Rapporter 2004/22
Resultatkontroll jordbruk 2004
Jordbruk og miljø
- Publikasjonen er en del av serien
- Jordbruk og miljø
Rapporten omhandlar status og utvikling for gjennomføring av ulike miljøtiltak innan jordbruket, med hovudvekt på tiltak mot avrenning og tap av næringsstoff frå jordbruksareal. I tillegg tek rapporten for seg mellom anna bruk av plantevernmiddel, tilførsel av næringsstoff til kystfarvatna, utslepp av klimagassar og ammoniakk, innsamling av avfall, økologisk jordbruk, omdisponering av areal og endringar i kulturlandskapet. Det geografiske dekningsområdet er heile landet, men enkelte kapittel har spesiell fokus på sårbare område for fosfor (områda som drenerer til Nordsjøen) og nitrogen (områda som drenerer til Indre Oslofjord og strekninga Hvaler - Singlefjorden).
Jordbruksareal i drift
I følgje søknader om produksjonstilskot var det i 2003 10,22 millionar dekar jordbruksareal i drift i Noreg, der 4,94 millionar dekar, eller 48,3 prosent, låg innafor området som drenerer til Nordsjøen. På landsbasis er auken i jordbruksareal i drift på 15,2 prosent i perioden 1985-2002. Tal for 2003 viser ein reduksjon på nær 1 prosent i høve til året før. Areal med innmarksbeite har auka med 105,2 prosent i perioden 1985-2003, areal med fulldyrka eng med 18,2 prosent, medan areal med poteter, grønfôr og silovekstar er redusert med 41,1 prosent.
Korn og oljevekstar til modning utgjorde i 2003 om lag 3,29 millionar dekar, eller 32,2 prosent av totalt jordbruksareal i drift. I følgje Utvalsteljing for landbruket blei delen med haustpløgd kornareal redusert frå 81,6 prosent hausten 1989 til 57,4 prosent hausten 1997. Tal frå tilskot til endra jordarbeiding viser at hausten 2003 utgjorde haustpløgd areal 50,1 prosent av kornarealet. Våren 2004 var det 1,46 millionar dekar eller 44,4 prosent av det totale kornarealet som låg i stubb over vinteren (areal med all jordarbeiding om våren). I sårbare område for fosfor auka stubbarealet frå 39,1 prosent våren 2000 til 42,9 prosent våren 2004.
For 2003/2004 blei det utbetalt 147,1 millionar kroner i tilskot til endra jordarbeiding, fangvekstar og grasdekte vassvegar. Det blei betalt ut tilskot til 1,64 millionar dekar jordbruksareal. Tilskot til fangvekstar auka frå 4,7 millionar i 1999 til 37,7 millionar i 2001. Satsen for tilskot til fangvekstar auka monaleg frå 1998 til 1999, men det gav resultat først i 2000. I 2002 blei alle arealsatsane redusert, med størst reduksjon for fangvekstar. I alt blei det utbetalt 24,3 millionar til dyrking av fangvekstar i 2003/2004.
Gjødsel
I 1998/99 blei det omsett 106 000 tonn nitrogen i handelsgjødsel, ein reduksjon på 6,1 prosent frå året før. Omsetnaden i 2000/01 var på 100 600 tonn, det lågaste talet for nitrogen som er registrert i perioden 1980-2000. I 2002/03 auka omsetnaden av nitrogen igjen til 104 200 tonn.
Frå 1999/00 til 2000/01 blei omsetnaden av fosfor redusert med 6,9 prosent til 12 400 tonn, den lågaste omsetnaden som er registrert i perioden 1950-2000. Dei to siste åra har omsetnaden auka igjen, til vel 12 600 tonn i 2002/03. Frå 1. januar 2000 blei miljøavgiftene på handelsgjødsel fjerna, og prisen på gjødsel blei redusert med om lag 16 prosent. Mengd husdyrgjødsel har endra seg lite dei siste 15 åra, men ein kan sjå ein svak auke.
Bruk av plantevernmiddel
Forbruket av plantevernmiddel varierer frå år til år. Målt etter vekt blei omsetnaden av både ugrasmiddel, soppmiddel, skadedyrmiddel og andre middel sterkt redusert på 1970-talet. Sia har det vore ein svakare, men forholdsvis jamn reduksjon i omsetnaden dersom ein ser på gjennomsnittet for 5-årsperiodar. 2001 er det første året ein har landsdekkande statistikk over faktisk bruk av plantevernmiddel i norsk jordbruk. Av dei undersøkte vekstane var det epletre som blei behandla oftast med eit snitt på 8,5 behandlingar med plantevernmiddel gjennom vekstsesongen. Areal av jordbær blei behandla 6,6 gonger, medan areal av potet, kepalauk og gulrot blei behandla mellom 5 og 6 gonger. For korn- og oljevekstar og eng og beite var talet på behandlingar langt mindre. I gjennomsnitt blei desse areala behandla mellom ein og to gonger.
Tilførsel av næringsstoff til kystfarvatna
Modellberekningar viser at dei menneskeskapte tilførslane av fosfor og nitrogen til dei sårbare havområda mellom svenskegrensa og Lindesnes har blitt reduserte sidan 1985, som er basisåret for målsetjinga om 50 prosent reduksjon av fosfor- og nitrogentilførslane i Nordsjøavtalane. Tilførslane av fosfor blei redusert frå 1 465 tonn i 1985 til 527 tonn i 2002, ein nedgang på 64 prosent. Tilførslane av nitrogen blei reduserte frå 32 231 tonn til 18 936 tonn i same tidsrom, ein nedgang på 41 prosent. Jordbruket stod for 47 prosent av dei totale tilførslane av fosfor og 56 prosent av dei totale tilførslane av nitrogen til dei sårbare havområda i 2002. Sidan 1985 har tilførslane frå jordbruket til desse områda blitt reduserte med 38 prosent for fosfor og 28 prosent for nitrogen.
Utslepp til luft frå jordbruket
Jordbruket står for halvparten av dei totale utsleppa av lystgass (N2O) i Noreg. Lystgass er ein kraftig klimagass. Utslepp i frå husdyr, husdyr- og handelsgjødsel står for rundt 40 prosent av desse utsleppa frå jordbruket. Husdyrproduksjon står for nesten alle utsleppa av metan (CH4) i jordbruket og er, etter avfallsdeponi, også den nest viktigaste kjelda for totalutsleppa. Husdyra slepp ut metan direkte som tarmgass og indirekte gjennom gjødsla dei produserer, og stod i 2002 for rundt 30 prosent av dei totale metanutsleppa i Noreg. Metan er rekna for å være ein 21 gonger sterkare klimagass enn karbondioksid (CO2). Når det gjeld ammoniakk, som er ein forsurande gass, kan meir enn 90 prosent av utsleppa knytast til ulike jordbruksaktivitetar.
Avfall og gjenvinning
Plastretur AS har estimert at det blei nytta om lag 8 800 tonn landbruksplast i Noreg i 2003. Når det gjeld innsamla landbruksplast har mengda auka frå i underkant av 2 500 tonn i 1995 til 6 000 tonn i 2000, for deretter å reduserast til rundt 5 100 tonn i 2001. Reduksjonen frå 2000 til 2001 skuldast i hovudsak lageroppbygging og manglande pressekapasitet hos mottakarane. Derifrå og fram til i dag syner derimot tala igjen å auke, og ligg på 6 600 tonn innsamla landbruksplast i 2003. For det same året gjekk 6 800 tonn landbruksplast til materialgjenvinning, medan 200 tonn blei nytta til energiføremål. Forskjellen mellom mengd innsamla plast og mengd som gjenvinnast skuldast lagerendringar hos Plastretur. Landbruksplast kan leverast gratis til 215 mottak i 223 kommunar. Om lag 63 prosent av jordbruksbedriftene kan levere plast gratis til mottak i eigen kommune.
Det blei til saman levert om lag 362 tonn farleg avfall frå jordbruket i 2003, ein auke på meir enn 100 tonn sidan 2002. Det reelle talet er sannsynlegvis ein del høgare, då det oppgitte talet berre representerar det som blir rapportert frå landbrukssektoren til det sentrale registeret over farleg avfall. I tillegg blir ein del farleg avfall frå jordbruket levert til godkjende mottak for hushaldsavfall, samtidig som ein må rekna med at ein del avfall blir levert og behandla utanfor det godkjende systemet.
Økologisk jordbruk
Nær 2 500 jordbruksbedrifter i Noreg har lagt om til økologisk drift per 31. juli 2003. Økologisk drive areal og karensareal utgjer i dag om lag 3,7 prosent av totalt jordbruksareal i Noreg, men variasjonane er store frå fylke til fylke. Sør-Trøndelag og Telemark har relativt sett mest økologisk areal/karensareal med 6,6 og 6,5 prosent, medan Rogaland har minst med 0,7 prosent.
Omdisponering av areal
Dei siste 20 åra har den årlege rapporterte avgangen av dyrka jord auka frå om lag 7 000 dekar (1980) til nær 15 000 dekar i 2001, ein auke på 114 prosent. Det omdisponerte arealet utgjorde i 2002 0,13 prosent av totalt jordbruksareal i drift. I 2002 hadde Rogaland størst avgang av dyrka jord med om lag 2 200 dekar og dernest Hedmark med 2 000 dekar.
Kulturlandskap
Frå 1985-1999 blei talet på husdyr som går på utmarksbeite redusert med 17,3 prosent. I perioden 2000-2003 er det registrert ei svak auke i talet på husdyr på utmarksbeite, og i hovudsak er det sau og lam som har stått for aukinga. Vel 2,36 millionar dyr gjekk på utmarksbeite i 2003.
Talet på bruk med setrar er monaleg redusert. I 1939 var det 26 400 bruk med setrar, medan talet i 2003 var knappe 2 300.
I 2003 blei det gitt tilsegn på 105,4 millionar kroner til "spesielle tiltak i landbrukets kulturlandskap" (STILK). Interessa rundt STILK-midlane har auka monaleg sidan ordninga starta tidleg på 1990-talet. I 1992 blei det gitt tilsegn på 846 søknader, mot 3 154 søknader i 2000. I 2003 blei det gitt tilsegn til 2 534 søknader, derav gjaldt 785 søknader temaet gamal kulturmark.
Prosjektstøtte: Statens landbruksforvaltning
Om publikasjonen
- Tittel
-
Jordbruk og miljø. Resultatkontroll jordbruk 2004
- Ansvarlig
-
Anne Snellingen Bye
- Serie og -nummer
-
Rapporter 2004/22
- Utgiver
-
Statistisk sentralbyrå
- Emner
-
Jordbruk, Forurensning og klima
- ISBN (elektronisk)
-
82-537-6678-5
- ISBN (trykt)
-
82-537-6677-7
- ISSN
-
0806-2056
- Antall sider
-
100
- Målform
-
Bokmål
- Om Rapporter
-
I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste