131757_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/arealsentrum/aar
131757
Noko fleire bur og arbeider i by- og bygdesentra
statistikk
2013-11-08T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
arealsentrum, Aktivitet i sentrumssoner, sentrumssoner, bysenter, tettstadssenter, bedrifter med sentrumsfunksjonar, busette, tilsetteAreal, Natur og miljø
false

Aktivitet i sentrumssoner1. januar 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Noko fleire bur og arbeider i by- og bygdesentra

Både talet på busette og arealet av sentrumssoner har auka svakt dei siste åra. I alt aukar tettleiken av busette i sentrumssonene noko. Tettleiken av tilsette i sentrumssoner er derimot om lag uendra dei siste åra.

Sentrumsareal og tettleik av busette. Heile landet og etter tettstadsstorleik. Kvadratkilometer, busette per kvadratkilometer og prosent endring
20132008 - 2013
Areal av sentrumsområder (km²)Busette per kvadratkilometerBusette per kvadratkilometer
Heile landet93,83 97111
Tettstader med 200 - 1 999 busette5,31 07614
Tettstader med 2 000 - 19 999 busette34,11 75513
Tettstader med minst 20 000 busette54,25 6648

Folk vel i stadig aukande grad å bu urbant. Det er òg eit politisk ønske å nytte tettstadsarealet så godt som råd for å minke presset på areala i nærleiken Samstundes ønskjer ein å leggje til rette for å minimere transportmengda mellom bustad, arbeid og eit variert tenestetilbod.

Bur og arbeider tettare

Talet på tilsette i sentrumssoner har stige svakt frå 2008 til 2013. Det er om lag dobbelt så mange tilsette som busette i sentra.

Det bur nær 4 000 innbyggjarar per km 2 i sentra, og dette er nær uendra det siste året.

Dei siste fem åra har auken av busette i sentrum vore 11 prosent for heile perioden, medan tettleiken av tilsette har vore nær uendra.

Det har vorte opp mot 7 prosent fleire busette i heile landet dei siste fem åra, samstundes har det vore ein oppgang på 18 prosent i sentra.

Tettare i dei store tettstadene

Det er fleire tilsette enn busette per km 2 for alle storleiksklassene. Tettleiken av både busette og tilsette i sentrumssoner aukar med storleiken på tettstadene. I dei større tettstadane er det nær fem gonger så mange tilsette og busette per km 2 som i bygdesentra. Berre sentra i dei største tettstadene har hatt vekst i både areal, busette og tilsette frå 2008 til 2013. Tettleiken av busette har auka i alle tettstadklassene.

Det er ikkje gitt at gruppene inneheld dei same tettstadene frå år til år. Etter kvart som tettstadene veks, kjem dei over i andre grupper.

Delen omsetnad i sentrum og tettstad kan seie noko om transport og forureining

Det er òg i år laga tal for miljøindikatorane: Detaljvareomsetnaden i hovudsentra og tettstad som del av detaljvareomsetnaden i kommunen. Dersom meir varehandel skjer i sentrale og konsentrert busette område, og ikkje i spreitt utbygde strok eller på kjøpesenter utanfor busette strok, vil det kunne føre til mindre transport og utslepp. Statistikken er utarbeidd for dei kommunane der datagrunnlaget er godt nok.

Ver varsam med tolking av utviklingstrekkaÅpne og lesLukk

Det at ikkje alle verksemdene er stadfesta med koordinat, fører til at det i nokre kommunar kan vere sentrumssoner etter definisjonen, sjølv om dei ikkje er avgrensa. Talet på bedrifter som er nøyaktig lokaliserte, kan endre seg over tid. Utviklingstrekka må difor tolkast med varsemd. Sjå eigen tabell i Statistikkbanken for oversikt over stadfestingsprosent etter kommune.