Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
1,5 millionar tonn bygg- og riveavfall
Nybygging, rehabilitering og riving skaper årleg meir enn 1,5 millionar tonn avfall i Noreg. Det oppstår mest bygg- og riveavfall i Oslo, Rogaland og Hordaland. Over 1 million tonn av avfallet er betong og tegl.
Bygg- og anleggsavfall utgjer ein stor del av dei totale avfallsmengdene i Noreg. Dei siste åra har miljøbelastningar knytte til dette avfallet blitt vigd meir merksemd frå blant andre miljøvernmyndigheiter, miljøvernorganisasjonar og bygg- og anleggsbransjen. Avfallet kan medføre alvorlege forureiningar og uønskte endringar i landskapet ved utfyllingar og ukontrollert deponering. Ein stor del av avfallet har òg eit stort bruks- og gjenvinningspotensial og er dermed ein verdifull ressurs.
Statistisk sentralbyrå (SSB) har rekna ut kor store avfallsmengder som årleg oppstår ved både nybygging, rehabilitering og riving. Dette er gjort ved å utarbeida faktorar for avfallsproduksjon per kvadratmeter frå dei ulike aktivitetane. Desse faktorane er sidan kombinerte med statistikk over kor mykje som blir bygd, rehabilitert og rive. Undersøkinga inneheld ein del usikre kjelder og berekningsmetodar, og resultata er derfor tilsvarande usikre.
Mykje betong og tegl
Berekningane viser at den totale mengda avfall frå nybygging, rehabilitering og riving i 1998 kom opp i 1 542 800 tonn. Til samanlikning oppstod det 1 359 000 tonn hushaldningsavfall i 1998. Heile 1 056 800 tonn, eller 68 prosent, av nybygg-, rehabiliterings- og riveavfallet er betong og tegl, og tre fjerdedelar av denne fraksjonen kjem frå riving av bygg. Trevirke er den nest største fraksjonen. I 1998 oppstod det nær 240 800 tonn treavfall, og halvparten av dette kom frå rehabilitering. Utrekningane viser vidare at det oppstod over 7 700 tonn spesialavfall i 1998. Av dette var 6 400 tonn asbest.
Avfall frå nybygging, rehabilitering og riving, etter
avfallstype. 1998. Tonn |
I alt | Nybygging | Rehabilitering | Riving | ||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | 1 542 800 | 209 500 | 372 200 | 961 100 | |||||||||||||||
Betong og tegl | 1 056 800 | 77 100 | 181 000 | 798 800 | |||||||||||||||
Trevirke | 240 800 | 41 500 | 122 900 | 76 500 | |||||||||||||||
Metaller | 42 800 | 3 200 | 9 100 | 30 600 | |||||||||||||||
Gips | 37 100 | 14 100 | 21 000 | 2 200 | |||||||||||||||
Papp, papir og plast | 16 800 | 8 000 | 2 400 | 6 500 | |||||||||||||||
Spesialavfall | 7 700 | 200 | 2 900 | 4 700 | |||||||||||||||
Av dette asbest | 6 400 | 0 | 2 600 | 3 800 | |||||||||||||||
Mineralull og EPS/isopor | 6 400 | 3 500 | 1 900 | 1 000 | |||||||||||||||
Glas | 4 700 | 1 100 | 2 100 | 1 700 | |||||||||||||||
Avfall med ukjent samansetting | 130 200 | 61 300 | 29 300 | 39 600 | |||||||||||||||
Store mengder riveavfall
Statistikk over nybygd areal er henta direkte ut frå SSB sin byggjearealstatistikk. Informasjon om rivne bygningar er berekna med utgangspunkt i Statens kartverk sitt GAB-register (Grunneigedom, Adresse og Bygning), medan rehabiliteringsaktiviteten er berekna frå SSB sin bygg- og anleggsstatistikk og Prognosesenteret AS sine marknadsanalysar. Det er knytt størst uvisse til utrekningane av kor store areal som blir rehabiliterte, til dømes kjem ikkje rehabilitering som folk gjer på eigenhand med i statistikken.
