Meir avfall frå hushalda
Publisert:
Mengda avfall frå hushalda var på nesten 2,3 millionar tonn i 2019. Sidan 2018 har mengda auka svakt med om lag 1,5 prosent. Kvar og ein av oss kvitta oss med 427 kg avfall, 6 kg meir enn året før. Reint utsortert avfall som mat- og hageavfall sto for auken i mengda.
- Tala er henta frå
- Avfall frå hushalda
- Artikkelen er del av serien
- Avfall frå hushalda (arkiv)
Det meste av avfallet, drygt 40 prosent, var restavfall, ifølgje statistikken Avfall frå hushalda. Andre store fraksjonar var matavfall, treavfall og papir- og pappavfall, visar figur 1.
Figur 1. Hushaldsavfall. Type avfall
2018 | 2019 | |
Restavfall | 926385.7 | 901263.1 |
Treavfall | 274952.7 | 290925.4 |
Papir og papp | 238906 | 232063.2 |
Matavfall | 200557.7 | 208905 |
Hageavfall | 146661.5 | 161393.4 |
Metall | 95986.8 | 100312.8 |
Farleg avfall | 72216.7 | 75386.7 |
Glas | 70282.1 | 73789.6 |
Byggavfall | 56981.8 | 69065.5 |
Anna | 61274.5 | 60141.1 |
Plast | 46004.2 | 51441.6 |
EE- avfall | 49739 | 49481.7 |
Tekstil | 248.6 | 737.3 |
Meir matavfall, mindre restavfall
Sjølv om mengda avfall frå hushalda gjekk opp frå 2018 til 2019, så minka mengda restavfall med 25 000 tonn. Auken i avfallsmengda skuldast meir utsortering av reine fraksjonar:
- Treavfall auka med 16 000 tonn, tilsvararande 6 prosent
- Hageavfall auka med 15 000 tonn, tilsvararande 10 prosent
- Betong, tegl og anna mineralsk byggavfall auka med 12 000 tonn, tilsvararande 21 prosent
- Matavfall auka med 8300 tonn, tilsvararande 4 prosent
- Plast auka med 4000 tonn, tilsvararande 11 prosent
Utsorteringa av matavfall har auka mange år på rad, i tråd med at fleire kommunar har fått separat innsamling av matavfall. Over 90 prosent av kommunane hadde slik innsamling i 2019, ifølgje innrapporterte mengder frå kommunane til SSB.
Auka mengd til materialattvinning
Tala kan tyde på at vi bevegar oss i noko meir sirkulær retning når det gjeld handsaming av avfallet, i alle fall samanlikna med førre året: meir enn 920 000 tonn avfall (41 prosent) gjekk til materialattvinning inkludert biologisk handsaming, mot 890 000 tonn (40 prosent) i 2018. Til samanlikning vart 44 prosent sendt til materialattvinning i 2008. Desse tala visar at det framleis er ein veg å gå før Noreg er i nærleiken av å nå kravet til materialattvinning frå EU på 50 prosent innan 2020.
1 Levert materialattvinning inkluderer kompostering og biogass.
Figur 2. Handsaming av hushaldsavfall¹
Levert anna handtering | Levert deponi | Levert forbrenning | Levert materialattvinning | |
2006 | 51 | 353.333 | 751.99 | 783.51 |
2007 | 25.198 | 379.669 | 761.611 | 867.778 |
2008 | 20.943 | 371.562 | 780.619 | 905.726 |
2009 | 25.818 | 290.73 | 845.726 | 876.431 |
2010 | 33.738 | 124.421 | 1050.156 | 879.592 |
2011 | 43 | 51 | 1218 | 871 |
2012 | 43 | 40 | 1223 | 866 |
2013 | 29 | 47 | 1295 | 885 |
2014 | 45 | 55 | 1318 | 846 |
2015 | 30.7663 | 67.891 | 1322.7836 | 866.6946 |
2016 | 22.0778 | 64.5789 | 1322.4822 | 867.7807 |
2017 | 20.7208 | 71.6175 | 1282.9312 | 880.7168 |
2018 | 14.8994 | 88.524 | 1245.1001 | 892.2703 |
2019 | 15.4944 | 99.4487 | 1233.5663 | 926.3969 |
SSB har tal på mengda avfall kommunane leverar til materialattvinning. Det kan vere skilnad på denne mengda og den mengda som faktisk vert materialattvunne.
Papir og papp var framleis den største fraksjonen som gjekk til materialattvinning i 2019 med 231 000 tonn, sjølv om mengda papir og papp stadig går nedover. Hakk i hel kom matavfall med 208 000 tonn til materialattvinning. Det meste av matavfallet, om lag 160 000 tonn, gjekk til biogassproduksjon, medan drygt 50 000 tonn gjekk til kompostering.
Avfallsauken mindre enn konsumauken
Det er ein positiv samanheng mellom kor mykje vi forbrukar og kor mykje avfall som vert generert, visar figur 3. Viss vi samanliknar 2019 med 1996, så kan vi sjå at medan avfallsmengda har auka med 90 prosent, har konsumet auka med meir, med 95 prosent.
Stort sett har veksten i avfallsmengda lege på eit høgare nivå enn veksten i konsumet, men gapet har verte mindre med åra, og dei to siste åra har veksten i avfallsmengda verte forbigått av konsumauken.
Figur 3. Konsum og mengde avfall frå hushalda. 1996-2019. Indeks 1996=1
Konsum i hushalda | Hushaldsavfall | |
1996 | 1 | 1 |
1997 | 1.033225087 | 1.053593569 |
1998 | 1.06356265 | 1.141084806 |
1999 | 1.103326793 | 1.16849693 |
2000 | 1.150836696 | 1.214441208 |
2001 | 1.176414558 | 1.26056034 |
2002 | 1.213396853 | 1.349208633 |
2003 | 1.250840409 | 1.397672835 |
2004 | 1.318949981 | 1.461048262 |
2005 | 1.376232053 | 1.542452191 |
2006 | 1.446730758 | 1.622887305 |
2007 | 1.527848466 | 1.701916046 |
2008 | 1.552502378 | 1.742479967 |
2009 | 1.550074687 | 1.705638205 |
2010 | 1.613415989 | 1.746797805 |
2011 | 1.650426845 | 1.827963295 |
2012 | 1.709176956 | 1.818332868 |
2013 | 1.755758625 | 1.886888697 |
2014 | 1.787879826 | 1.893725623 |
2015 | 1.830358698 | 1.914318809 |
2016 | 1.851335373 | 1.90493527 |
2017 | 1.893308714 | 1.887421963 |
2018 | 1.927767639 | 1.874212273 |
2019 | 1.954103797 | 1.903250886 |
Kontakt
-
Marit Slåen Sæther
-
SSBs informasjonstjeneste