Rapporter 2008/01
Resultatkontroll jordbruk 2007
Jordbruk og miljø
- Publikasjonen er en del av serien
- Jordbruk og miljø
Rapporten omhandlar status og utvikling for gjennomføring av ulike miljøtiltak innan jordbruket, med hovudvekt på tiltak mot avrenning og tap av næringsstoff frå jordbruksareal. I tillegg tek rapporten for seg mellom anna bruk av plantevernmiddel, tilførsel av næringsstoff til kystfarvatna, utslepp av klimagassar og ammoniakk, innsamling av avfall, økologisk jordbruk, omdisponering av areal og endringar i kulturlandskapet. Det geografiske dekningsområdet er heile landet, men enkelte kapittel har spesiell fokus på sårbare område for fosfor (områda som drenerer til Nordsjøen) og nitrogen (områda som drenerer til Indre Oslofjord og strekninga Hvaler - Singlefjorden).
Jordbruksareal i drift
I følgje SSB sin totalpopulasjon for jordbruksbedrifter 2006 var det 10,34 millionar dekar jordbruksareal i drift i Noreg, der 5,01 millionar dekar, eller 48,4 prosent, låg innafor området som drenerer til Nordsjøen. På landsbasis er auken i jordbruksareal i drift på 9,3 prosent i perioden 1985-2002. Frå 2002 har det skjedd ein reduksjon i jordbruksarealet kvart år. Totalt er det i perioden 2002-2006 registrert ein reduksjon i jordbruksareal i drift på 127 000 dekar.
Korn og oljevekstar til modning utgjorde i 2006 om lag 3,25 millionar dekar, eller 31,4 prosent av totalt jordbruksareal i drift. Tal frå Regionale miljøprogram (RMP) viser at haustpløgd areal utgjorde 50,0 prosent av kornarealet hausten 2006. Våren 2007 var det 1,39 millionar dekar, eller 42,8 prosent av det totale kornarealet som låg i stubb over vinteren (areal med all jordarbeiding om våren). I sårbare område for fosfor auka stubbarealet frå 39,1 prosent våren 2000 til 43,4 prosent våren 2005, medan prosenten var 42,8 i 2007.
For 2006/07 blei det utbetalt 167,0 millionar kroner i tilskot til tiltak mot avrenning til vassdrag, t.d. endra jordarbeiding, fangvekstar og grasdekte vassvegar. Det blei betalt ut tilskot til 1,86 millionar dekar jordbruksareal. I 2006/07 blei det utbetalt 8,3 millionar til i alt 92 700 dekar med fangvekstar. Frå 2004/05 til 2005/06 blei arealet med fangvekstar halvert.
Gjødsel
Omsett mengde nitrogen i handelsgjødsel nådde ein topp i 1996/97 med i alt 112 900 tonn. Omsetnaden i 2000/01 var 100 600 tonn, det lågaste talet for nitrogen som er registrert i perioden 1980-2004. I perioden etter 2000/01 har omsetnaden auka igjen, til 106 900 tonn i 2004/05. I 2005/06 blei det omsett 104 088 tonn nitrogen i handelsgjødsel.
Rundt 1980 blei det omsett meir enn 28 000 tonn fosfor i handelsgjødsel per år. I åra framover minka omsetnaden år for år, og nådde sitt lågaste nivå i 2000/01 med i alt 12 400 tonn. Fram til 2003/04 auka omsetnaden igjen, til vel 12 800 tonn. I 2005/06 blei det omsett 12 400 tonn, det vil seie same nivå som i åra etter årtusenskiftet.
Menge nitrogen og fosfor i husdyrgjødsel har endra seg lite sia 1990-tallet. Berekningar for 2005/06 viser at det blei spreidd 34 700 tonn effektivt nitrogen og 12 100 tonn fosfor frå husdyrgjødsel.