Utrekningane viser at rundt 1,5 millionar kvadratmeter bygg vart rive i 1998. Til samanlikning vart det bygd 6,6 millionar nye kvadratmeter medan det berekna rehabiliterte arealet var på 5,1 millionar kvadratmeter. Likevel er riving den aktiviteten som produserer mest avfall. I 1998 oppstod det 961 100 tonn avfall som eit resultat av at bygningar vart rivne. Nybygging er den aktiviteten som skaper minst avfall per kvadratmeter og tala viser at det i 1998 oppstod 209 500 tonn avfall frå denne aktiviteten. Rehabilitering av bygningar resulterte i 372 200 tonn avfall.
Mest avfall frå Oslo
Tala viser at det oppstår mest avfall i Oslo. 233 800 tonn, eller 15 prosent av avfallet stamma i frå Oslo i 1998. Det er særleg avfall frå riving som skil seg ut, då heile 19 prosent av alt riveavfallet oppstod i hovudstaden. Både Akershus og Rogaland hadde høg byggeaktivitet, og desse fylka hadde den største andelen av avfall frå nybygging, med respektivt 15 og 11 prosent. Avfall frå rehabilitering av bygningar var forholdsvis jamt fordelt mellom fylka. Det oppstod mest rehabiliteringsavfall i Oslo, Akershus, Rogaland og Hordaland, og desse fylka stod for 9 prosent kvar av dei totale mengdene avfall frå rehabilitering.
Bygge- og riveaktivitetar fører også med seg ein del avfall i form av gravemassar frå tomtearbeid. Utrekningar gjort i dette prosjektet tyder på at det kan dreie seg om rundt 40 000 tonn asfalt, reine utgravingsmassar og forureina massar. Dette talet er usikkert og representerer eit minimumsanslag.
Avfall frå nybygging, rehabilitering og riving,
etter fylke. 1998. Tonn |
I alt | Nybygging | Rehabilitering | Riving | ||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | 1 542 800 | 209 500 | 372 200 | 961 100 | |||||||||||||||
østfold | 86 400 | 8 000 | 21 300 | 57 200 | |||||||||||||||
Akershus | 112 400 | 31 200 | 35 400 | 45 900 | |||||||||||||||
Oslo | 233 800 | 13 100 | 35 100 | 185 700 | |||||||||||||||
Hedmark | 94 100 | 9 900 | 17 200 | 67 100 | |||||||||||||||
Oppland | 111 100 | 7 000 | 16 800 | 87 400 | |||||||||||||||
Buskerud | 74 400 | 7 600 | 20 800 | 46 100 | |||||||||||||||
Vestfold | 93 800 | 10 500 | 17 500 | 66 000 | |||||||||||||||
Telemark | 56 200 | 8 100 | 16 900 | 31 300 | |||||||||||||||
Aust-Agder | 33 900 | 5 300 | 9 100 | 19 600 | |||||||||||||||
Vest-Agder | 37 200 | 8 200 | 13 500 | 15 600 | |||||||||||||||
Rogaland | 140 900 | 22 900 | 32 100 | 86 000 | |||||||||||||||
Hordaland | 127 100 | 17 400 | 33 000 | 76 800 | |||||||||||||||
Sogn og Fjordane | 21 400 | 5 900 | 9 600 | 6 000 | |||||||||||||||
Møre og Romsdal | 81 500 | 16 500 | 21 500 | 43 600 | |||||||||||||||
Sør-Trøndelag | 50 900 | 10 600 | 21 700 | 18 700 | |||||||||||||||
Nord-Trøndelag | 59 900 | 5 900 | 10 900 | 43 100 | |||||||||||||||
Nordland | 55 400 | 10 300 | 20 100 | 25 100 | |||||||||||||||
Troms | 58 000 | 9 400 | 13 900 | 34 700 | |||||||||||||||
Finnmark | 15 400 | 2 800 | 6 700 | 6 100 | |||||||||||||||
Kontakt
-
Manju Chaudhary
E-post: manju.chaudhary@ssb.no
tlf.: 99 58 02 06
-
Camilla Skjerpen
E-post: camilla.skjerpen@ssb.no
tlf.: 48 22 72 14