Rapporter 2014/10

Tilstand og utvikling 2013

Jordbruk og miljø

Statistikken i denne rapporten gjer greie for status og utvikling for miljømåla i jordbruksnæringa. Les mellom anna om økologisk jordbruk, gjødsling, plantevern og tilførsel av næringsstoff til vassdrag og hav.

Denne rapporten inneheld statistikk som skal kaste lys over status og utvikling for miljømåla i jordbruksnæringa. Rapporten er inndelt etter 11 ulike tema og har dessutan eit kapittel med oversyn over miljøindikatorane for jordbruk utarbeidde av EU.

Jordbruksareal og jordbruksbedrifter

Frå 1999 til 2012 er jordbruksarealet i drift redusert med 4,4 prosent til 9,93 millionar dekar. Fulldyrka jordbruksareal er redusert med 8 prosent til 8,16 millionar dekar, medan areal med innmarksbeite har auka med 29 prosent til 1,56 millionar dekar. Frå 1999 til 2012 er talet på jordbruksbedrifter redusert med 37 prosent. Totalt var det 44 800 aktive jordbruksbedrifter i 2012.

Omdisponering av dyrka jord

Frå 2002 til 2012 er årleg omdisponert areal av dyrka jord blitt meir enn halvert, frå 14 200 til 6 600 dekar.

Økologisk jordbruk

Det økologisk godkjente jordbruksarealet i drift omfatta 502 000 dekar i 2012 og utgjorde 5,1 prosent av alt jordbruksareal i drift. Talet på økologiske jordbruksbedrifter var 2 600 og utgjorde 6 prosent av alle jordbruksbedrifter.

Gjødsel

Sum verdistoff (NPK) i handelsgjødsel var i 2011/2012 om lag på same nivå som på slutten av 1960-talet, medan omsetnaden av nitrogen i handelsgjødsel var på nivå med slutten av 1970-talet. Omsetnaden av fosfor i handelsgjødsel har sidan rundt 1990 vore lågare enn omsetnaden på 1950-talet.

Plantevern

Risikoindikatorane som Mattilsynet har utvikla, viser at miljørisikoen ved bruk av kjemiske plantevernmiddel gjekk ned med 7 prosentpoeng, medan helserisikoen auka med 3 prosentpoeng frå 2008 til 2011. Berekningane baserer seg på tal frå utval¬s¬teljingane for 2008 og 2011 om bruken av plantevernmiddel på friland i jordbruket.

Tilførsel av næringsstoff til vassdrag og hav

Rammedirektivet i EU for vatn har som mål at alle ferskvassførekomstar i Noreg skal ha ein god økologisk tilstand innan 2021. Ei oppsummering gjort av Miljødirektoratet i 2013 syner at 57 prosent av dei klassifiserte vassførekomstane i Noreg er i god eller særs god tilstand.

Utslepp til luft frå jordbruket

I 2012 sto jordbruket for 73 prosent av totale utslepp av lystgass (N2O) i Noreg. Utslepp av ammoniakk (NH3) frå jordbruk har dei seinaste åra utgjort like over 90 prosent av dei totale utsleppa i landet.

Rapporten har blitt utgitt årleg sidan 1993 og byggjer på ei rekkje datakjelder i og utanfor Statistisk sentralbyrå. Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå, og delvis finansiert av, Statens landbruksforvaltning.

Om publikasjonen

Tittel

Jordbruk og miljø. Tilstand og utvikling 2013

Ansvarlige

Anne Snellingen Bye, Per Amund Aarstad, Anne Ingun Løvberget, Henning Høie

Serie og -nummer

Rapporter 2014/10

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Emner

Jordbruk, Forurensning og klima

ISBN (elektronisk)

978-82-537-8900-2

ISBN (trykt)

978-82-537-8899-9

ISSN

1892-7513

Antall sider

134

Målform

Bokmål

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.