Rapporter 2011/43
Tilstand og utvikling 2011
Jordbruk og miljø
- Publikasjonen er en del av serien
- Jordbruk og miljø
Rapporten Jordbruk og miljø omhandlar status og utvikling for gjennomføring av ulike miljøtiltak innanfor jordbruket, og omfattar data frå ulike datakjelder om åtferd i jordbruket og miljøtilstand i jord og vatn.
På oppdrag frå Statens landbrukforvaltning skal Statistisk sentralbyrå:
• Lage ei årleg papirutgåve av rapporten ”Jordbruk og miljø”
• Publisere rapporten ”Jordbruk og miljø” og statistikk på regionalt og kommunalt nivå på ssb.no: http://www.ssb.no/emner/10/04/
• Vedlikehalde ein database som beredskap for modellberekningar av miljøeffektar
Rapporten Jordbruk og miljø omhandlar status og utvikling for gjennomføring av ulike miljøtiltak innanfor jordbruket, og omfattar data frå ulike datakjelder om åtferd i jordbruket og miljøtilstand i jord og vatn. Rapporten tek for seg ulike tema, mellom anna strukturen i jordbruket, arealforvaltning, økologisk jordbruk, gjødsel, plantevern, tilførsle av næringsstoff til vassdrag og hav og utslepp til luft frå jordbruket. Det geografiske dekningsområdet er heile landet.
Jordbruksareal og jordbruksbedrifter
Frå 1999 til 2010 er jordbruksarealet i drift redusert med 3,1 prosent til 10,06 millionar dekar. Fulldyrka jordbruksareal er redusert med 6,5 prosent til 8,30 millionar dekar medan areal med innmarksbeite har auka med 27 prosent til 1,55 millionar dekar. Frå 1999 til 2010 er talet på jordbruksbedrifter redusert med 34 prosent. Totalt var det 46 600 aktive jordbruksbedrifter i 2010.
Omdisponering av dyrka jord
I perioden 1980-2002 blei den årlege godkjente omdisponeringa av dyrka jord dobla, frå om lag 7 000 dekar til 14 000 dekar. Frå 2002 til 2010 er omdisponert areal av dyrka jord blitt halvert, til 6 700 dekar i 2010.
Økologisk jordbruk
Areal med økologisk drift aukar kvart år. Det økologiske jordbruksarealet var på 472 000 dekar i 2010. Dette utgjer om lag 5 prosent av det totale jordbruksarealet i drift. Talet på økologiske jordbruksbedrifter var 2 800 i 2010, det vil seie 6 prosent av alle jordbruksbedrifter.
Gjødsel
Sum næringsstoff i handelsgjødsel var i 2009/2010 om lag på nivå med midten av 1960-talet medan omsetnaden av nitrogen i handelsgjødsel var på nivå med midten av 1970-talet. Omsetnaden av fosfor i handelsgjødsel har sidan rundt 1990 vore lågare enn omsetnaden på 1950-talet.
Plantevern
Risikoindikatorane som Mattilsynet har utvikla, viser at helserisikoen gjekk ned med 18 prosentpoeng og miljørisikoen 7 prosentpoeng frå 2005 til 2008. Berekningane baserer seg på tal frå utvalsteljingane om bruken av plantevernmiddel, sist i 2008.
Tilførsle av næringsstoff til vassdrag og hav
Ifølgje Vassdirektivet er hovudmålet at alle vassførekomstar skal ha ”god tilstand” både med omsyn til forureining og biologisk mangfald. Ei risikovurdering syner at 49 prosent av vassførekomstane har god økologisk tilstand eller er venta å ha det innan 2021. Jordbruket har i perioden 1985 til 2009 redusert tilførsla av fosfor til havområda frå svenskegrensa til Lindesnes med 33 prosent. For nitrogen har jordbruket i den same perioden og til same havområde redusert tilførsla med 11 prosent.
Utslepp til luft frå jordbruket
Tal for 2010 viser at jordbruket står for 68 prosent av totale utslepp av lystgass (N2O) i Noreg. Utslepp av ammoniakk (NH3) frå jordbruk har dei seinaste 15 åra utgjort om lag 90 prosent av dei totale utsleppa i Noreg.
Om publikasjonen
- Tittel
-
Jordbruk og miljø. Tilstand og utvikling 2011
- Ansvarlige
-
Anne Snellingen Bye, Per Amund Aarstad, Anne Ingun Løvberget, Camilla Skjerpen, Britta Hoem
- Serie og -nummer
-
Rapporter 2011/43
- Utgiver
-
Statistisk sentralbyrå
- Emner
-
Jordbruk, Forurensning og klima
- ISBN (elektronisk)
-
978-82-537-8252-2
- ISBN (trykt)
-
978-82-537-8251-5
- ISSN
-
1892-7513
- Antall sider
-
128
- Målform
-
Bokmål
- Om Rapporter
-
I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste