Aktivitet i sentrumssoner
Oppdatert: 20. november 2024
Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett
2024 | |||||
---|---|---|---|---|---|
Antal sentrumssoner | Areal, kvadratkilometer | Busette per kvadratkilometer | Tilsette per kvadratkilometer | Verksemder per kvadratkilometer | |
Heile landet | 675 | 51,4 | 7 666,3 | 17 896,5 | 2 827,9 |
Tettstader med opp til 1 999 busette | 84 | 2,5 | 1 057,6 | 7 347,2 | 1 120,4 |
.. 2 000 - 19 999 busette | 236 | 12,46 | 2 926,6 | 9 872,8 | 1 825,0 |
.. minst 20 000 busette | 355 | 36,5 | 9 739,8 | 21 362,9 | 3 287,9 |
Sjå alle tal frå denne statistikken
Om statistikken
Statistikken gir tal for tettleik av busette, tilsette og bedrifter i område definert som sentrumssoner. Der konfidensialitetskriteria er innfridde, også delen av den samla detaljvareomsetninga som finn stad i hovedsentrum og tettstadane i kommunen. Frå og med 2018 er statistikken utvida med tal over handels- og servicesoner.
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 25. november 2024.
Sentrumssone:
1. Eit sentrum er eit område sett saman av ein eller fleire sentrumskjernar og ei sone på 100 meter i kring.
2. Ein sentrumskjerne er eit område med minst 4 ulike hovudnæringsgrupper med sentrumsfunksjonar. I tillegg til detaljvarehandel, må offentleg administrasjon eller helse- og sosialtenester eller kulturell verksemd, underhaldning eller annan tenesteyting vere representert. Avstanden mellom verksemdene skal ikkje vere meir enn 50 meter.
Det må vere minst 50 tilsette i sentrumssona.
Areal av sentra. Talet på sentra.
Tilknytt statistikk er talet på verksemder, busette og tilsette innan sentra.
Desse næringane er rekna å ha sentrumsfunksjonar (SN 2007):
F Bygge og anleggsvirksomhet
41.1 Utvikling av byggeprosjekter
G Varehandel
47.1 Butikkhandel med bredt vareutvalg
47.2 Butikkhandel med nærings- og nytelsesmidler i spesialforretninger
47.4 Butikkhandel med IKT-utstyr i spesialforretninger
47.5 Butikkhandel med andre husholdningsvarer i spesialforretninger
47.6 Butikkhandel med bøker, musikkartikler og andre fritidsartikler i spesialforretning
47.7 Annen butikk i spesialforretninger
47.8 Torghandel
H Transport og lagring
49.1 Passasjertransport med jernbane
49.3 Annen landtransport med passasjerer
52.212 Drift av parkeringsplasser og parkeringshus
52.214 Drift av taxisentraler og annen formidling av persontransport
52.219 Tjenester tilknyttet landtransport ellers
I Overnattings- og serveringsvirksomhet
55.1 Hotellvirksomhet
56 Serveringsvirksomhet
J Informasjon og kommunikasjon
58.1 Utgivelse av bøker, tidsskrifter og annen forlagsvirksomhet
58.2 Utgivelse av programvare
59.1 Virksomhet innen film, video og fjernsynsprogrammer
59.2 Produksjon og utgivelse av musikk- og lydopptak
62 Tjenester tilknyttet informasjonsteknologi
63 Informasjonstjenester
K Finansierings- og forsikringsvirksomhet
64 Finansieringsvirksomhet
65 Forsikringsvirksomhet og pensjonskasser, unntatt trygdeordninger underlagt offentlig forvaltning
66 Tjenester tilknyttet finansierings- og forsikringsvirksomhet
L Omsetning og drift av fast eiendom
68 Omsetning og drift av fast eiendom
M Faglig, vitenskapelig og teknisk tjenesteyting
69 Juridisk og regnskapsmessig tjenesteyting
70 Hovedkontortjenester, administrativ rådgiving
71 Arkitektvirksomhet og teknisk konsulentvirksomhet, og teknisk prøving og analyse
72 Forskning og utviklingsarbeid
73 Annonse- og reklamevirksomhet og markedsundersøkelser
74 Annen faglig, vitenskapelig og teknisk virksomhet
N Forretningsmessig tjenesteyting
77 Utleie- og leasingvirksomhet, unntatt
77.12 Utleie og leasing av lastebiler
77.31 Utleie og leasing av landbruksmaskiner og utstyr
77.32 Utleie og leasing av bygge- og anleggsmaskiner og utstyr
77.34 Utleie og leasing av sjøtransportmateriell
77.35 Utleie og leasing av lufttransportmateriell
78 Arbeidskrafttjenester
79 Reisebyrå og reisearrangørvirksomhet og tilknyttede tjenester
80 Vakttjeneste og etterforskning
81.1 Kombinerte tjenester tilknyttet eiendomsdrift
81.2 Rengjøringsvirksomhet
82 Annen forretningsmessig tjenesteyting
O Offentlig administrasjon og forsvar, og trygdeordninger underlagt offentlig forvaltning
84 Offentlig administrasjon og forsvar, og trygdeordninger underlagt offentlig forvaltning, unntatt
84.22 Forsvar
P Undervisning
85.609 Andre tjenester tilknyttet undervisning
Q Helse- og sosialtjenester
86.2 Lege- og tannlegetjenester
86.902 Fysioterapitjenester
86.904 Annen forebyggende helsetjeneste
86.909 Andre helsetjenester
88.999 Andre sosialtjenester uten botilbud
R Kulturell virksomhet, underholdning og fritidsaktiviteter
90.011 Utøvende kunstnere og underholdningsvirksomhet innen musikk
90.012 Utøvende kunstnere og underholdningsvirksomhet innen scenekunst
90.019 Utøvende kunstnere og underholdningsvirksomhet ikke nevnt annet sted
90.020 Tjenester tilknyttet underholdningsvirksomhet
90.040 Drift av lokaler tilknyttet kunstnerisk virksomhet
91 Drift av biblioteker, arkiver, museer og annen kulturvirksomhet
93.210 Drift av fornøyelses- og temaparker
S Annen tjenesteyting
94 Aktiviteter i medlemsorganisasjoner
95.110 Reparasjon av datamaskiner og tilleggsutstyr
95.120 Reparasjon av kommunikasjonsutstyr
95.210 Reparasjon av elektronikk til husholdningsbruk
95.220 Reparasjon av husholdningsvarer og hageredskaper
95.230 Reparasjon av skotøy og lærvarer
95.250 Reparasjon av ur, gull- og sølvvarer
95.290 Reparasjon av andre husholdningsvarer og varer til personlig bruk
96.010 Vaskeri- og renserivirksomhet
96.020 Frisering og annen skjønnhetspleie
96.090 Personlig tjenesteyting ikke nevnt annet sted
Handels- og servicesoner er:
Områder med konsentrasjon av verksemder av eit utval næringsgrupper. Utvalet er sett ut frå transportgenererande eigenskapar ved næringsgruppene. Avgrensa etter same metode som sentrumssoner, men med andre næringsgrupper og med krav om 100 m mellom verksemdene. Ingen krav til diversitet av næringsgrupper, men krav om minst 3 verksemder og minst 50 tilsette.
Populasjonen av næringsgrupper er bestemt ut fra senternivåa «A» og «B» samt daglegvarehandel i Strømmen 2001 slik dette er justert og oppdatert til NACE 2007 av Asplan viak (2012). Følgende næringsgrupper er del av statistikken og grunnlaget for avgrensinga:
G Varehandel, unntatt 46 og 47.9. Vidare er desse med: 55.3, 96, 55, 56, 49.32, 79, 64.1, 91, 85.1, 85.2, 85.43, 86, 87, 88, 93.1, 75, 84, 85.4, 85.5, 88.99, 64.2-66, 68, 69-74, 94-96 og 99. Sjå standard for næringsgruppering for detaljar og omtale av dei einskilde gruppene.
Strømme, Anne Kathrine 2001: Rett virksomhet på rett sted.
Asplan Viak (2012): Kartlegging av dagens virksomheter i Buskerudbyen. Utredning på oppdrag av Buskerudbysamarbeidet. Asplan Viak 08/ 2012-03-02.
Namn: Aktivitet i sentrumssoner
Emne: Natur og miljø
Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk
Fylke, kommunar, tettstader og sentrum
Årleg
SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.
SSB kan gje tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gjeven etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.
Føremålet med statistikken er å fylgje endringar i utbreiing og arealbruk i sentra samt å kunne knytte dette til demografisk og økonomisk statistikk for sentra. Sentra er modellert med statistikk som føremål, og må ikkje verte forveksla med omgrepet sentrum i andre samanhengar. Bakgrunnen for arbeidet er i hovudsak "Rikspolitisk bestemmelse om midlertidig etableringsstopp for kjøpesentre utenfor sentrale deler av byer og tettsteder" som vart vedteken ved kongeleg resolusjon 8. januar 1999. "Kjøpesenterstoppen" førte med seg eit behov for ein operativ definisjon av sentrumsomgrepet for å sikre einsarta praktisering. Ein automatisk og registerbasert metode kan sikre styresmaktene eit standardisert samanlikningsgrunnlag, samstundes som regionale og lokale planstyresmakter får tilgang til eit statistisk analysegrunnlag.
Statistikken er tilpassa informasjonsbehov i offentleg forvaltning og forsking.
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.
Tettstader omfattar alle bygde område av ein viss tettleik og med krav til talet på busette, medan handels- og servicesonene er tett utbygde område med verksemder. Sentrumssonene har enda større tettleik av verksemder og med krav om mangfald av hovudnæringsgrupper. Det aller meste av desse sonene er innan tettstad. Sentrumssonene er i stor grad samlokalisert med handels- og servicesoner.
Statistikken blir utvikla, utarbeidd og formidla med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no).
Statistikken inngår i nasjonalt program for offisiell statistikk, hovedområde Natur, klima og miljø, delområde areal.
Statistikken omfattar alle sentra i Noreg etter Statistisk sentralbyrå sin definisjon slik dei blir avgrensa ut frå stadfesta verksemder. Alle sentra med minst 50 tilsette er med. Også alle handels- og servicesoner, slik dette er definert, er omfatta av statistikken.
I samband med statistikken lagast det også rutenettstatistikk for handels- og service. Kvart fjerde år lagast det også eit samansett rutenett («analyseruter») med busette, tilsette i handel og service samt avstandar til kollektivhaldeplassar og sentrumssoner.
Datakjeldene er Matrikkelen, Verksemd- og føretaksregisteret (VoF), Skattedirektoratets oppgaveregister og data over bygningar frå felles kartdatabase (FKB).
Det blir og brukt data frå arealbrukskartet som SSB sett saman.
Fullteljing
Registerbasert.
Med editering meiner vi kontroll, gransking og endring av data.
Kontrollrutinar hos registereigarane. Kartverket og SSB.
Det blir køyrt ulike kontrollprogram, mellom anna talet på kommunar, bruk av ugyldige kommunenummer mm.
Beregninger
Det blir gjort ei modellering av sentrumssoner ut fra plasseringa til verksemdene. Der tettleiken og diversiteten av verksemder med sentrumsfunksjon er stor nok jamfør definisjonen, blir det avgrensa ei sentrumssone. Detaljutforminga blir gjort ut frå arealbruk og bygninger:
For å redusere omfanget av endringar i sentrumssoner frå år til år på grunn av at ein bygning eller eit lokale er ute av drift for en periode, så blir verksemder sett saman for dei siste 4 åra i sjølve avgrensinga (medan berre siste års register er grunnlag for opptelling av statistikken).
Vi identifiserer bygningar, verksemder og arealbruk med «sentrumsfunksjon». Verksemder og bygningar blir knytt til bygningsflater og bygningsflater med sentrumsfunksjon blir valt ut. Dette er dermed basert både på verksemdregisteret og bygningsregisteret (Matrikkelen).
Verksemder med sentrumsfunksjon knytes saman til samanhengande kjernar med krav til avstand og mangfald av verksemder jamfør definisjonen.
Sentrumskjernane blir deretter lagt saman med arealbrukskartet og dei bygningsflatene som er valt ut. Bygningar og tilhøyrande arealbruksområder som fell saman med sentrumskjernane med vidare.
Bygningar og tilhøyrande arealbruk knytes saman inntil 100 meter (bygningar 100 meter og arealbruk 25 meter). Sentrumssoner med minst 50 tilsette innen sentrumsnæringer blir identifisert.
Delen av omsetnaden i hovudsentrum og tettstad blir rekna ut frå verksemdenes næring ved slutten av året. Omsetnaden er summert for heile året. Nace 47 med unntak av postordre-/internetthandel.
Handels- og sentrumssoner blir avgrensa på same vis berre at det er litt anna populasjon med verksemder (sjå "definisjoner") og avstanden mellom dei er opp til 100 m i standen for 50.
Bygningar og tilhøyrande arealbruk knytes saman inntil 100 meter (bygningar 100 meter og arealbruk 50 meter). Handels- og servicesoner med minst 50 tilsette innen sentrumsnæringer blir identifisert.
Tilsette i SSB har teieplikt.
SSB offentleggjer ikkje tal dersom det er fare for at bidrag frå oppgåvegivar kan bli avslørte. Dette fører til at tal som hovudregel ikkje blir publiserte dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, eller dersom bidrag frå ein eller to oppgåvegivarar utgjer ein svært stor del av celletotalen.
SSB kan gjere unntak frå hovudregelen dersom det følgjer av krav til statistikk i EØS-avtalen, oppgåvegivar er offentleg myndigheit, oppgåvegivar har samtykt, eller når opplysningane som blir avslørte er ope tilgjengeleg i samfunnet.
Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metodar i offisiell statistikk.
For å sikre konfidensialitet blir metoden «undertrykking» nytta i denne statistikken.
Sentra vert automatisk avgrensa og det vert utført arealberekning frå og med 2000. I 2016 er deler av datagrunnlaget endra. Dette har bidratt til økt kvalitet, men også brudd i statistikkens tidsserie. Frå og med 2018 er handels- og servicesoner avgrensa.
Det er også eit brudd i statistikken over sentrumssoner og handels- og servicesoner frå og med 2019 av di det nyttast fleire årgangar (fire) med verksemder i grunnlaget for avgrensinga.
Frå og med 2023 er det nokre endringar i data som gjer at det blir eit brudd i statistikken.
Feil i registreringar i register over verksemder og føretak og Matrikkelen.
Avgrensinga er gjort ut frå verksemder med sentrumsfunksjon. Ikkje alle verksemder er stadfesta med koordinat, noko som fører til at det i nokre kommunar kan vere sentrumssoner etter definisjonen, sjølv om dei ikkje er avgrensa. Del av verksemdene som er stadfesta er gitt i vedleggstabell for kvart år (frå og med 2006). Frå og med 2010 er dette gitt i eigen tabell i Statistikkbanken.
Når det gjeld det såkalla «analyseruter» kan det vere feil og manglar ved informasjonen om frekvens og stadfesting av haldeplassar. Grunnlaget er handsama og prosessert av SSB, men henta frå Entur.