Rapporter 2017/04

Tilstand og utvikling

Jordbruk og miljø 2016

Dei årlege rapportane om jordbruk og miljø har som mål å kaste lys over status og utvikling i høve til miljømåla for jordbruksnæringa. Årets rapport syner mellom anna at talet på jordbruksbedrifter vart redusert med 41 prosent i perioden 1999 til 2015. Totalt var det 42 000 aktive jordbruksbedrifter i 2015.

I den same perioden er jordbruksarealet i drift redusert med 5 prosent til 9,86 millionar dekar. Fulldyrka jordbruksareal er redusert med 9 prosent til 8,10 millionar dekar, medan areal med innmarksbeite har auka med 28 prosent til 1,56 millionar dekar.

Omdisponering av jord og tap av kulturlandskap

Ikkje berre blir det færre jordbrukarar, det blir også mindre jord å bruke. I 2015 blei det omdisponert 12 600 dekar jord til andre føremål enn landbruk, fordelt på 6 300 dekar dyrka jord og 6 300 dyrkbar jord.

Det kjem også fram at stadig fleire av dei 149 000 landbrukseigedomane i Noreg med bustadbygning er utan fast busetjing. I 2015 var denne delen komme opp i om lag 20 prosent. Det var 915 setrar i drift i 2015. Frå 2000 til 2015 er talet på jordbruksbedrifter med seterdrift meir enn halvert. I 2015 var det i underkant av 1 200 jordbruksbedrifter med seter, eller med del i seter.

Utslepp og vern i norsk landbruk

Rapporten tar også for seg korleis jordbruket påverkar norske miljømål innanfor næringa. I rapporten kjem det mellom anna fram at:

  • I 2015 stod jordbruket for 72 prosent av totale utslepp av lystgass (N2O) i Noreg. Utslepp av ammoniakk (NH3) frå jordbruk har dei seinaste åra utgjort over 90 prosent av dei totale utsleppa i landet.
  • Av dei definerte vassførekomstane i Noreg, er 71 prosent i god eller særs god tilstand, medan 29 prosent har moderat eller dårlegare tilstand.
  • Sum verdistoff i handelsgjødsel var i 2014/2015 om lag på same nivå som på slutten av 1960-talet.
  • Omsetnaden av nitrogen i handelsgjødsel var på same nivå som på slutten av 1970-talet.
  • Omsetnaden av fosfor i handelsgjødsel har sidan rundt 1990 vore lågare enn omsetnaden på 1950-talet.
  • I 2011 var bruken bruk av plantevernmiddel om lag den same som ved den første undersøkinga i 2001, medan miljø- og helserisiko var redusert med høvesvis 15 og 18 prosentpoeng.
  • Plantevernbruken auka i 2014 med 3 prosentpoeng, medan helse- og miljørisikoen minka høvesvis med 1 og 15 prosentpoeng samanlikna med 2001.

Rapporten er delfinansiert av Landbruksdirektoratet.

Om publikasjonen

Tittel

Jordbruk og miljø 2016. Tilstand og utvikling

Ansvarlig

Anne Snellingen Bye, Per Amund Aarstad, Anne Ingun Løvberget og Henning Høie

Serie og -nummer

Rapporter 2017/04

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Oppdragsgiver

Landbruks- og matdepartementet

Emner

Jordbruk, Forurensning og klima

ISBN (elektronisk)

978-82-537-9512-6

ISBN (trykt)

978-82-537-9513-3

ISSN

0806-2056

Antall sider

160

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt