Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Omsetningsnedgang på 10 prosent
Omsetninga for vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd var på 3,3 milliardar kroner i 4. termin 2009. Dette er ein nedgang på 10 prosent samanlikna med den same perioden i 2008.
Nedgangen er størst for bedriftene som arbeider med sortering og bearbeiding av avfall for materialgjenvinning. Dei bedriftene hadde ei omsetning på 854 millionar kroner i 4. termin 2009, ein reduksjon på 33 prosent samanlikna med den same terminen i 2008. Årsaka til nedgangen er i hovudsak at prisane på metall har gått kraftig ned.
Den største næringsgruppa, målt etter omsetning, består av dei bedriftene som driv innsamling av ikkje-farleg avfall. Desse bedriftene hadde ei omsetning på 1,3 milliardar kroner i 4. termin 2009, ein nedgang på 1 prosent samanlikna med det same tidsrommet i 2008.
Viktig meldingFrå 1. termin 2009 blei ein ny versjon av norsk Standard for næringsgruppering (SN2007) teken i bruk. Dette er ein nomenklatur for klassifisering av bedrifter og føretak i ulike næringar. Eit nytt næringshovudområde for vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd er etablert i samband med overgangen. Gjenvinning er flytta frå industri til dette næringshovudområdet. For generell informasjon om overgang til ny standard klikk her. |
Tabeller:
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42