Rapporter 2002/19
Jordbruk og miljø
Resultatkontroll jordbruk 2002
- Publikasjonen er en del av serien
- Jordbruk og miljø
Rapporten omhandlar status og utvikling for gjennomføring av ulike miljøtiltak innan jordbruket, med hovudvekt på tiltak mot avrenning og tap av næringsstoff frå jordbruksareal. I tillegg tek rapporten for seg mellom anna bruk av plantevernmiddel, tilførsel av næringsstoff til kystfarvatna, utslepp av klimagassar og ammoniakk, innsamling av avfall, økologisk jordbruk, omdisponering av jordbruksareal og endringar i kulturlandskapet. Det geografiske dekningsområdet er heile landet, men enkelte kapittel har spesiell fokus på sårbare område for fosfor (områda som drenerer til Nordsjøen) og nitrogen (områda som drenerer til Indre Oslofjord og strekninga Hvaler - Singlefjorden).
Jordbruksareal i drift
I følgje søknader om produksjonstilskot var det i 2001 10,31 millionar dekar jordbruksareal i drift i Noreg, der 4,99 millionar dekar, eller 48,4 prosent, låg innafor området som drenerer til Nordsjøen. På landsbasis er auken i jordbruksareal i drift på 15 prosent sidan 1985. Endringa var spesielt stor i perioden 1985-1995, medan førebels tal for 2001 viser ein liten reduksjon i høve til 2000. Areal med innmarksbeite har auka med 99 prosent i perioden, areal med fulldyrka eng med 18 prosent, medan areal med poteter, grønfôr og silovekstar har gått mest tilbake.
Korn og oljevekstar til modning utgjorde i 2001 om lag 3,32 millionar dekar, eller 32,2 prosent av totalt jordbruksareal i drift. I følgje Utvalsteljing for landbruket blei delen med haustpløgd kornareal redusert frå 81,6 prosent hausten 1989 til 57,4 prosent hausten 1997. Hausten 2000 utgjorde haustpløgd areal 44,8 prosent av kornarealet. Våren 1997 var det 1,36 millionar dekar eller 39 prosent av det totale kornarealet som låg i stubb over vinteren (areal med all jordarbeiding om våren eller direkte sådd areal). Stubbarealet våren 2001 utgjorde 50,6 prosent av kornarealet. I sårbare område for fosfor auka prosenten med stubbareal frå 39,1 prosent våren 2000 til 50,3 prosent våren 2001.
For 2001/2002 blei det utbetalt om lag 158 millionar kroner i tilskot til endra jordarbeiding, fangvekstar og grasdekte vassvegar, ein auke på 25,1 millionar eller 18,9 prosent frå året før. Det blei betalt ut tilskot til nærare 1,64 millionar dekar jordbruksareal. Tilskot til fangvekstar auka frå 4,7 millionar i 1999 til 37,7 millionar i 2001. Satsen for tilskot til fangvekstar auka betydleg frå 1998 til 1999, men det gav resultat først i 2000.
Gjødsel
Frå 1997/98 til 1998/99 gjekk omsetnaden av nitrogen i handelsgjødsel ned frå 112 327 tonn til 106 017 tonn, ein reduksjon på 6,1 prosent. Frå 1998/99 til 1999/2000 auka omsetnaden med 1 393 tonn eller 1,3 prosent, medan omsetnaden i 2000/2001 var på 100 592 tonn, det lågaste talet for nitrogen som er registrert i perioden 1980-2000. Omsetnaden av fosfor blei redusert med 51,5 prosent i perioden 1980/81 til 1998/99, frå 26 980 tonn til 13 092 tonn per år. Frå 1998/99 til 1999/2000 auka omsetnaden med 233 tonn eller 1,8 prosent. Frå 1999/2000 til 2000/2001 blei omsetnaden av fosfor redusert med 6,9 prosent til 12 399 tonn, den lågaste omsetnaden som er registrert i perioden 1980-2000. Frå 1. januar 2000 blei miljøavgiftene på handelsgjødsel fjerna, og prisen på gjødsel blei redusert med om lag 16 prosent. Mengda husdyrgjødsel har endra seg lite dei siste 15 åra, men ein kan sjå ein svak auke.
Bruk av plantevernmiddel
Forbruket av plantevernmiddel varierer frå år til år. Forbruket av både ugrasmiddel, soppmiddel, insektmiddel og andre plantevernmiddel auka monaleg frå 1997 til 1998, totalt frå 755 til 951 tonn aktivt stoff. I 1999 gjekk omsetnaden derimot ned med 16,6 prosent til 796 tonn aktivt stoff. Frå 1999 til 2000 minka omsetnaden med så mykje som 52,3 prosent til 380,2 tonn aktivt stoff. I 2001 auka omsetnaden til 581 tonn, 36 prosent meir enn året før. Endringar i avgiftssystemet, med påfølgjande hamstring, kan forklare ein del av denne variasjonen. Det er i denne samanhengen viktig å nemne at effekten av overgang frå preparat som krev store dosar til konsentrerte lågdosemiddel ikkje blir fanga opp av statistikk som byggjer på mengd verdistoff.
Tilførsel av næringsstoff til kystfarvatna
Dei menneskeskapte tilførslane av fosfor og nitrogen til dei sårbare havområda mellom svenskegrensa og Lindesnes har blitt monaleg reduserte sidan 1985, som er basisåret for målsetjinga om 50 prosent reduksjon av fosfor- og nitrogentilførslane i Nordsjøavtalane. Tilførslane av fosfor har blitt reduserte frå 1 278 tonn i 1985 til 581 tonn i 2000, ein nedgang på 54 prosent, medan tilførslane av nitrogen har blitt reduserte frå 30 262 tonn til 20 262 tonn i same tidsrom, ein nedgang på 32 prosent. Jordbruket stod for 49 prosent av dei totale tilførslane av fosfor og 55 prosent av dei totale tilførslane av nitrogen til dei sårbare havområda i 2000. Sidan 1985 har tilførslane frå jordbruket til desse områda blitt reduserte med 31 prosent for fosfor og 23 prosent for nitrogen. Mellom 1999 og 2000 har det derimot vore ein auke i tilførslane av nitrogen og fosfor frå jordbruket til dei sårbare områda på 9 og 32 prosent, noko som sannsynlegvis har samanheng med flaum på Austlandet hausten 2000.
Utslepp til luft frå jordbruket
Jordbruket står for halvparten av dei totale utsleppa av lystgass (N2O) i Noreg. Bruken av kunstgjødsel står for rundt ein firedel av desse utsleppa. Husdyrproduksjonen står for nesten alle utsleppa av metan (CH4) i jordbruket og er, etter avfallsdeponi, også den nest viktigaste kjelda for totalutsleppa. Husdyra slepp ut metan direkte som tarmgass og indirekte gjennom gjødsla dei produserer, og stod i 2000 for rundt 30 prosent av dei totale metanutsleppa i Noreg. Utsleppa av karbondioksid (CO2) frå jordbruket er rekna ut til 491 321 tonn i 2000. Av dette stod prosessutslepp (kjemiske prosessar i jord og vatn) og forbrenningsutslepp (bruk av fossile drivstoff) for respektive 27 og 73 prosent. Berre 1,1 prosent av dei totale CO2-utsleppa i Noreg i 2000 stamma frå jordbruket. Når det gjeld ammoniakk, kan heile 91 prosent av utsleppa knytast til ulike jordbruksaktivitetar.
Avfall og gjenvinning
Plastretur AS har tidlegare vurdert at det blir omsett om lag 6 500 tonn landbruksplast kvart år i Noreg. Dette talet blei endra til 8 300 tonn frå og med 1. januar 2002, noko som reflekterar at talet reknast som usikkert. Innsamla mengd har auka frå i underkant av 2 500 tonn i 1995 til 6 000 tonn i 2000. Tilsvarande tal for 2001var rundt 5 100 tonn. Reduksjonen frå 2000 til 2001 skuldast i hovudsak lageroppbygging og manglande pressekapasitet hos mottakarane. 3 300 tonn av den innsamla mengda gjekk til materialgjenvinning, medan 300 tonn blei nytta til energiføremål. Landbruksplast kan leverast gratis til 234 mottak i 173 kommunar. Om lag halvparten av driftseiningane i landet kan levere plast gratis til mottak i eigen kommune.
Det blei til saman levert 194 tonn spesialavfall frå jordbruket i 1999, ein auke på meir enn 100 tonn sidan 1995. Det reelle talet er sannsynlegvis ein del høgare, då det oppgitte talet berre representerar det som blir rapportert frå landbrukssektoren til det sentrale spesialavfallsregisteret. I tillegg blir ein del spesialavfall frå jordbruket levert til godkjende mottak for hushaldsavfall, samtidig som ein må rekna med at ein del avfall blir levert og behandla utanfor det godkjende systemet.
Økologisk jordbruk
Om lag 2 100 einingar i Noreg har lagt om til økologisk drift per 2001. Økologisk drive areal og karensareal utgjer i dag om lag 2,6 prosent av totalt jordbruksareal i Noreg, men variasjonane er store frå fylke til fylke. Sør-Trøndelag og Telemark har relativt sett mest økologisk areal/karensareal med 4,4 og 4,3 prosent, medan Rogaland har minst med 0,6 prosent.
Omdisponering/tap av jordbruksareal
Dei siste 20 åra har den årlege rapporterte avgangen av dyrka jord auka frå om lag 7 000 dekar (1980) til over 14 700 dekar i 1999, ein auke på 111 prosent. I 2000 utgjorde det omdisponerte arealet 0,12 prosent av totalt jordbruksareal i drift. I 2000 hadde Akershus/Oslo størst avgang av dyrka jord med om lag 2 500 dekar og dernest Rogaland med om lag 1 000 dekar.
Kulturlandskap
Dei siste 15 åra er talet på husdyr som går på utmarksbeite redusert med 17,8 prosent. Det blei registrert 2,31 millionar dyr på utmarksbeite i 2001. Talet på bruk med setrar er monaleg redusert. I 1939 var det 26 437 bruk med setrar, medan talet i 1999 berre var 2 742.
I 2001 blei det gitt tilsegn på 109,3 millionar kroner til "spesielle tiltak i landbrukets kulturlandskap" (STILK). Interessa rundt STILK-midlane har auka monaleg sidan ordninga starta tidleg på 1990-talet. I 1992 blei det gitt tilsegn på 846 søknader, mot 2 953 søknader i 2001.
Prosjektstøtte: Statens landbruksforvaltning
Om publikasjonen
- Tittel
-
Resultatkontroll jordbruk 2002. Jordbruk og miljø
- Ansvarlige
-
Anne Snellingen Bye, Geir Inge Gundersen, Svein Erik Stave
- Serie og -nummer
-
Rapporter 2002/19
- Utgiver
-
Statistisk sentralbyrå
- Emner
-
Jordbruk, Forurensning og klima
- ISBN (elektronisk)
-
82-537-5118-4
- ISBN (trykt)
-
82-537-5117-6
- ISSN
-
0806-2056
- Antall sider
-
92
- Målform
-
Bokmål
- Om Rapporter
-
I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste