Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire bur i sentra
Talet på busette i sentra har auka dei siste fem åra, talet på tilsette i sentra har òg auka noko. Tettleiken av busette har auka svakt, medan tettleiken av tilsette har gått noko ned.
2014 | 2009 - 2014 | ||
---|---|---|---|
Areal av sentrumsområder (km²) | Busette per kvadratkilometer | Busette per kvadratkilometer | |
Heile landet | 95,5 | 3 887 | 5 |
Tettstader med 200 - 1 999 busette | 5,3 | 1 008 | -2 |
Tettstader med 2 000 - 19 999 busette | 34,6 | 1 714 | 10 |
Tettstader med minst 20 000 busette | 55,2 | 5 553 | 4 |
Folk vel i stadig aukande grad å bu urbant. Det er òg eit politisk ønskje å nytte tettstadsarealet så godt som råd for å minke presset på arealet i nærleiken. Samstundes ønskjer ein å leggje til rette for å minimere transportmengda mellom bustad, arbeid og eit variert tenestetilbod.
Bur noko tettare
Talet på tilsette i sentrumssonar har auka svakt frå 2009 til 2014. Talet på busette har òg auka, men noko meir - med 11 prosent. Talet på busette i heile landet har i same perioden auka med 6,5 prosent.
Det er om lag dobbelt så mange tilsette som busette i sentra.
Det bur nær 4 000 innbyggarar per kvadratkilometer i sentra. Medan talet på busette har auka, har tettleiken berre auka svakt. Dette kjem av at arealet òg har auka i perioden. Tettleiken av tilsette har tilsvarande hatt ein svak nedgang i femårsperioden.
Tettare i dei store tettstadene
Det er fleire tilsette enn busette per kvadratkilometer for alle storleiksklassar. Tettleiken av både busette og tilsette i sentrumssoner aukar med storleiken på tettstadene. I dei større tettstadane er det nær fire gonger så mange tilsette og busette per kvadratkilometer som i bygdesentra. Berre sentra i dei største tettstadene har hatt vekst i både areal, busette og tilsette frå 2009 til 2014. Tettleiken av busette har auka i dei to største tettstadklassene, medan tettleiken av tilsette har gått noko ned i alle tettstadsklassene.
Det er ikkje gitt at gruppene inneheld dei same tettstadene frå år til år. Etter kvart som tettstadene veks, kjem dei over i andre grupper.
Delen omsetnad i sentrum og tettstad kan seie noko om transport og forureining
Det er òg i år laga tal for miljøindikatorane: ’detaljvareomsetnaden i hovudsentra’ og ’tettstad som del av detaljvareomsetnaden i kommunen’. Dersom meir varehandel skjer i sentrale og konsentrert busette område, og ikkje i spreitt utbygde strok og på kjøpesenter utanfor busette strok, vil det kunne føre til mindre transport og utslepp. Statistikken er utarbeidd for dei kommunane der datagrunnlaget er godt nok.
Ver varsam med tolking av utviklingstrekkaÅpne og lesLukk
Det at ikkje alle verksemdene er stadfesta med koordinat, fører til at det i nokre kommunar kan vere sentrumssoner etter definisjonen, sjølv om dei ikkje er avgrensa. Talet på bedrifter som er nøyaktig lokaliserte, kan endre seg over tid. Utviklingstrekka må difor tolkast med varsemd. Sjå eigen tabell i Statistikkbanken for oversikt over stadfestingsprosent etter kommune.
Kontakt
-
Erik Engelien
E-post: erik.engelien@ssb.no
tlf.: 91 12 55 45
-
Jørn Kristian Undelstvedt
E-post: jorn.kristian.undelstvedt@ssb.no
tlf.: 94 50 68 64