Tettleiken aukar med tettstadstorleiken
Publisert:
Jo større tettstaden er, jo tettare bur folk i sentrumssonene. Like fullt er det fleire gonger så mange tilsette som busette per kvadratkilometer i både by- og bygdesentera.
- Tala er henta frå
- Aktivitet i sentrumssoner
- Artikkelen er del av serien
- Aktivitet i sentrumssoner (arkiv)
Tettleiken av både busette, tilsette og verksemder i sentrum aukar med storleiken på tettstaden, viser statistikken Aktivitet i sentrumssoner. I dei større tettstadene er det fleire gonger så mange tilsette og busette per kvadratkilometer sentrumssone som i bygdesentera. Det er fleire tilsette enn busette per kvadratkilometer i sentrumssonene for alle storleiksklassar.
Meir enn dobbelt så mange tilsette som busette
I tettstader med fleire enn 20 000 innbyggjarar er den gjennomsnittlege tettleiken av tilsette og busette høvesvis om lag 19 300 og 8 800 per kvadratkilometer sentrumssone. I tettstader med opp til 1 999 innbyggjarar er desse tala reduserte til om lag 6 700 tilsette og 1 000 busette.
Det er godt over dobbelt så mange tilsette som busette i sentera på landsbasis. Det bur nær 6 800 innbyggarar per kvadratkilometer i sentera, medan tilsvarande tal for tilsette er nærare 16 300.
Om vi ser på tettleiken av verksemder i sentrumssonene, ser vi at også denne aukar når tettstadsbefolkninga aukar. I tettstader med fleire enn 20 000 innbyggjarar er den gjennomsnittlege tettleiken av verksemder per kvadratkilometer sentrumssone om lag 80 prosent høgare enn for tilsvarande område i tettstader med under 20 000 busette.
Figur 1. Sentrumssoner, etter busette i tettstad
Busette per kvadratkilometer | Tilsette per kvadratkilometer | Verksemder per kvadratkilometer | |
Heile Landet | 6774.50 | 16335.90 | 2640.10 |
Tettstader med opp til 1999 busette | 1025.00 | 6676.70 | 1080.40 |
.. 2000 - 19999 busette | 2546.30 | 10396.20 | 1828.90 |
.. minst 20000 busette | 8836.40 | 19347.80 | 3069.00 |
Vil utnytte arealet godt
Det er eit politisk ønske å nytte tettstadarealet så godt som råd for å minke presset på areala omkring og samstundes leggje til rette for å minimere transportmengda mellom bustad, arbeid og eit variert tenestetilbod.
I den samanhengen kan det nemnast at berre 3 av 641 områder er definerte som sentrumssoner ligg utanfor områder definert som tettstad. Dei utgjer til saman 0,2 kvadratkilometer. Det er ingen busette i desse områda.
Kontakt
-
Emil Vågnes
-
SSBs informasjonstjeneste