod for 53 prosent av dei lønte årsverka. Drygt 200 årsverk var utførte av frivillige.
Om statistikkgrunnlagetMuseumsstatistikken for 2009 omfattar 148 museum som har levert statistikk, og som har vore opne for publikum i statistikkåret. I 2008 omfatta statistikken 166 museum. 22 av desse musea er blitt konsoliderte i 2009, og har delvis gått inn i nye, konsoliderte einingar eller eksisterande einingar. Sjå også Om statistikken . |
Tabeller:
Kontakt
-
Hilde Sofie Frydenberg
E-post: hilde.frydenberg@ssb.no
tlf.: 40 81 13 50
-
Elisabeth Haraldsrud
E-post: elisabeth.haraldsrud@ssb.no
tlf.: 40 81 15 00
-
Elin Såheim Bjørkli
E-post: elin.saheim.bjorkli@ssb.no
tlf.: 40 81 13 53