238963_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/arealsentrum/aar
238963
Auka tettleik det siste året
statistikk
2015-12-08T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
arealsentrum, Aktivitet i sentrumssoner, sentrumssoner, bysenter, tettstadssenter, bedrifter med sentrumsfunksjonar, busette, tilsetteAreal, Natur og miljø
false
Statistikken viser areal av sentrum i tillegg til antall bosatte, ansatte og vikrsomheter i sentrum og tettheten av disse. Stadig flere bor og arbeider i sentrum.

Aktivitet i sentrumssoner1. januar 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka tettleik det siste året

Talet på busette og tilsette i sentra har auka i løpet av 2014. Også tettleiken av busette og tilsette har auka svakt.

Sentrumsareal og tettleik av busette. Heile landet og etter tettstadsstorleik. Kvadratkilometer, busette per kvadratkilometer og prosent endring
20152010 - 2015
Areal av sentrumsområder (km²)Busette per kvadratkilometerBusette per kvadratkilometer
Heile landet45,06 52673
Tettstader med 200 - 1 999 busette1,8996-7
Tettstader med 2 000 - 19 999 busette12,02 42549
Tettstader med minst 20 000 busette31,08 46855

Folk vel i stadig aukande grad å bu urbant. Det er òg eit politisk ønskje å nytte tettstadsarealet så godt som råd for å minke presset på areala omkring, og samstundes leggje til rette for å minimere transportmengda mellom bustad, arbeid og eit variert tenestetilbod.

Bur og arbeider litt tettare

Det er gjort justeringar i metoden for å avgrense sentrumssoner. Dette gjer at færre busette vert rekna med i statistikken, slik vi gjer greie for i informasjonsboksen. Dimed er det eit brot i statistikken. Det er også gjort ein ny berekning av 2014 etter den justerte metoden, og desse tala vert omtala her.

Talet på både tilsette, busette og areal har auka frå 2014 til 2015. Talet på busette og tilsette har stige noko meir (5 prosent) enn arealet (3 prosent), og difor har det vorte litt større tettleik. Talet på busette i heile landet har i den same perioden gått opp om lag 1 prosent.

Det er no berekna å vere godt over dobbelt så mange tilsette som busette i sentra. Det bur nær 6 500 innbyggjarar per km2 i sentra, medan tilsvarande tal for tilsette er om lag 16 000.

Tettare i dei store tettstadene

For alle storleiksklassar vi opererer med i statistikken, gjeld at det er fleire tilsette enn busette per km2 i sentrumssonene. Tettleiken av både busette og tilsette i sentrumssoner aukar med storleiken på tettstadene. I dei større tettstadene er det fleire gonger så mange tilsette og busette per km2 i sentrumssona som i bygdesentra. Sentra i alle storleiksklasser har hatt vekst i både areal, busette og tilsette frå 2014 til 2015. Tettleiken av busette og tilsette har auka i den største tettstadklassen, vore jamn i den mellomste klassen, medan tettleiken har gått noko ned i den minste tettstadsklassen.

Det er ikkje gjeve at gruppene inneheld dei same tettstadene frå år til år. Etter kvart som tettstadene veks, kjem dei over i andre grupper.

Delen omsetnad i sentrum og tettstad gjev viktig miljøinformasjon

Det er også i år laga tal for dei to miljøindikatorane:

  • Detaljvareomsetnaden i hovudsentra og
  • Tettstad som del av detaljvareomsetnaden i kommunen

Dersom meir varehandel skjer i sentrale og konsentrert busette område og ikkje i spreitt utbygde strok og hjå kjøpesenter utanfor busette strok, vil det kunne føre til mindre transport og utslepp. Statistikken er utarbeidd for dei kommunane der datagrunnlaget er godt nok.

Kart over sentrumssoner, 2015

Du kan zoome i kartet. Klikk på lenken "Fullversjon" i kartet for å se kartet i full skjermbredde og få tilgang til mer funksjonalitet og metainformasjon. (Kilde: https://kart.ssb.no, temakart Sentrumssoner 2015).

Your browser does not support iframe. <a href="https://kart.ssb.no/embedded/986d747e-b521-4a94-a98f-9143f6c8119f" target="_blank">You can see the content of the frame here</a>

Justert metode for avgrensing gjev betre talÅpne og lesLukk

Det er gjort forbetringar i metoden for å avgrense sentrumssoner. Fleire datagrunnlag er nytta enn tidlegare. Detaljutforminga av sentrumssonene blir no gjort med byggflater og arealbruk. Dette gjer at arealet av sentrumssonene blir mindre enn før. I tillegg er det gjort nokre justeringar av kva for næringar som er med i grunnlaget. Sjå ”Om statistikken” for meir informasjon.

Tolk tala varsamtÅpne og lesLukk

Det at ikkje alle verksemdene er stadfesta med koordinat, fører til at det i nokre kommunar kan vere sentrumssoner etter definisjonen, sjølv om dei ikkje er avgrensa. Talet på bedrifter som er nøyaktig lokaliserte, kan endre seg over tid. Utviklingstrekka må difor tolkast med varsemd. Sjå eigen tabell i statistikkbanken for oversikt over stadfestingsprosent etter kommune.