Bruk av plantevernmiddel
Forbruket av plantevernmiddel varierer frå år til år. Målt etter vekt blei omsetnaden av både ugrasmiddel, soppmiddel, skadedyrmiddel og andre middel sterkt redusert på 1970-talet. Sia har det vore ein svakare, men forholdsvis jamn reduksjon i omsetnaden dersom ein ser på gjennomsnittet for 5-årsperiodar. Statistisk sentralbyrå gjennomførte undersøkingar om faktisk bruk av plantevernmiddel i jordbruket i 2001, 2003 og 2005. Av dei undersøkte vekstane i 2005 var det epletre som blei behandla oftast med eit snitt på 8,2 behandlingar med plantevernmiddel gjennom vekstsesongen. Areal av jordbær blei behandla 6,6 gonger, medan areal av potet blei behandla 4,3 gonger. Areal av kepalauk, gulrot og hovudkål blei behandla høvesvis 5,7, 5,2 og 2,6 gonger. For korn- og oljevekstar og eng og beite var talet på behandlingar langt mindre. I gjennomsnitt blei desse areala behandla mellom ein og tre gonger.
Tilførsel av næringsstoff til kystfarvatna
Modellberekningar viser at for 2005 har dei menneskeskapte tilførslane til dei sårbare havområda mellom svenskegrensa og Lindesnes blitt reduserte med 64 prosent for fosfor og 42 prosent for nitrogen samanlikna med 1985. Målsetjinga om 50 prosent reduksjon av fosfor- og nitrogentilførslane i Nordsjøavtalane er såleis nådd for fosfor men ikkje for nitrogen. Tilførsla av fosfor har gått ned frå 1 465 tonn i 1985 til 532 tonn i 2005, mens nitrogen blei reduserte frå 32 231 tonn til 18 567 tonn i same tidsrom. Jordbruket stod for 46 prosent av dei totale menneskeskapte tilførslane av fosfor og 57 prosent tilførsla av nitrogen til det sårbare Nordsjøområdet i 2005. Sidan 1985 har tilførslane frå jordbruket til desse områda blitt reduserte med 38 prosent for fosfor og 28 prosent for nitrogen.
Utslepp til luft frå jordbruket
Jordbruket står for nær halvparten av dei totale utsleppa av lystgass (N2O) i Noreg. Lystgass er ein kraftig klimagass, 310 gonger sterkare enn karbondioksid (CO2). Utslepp frå husdyr- og handelsgjødsel står for meir enn halvparten av lystgassutsleppa frå jordbruket. Husdyrproduksjon står for nesten alle utsleppa av metan (CH4) i jordbruket og er også den viktigaste kjelda for totalutsleppa. Husdyra slepp ut metan direkte som tarmgass og indirekte gjennom gjødsla dei produserer, og stod i 2005 for 49 prosent av dei totale metanutsleppa i Noreg. Metan er ein 21 gonger sterkare klimagass enn karbondioksid (CO2). Berre 1 prosent av dei norske CO2-utsleppa kom frå jordbruket (forbrenning av fossile energivarer). Når det gjeld ammoniakk, som er ein forsurande gass, kan nær 90 prosent av utsleppa knytast til ulike jordbruksaktivitetar.
Avfall og gjenvinning
Emballasjeretur AS har estimert at det blei nytta om lag 9 100 tonn landbruksplast i Noreg i 2006. Når det gjeld utviklinga av innsamla landbruksplast har mengda auka frå i underkant av 2 500 tonn i 1995 til 8 200 tonn i 2006. Det meste av den innsamla plasten frå jordbruket gjekk til materialgjenvinning, mens lite blei nytta til energiformål. Landbruksplast kan leverast gratis til ulike mottaksordningar fordelt utover i omkring 224 kommunar i landet. Om lag 60 prosent av jordbruksbedriftene kan levere plast gratis til mottak i eigen kommune.
Det blei til saman levert om lag 420 tonn farleg avfall frå jordbruket i 2006. Mengd farleg avfall kan variere ein del mellom årgangane grunna tidvise store leveransar frå enkeltbedrifter innan jordbrukssektoren. Det reelle talet for farleg avfall i alt frå jordbruket er sannsynlegvis ein del høgare, då det oppgitte talet berre representerar det som blir rapportert frå landbrukssektoren til det sentrale registeret over farleg avfall. I tillegg blir ein del farleg avfall frå jordbruket levert til godkjende mottak for hushaldsavfall, og er difor ikkje med i statistikken her, samstundes som ein må rekna med at ein del avfall blir levert og behandla utanfor det godkjende systemet. Spillolje med sine 54 prosent av totalen utgjorde den klart største farleg avfallsfraksjonen frå jordbruket.
Økologisk jordbruk
Talet på bruk med økologisk drift har auka gradvis i heile perioden 1986-2006. I alt har 2 500 jordbruksbedrifter lagt om til økologisk drift per 31. juli 2006. Økologisk drive areal og karensareal utgjer i dag 4,3 prosent av totalt jordbruksareal i Noreg, men variasjonane er store frå fylke til fylke. Sør-Trøndelag (7,7 prosent), Buskerud (7,6 prosent) og Telemark (7,3 prosent) har relativt sett mest økologisk areal/karensareal, medan Rogaland har minst med 0,7 prosent. 16 kommunar har 15 prosent eller meir økologisk drive areal.
Omdisponering av areal
I perioden 1980 - 2002 auka den årlege tillate omdisponeringa av dyrka jord frå om lag 7 000 dekar til nær 16 000 dekar, ein auke på heile 126 prosent. I perioden frå 2002 til 2006 er derimot omdisponert areal av dyrka jord nærare halvert, til om lag 8 000 dekar dyrka jord tillate omdisponert i 2006. For dyrkbar jord var dei årlege tala for tillate omdisponert areal om lag 6 000 dekar i 1980, 10 000 dekar i 2005 og 6 000 i 2006. Av totalt tillate omdisponert areal av dyrka og dyrkbar jord, har dyrkbar jord auka sin del frå 18 prosent i 2000 til 38 prosent i 2006.
Kulturlandskap
Frå 1985 til 2000 blei talet på husdyr som går på utmarksbeite redusert med 17,3 prosent, frå 2,80 til 2,32 millionar dyr. I perioden etter 2000 har talet på beitedyr variert frå år til år. I 2006 var det 2,28 millionar dyr som gjekk på utmarksbeite, ein reduksjon på 100 000 dyr frå 2005. Reduksjonen var størst for storfe, med ein nedgang på 7 prosent frå 2005.
Arronderinga av jordbruksarealet endra seg merkbart frå 1999 til 2002. I 1999 var gjennomsnittet for eigedomsteigane 47 dekar og for jordstykka 23 dekar. I 2002 blei det registrert eit snitt på 50 dekar per teig og 24 dekar per jordstykke.
Talet på bruk med setrar er monaleg redusert. I 1939 var det 26 400 bruk med setrar, medan talet i 2006 var 1 900.
I 2004 blei det innført ei ny tilskotsordning SMIL (tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket) som erstatta fleire tidlegare miljøordningar. I 2006 blei det gitt tilsegn til om lag 3 800 søknader, med eit tilskot på i alt 118,4 millionar kroner.
Prosjektstøtte: Statens landbruksforvaltning
Om publikasjonen
- Tittel
-
Jordbruk og miljø. Resultatkontroll jordbruk 2007
- Ansvarlige
-
Geir Inge Gundersen, Anne Snellingen Bye, Trond Sandmo, Gisle Berge
- Serie og -nummer
-
Rapporter 2008/01
- Utgiver
-
Statistisk sentralbyrå
- Emner
-
Jordbruk, Forurensning og klima
- ISBN (elektronisk)
-
978-82-537-7304-9
- ISBN (trykt)
-
9788253773032
- ISSN
-
1892-7513
- Antall sider
-
117
- Målform
-
Nynorsk
- Om Rapporter
-
I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste