Statistikken utvida med handels- og servicesoner
Publisert:
Det er laga statistikk over handels- og servicesoner saman med rutenettstatistikk og kartavgrensing av desse sonene.
- Tala er henta frå
- Aktivitet i sentrumssoner
- Artikkelen er del av serien
- Aktivitet i sentrumssoner (arkiv)
Statistikken over aktivitet i sentrumssoner er nå utvida med statistikk over handels- og servicesoner. Handels- og servicesoner er områder med konsentrasjon av verksemder av eit utval næringsgrupper. Utvalet er sett ut frå transportgenererande eigenskapar ved næringsgruppene. Avgrensa med krav om inntil 100 m mellom verksemdene. Ingen krav til diversitet av næringsgrupper, men krav om minst 3 verksemder og minst 50 tilsette.
Handels- og servicesoner er identifisert for å få oversikt over dei viktigaste områda for besøks- og publikumsintensive verksemder. Dette vil være eit nyttig datagrunnlag for regional og kommunal areal- og transportplanlegging.
Samanhengen mellom sentrumssoner, tettstader og handels- og servicesoner
Tettstader omfattar alle bygde område av ein viss tettleik og med krav til talet på busette, medan handels- og servicesonene er tett utbygde område med verksemder. Sentrumssonene har enda større tettleik av verksemder og med krav om mangfald av hovudnæringsgrupper. Det aller meste av desse sonene er innan tettstad. Sentrumssonene er i stor grad samlokalisert med handels- og servicesoner. Figur 1 viser prinsippskisse for samanhengen mellom dei ulike omgrepa.
Rutenettstatistikk og avgrensing
Avgrensing av handels- og servicesoner gjer at ein kan presentere statistikk for desse områda. Sonene i seg sjølv er resultat av ein anten-eller-klassifikasjon, men i mange tilfelle vil det vere gradvise gradientar frå område der det er tett av verksemder til meir spredtbygde område særleg innan, men også utanfor, handels- og servicesonene. Difor er det etablert ein statistikk med dei same næringshovudgruppene på eit 250 meters rutenett. Rutenettstatistikken omfattar alle ruter med minst 10 tilsette i dei valte næringane (sjå kart nederst i artikkelen).
Avgrensingene er også lagt ut slik at brukarar sjølv kan analysere vidare i eige verktøy.
Størst del i dei store tettstadane, men variasjon mellom enkelt-tettstader
Handels- og servicesoner utgjer om lag 160 km2 eller 0,5 promille av landarealet i Norge. Mest areal til slike soner er det i dei største tettstadene (figur 2), og i enda større grad er tilsette og busette lokalisert i slike soner i dei største tettstadene.
Samanlikna med dei mindre tettstadene, er det i dei større tettstadene større samanhangande handels- og servicesoner med eit større innslag av bustader. I dei mindre stadene er handels- og servicesonene meir reine område for handel og service utan like stor del med busette. Ut frå tettleiken av tilsette og busette i sonene, vil det i utgangspunktet ligge betre til rette for å sette opp til dømes høgfrekvent kollektivtransport til slike soner i dei større tettstadene.
Figur 2. Busette og areal i handels- og servicesoner som del av tettstad. 2018
Delen areal | Delen busette | |
200 - 1999 busette | 7 | 5 |
2000 - 19999 busette | 6 | 6 |
20000 busette og mer | 11 | 18 |
Sjølv om dei største tettstadene (minst 20 000 busette) har større tettleik og større innslag av busette, så er det variasjon
i kor stor del handels- og servicesoner utgjer av tettstadene i denne gruppa. Det same er tilfelle for
delen av dei busette som er lokaliserte til handels- og servicesoner (figur 3).
Kontakt
-
Erik Engelien
-
SSBs informasjonstjeneste