Oppdatert analysedatasett
Publisert:
For handels- og servicenæringane er det laga oppdatert analysedatasett med statistikk på 250 m rutenett.
- Tala er henta frå
- Aktivitet i sentrumssoner
- Artikkelen er del av serien
- Aktivitet i sentrumssoner (arkiv)
Rutenettet vert oppdatert etter planen kvart 4. år og inneheld statistikk over tilsette innan handels- og servicenæringar og busette for åra 2019, 2017, 2015 og 2013. Det er også informasjon om avstand til kollektivhaldeplass med forskjellig frekvens og avstand til hovudsentrum i kommunane for kvar 250 m rute. Frekvensinformasjonen er no avgangar per time i staden for per veke som førre versjon.
Rutedatasettet kan lastast ned på eiga side.
(Datasettene ligger under valget "Statistikker og årganger rutestørrelse 250x250m", under overskriften "Handels- og serviceruter/-soner").
I eit GIS-program kan ein dermed få oversikt over samanhengen mellom busette, haldeplassar og handels- og serviceområde. Ein kan få svar på spørsmål som: Kvar er det mange busette eller tilsette, men ingen høgfrekvente haldeplassar? Eller omvendt: kvar er det haldeplassar men ingen busette eller handels- og serviceverksemder? Kva område er prega av «handel-, service og busette» og kva område er mer reine bustad eller handels- og serviceområder? Korleis er befolkningsutviklinga nær hovudsentrum kontra meir perifere delar av kommunen?
SSB har også rutenettstatistikk over til dømes bustad og bygg. Sjå lenka ovanfor.
Kontakt
-
Erik Engelien
-
SSBs informasjonstjeneste