10843_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/varoms/arkiv
10843
Auka omsetning i vassforsyning, avløp og renovasjon
statistikk
2010-02-11T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
varoms, Vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning (opphørt), avfallshåndtering, materialgjenvinning, renseanleggVann og avløp, Natur og miljø
false

Vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning (opphørt)5. termin 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka omsetning i vassforsyning, avløp og renovasjon

Omsetninga for vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd var på 4,2 milliardar kroner i 5. termin 2009. Dette er ein auke på 2,4 prosent samanlikna med 5. termin 2008.

Vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd. Millionar kroner

Auken er størst for bedriftene som arbeider med behandling og disponering av farleg avfall. Desse bedriftene hadde ei omsetning på 183 millionar kroner i 5. termin 2009. Dette var ein auke på 23,6 prosent samanlikna med same periode i 2008.

Den største næringsgruppa, målt etter omsetning, består av dei bedriftene som driv innsamling av ikkje-farleg avfall. Desse bedriftene hadde ei omsetning på 1,7 milliardar kroner i 5. termin 2009, ein auke på 2,4 prosent samanlikna med 2008.

Ny versjon av Standard for næringsgruppering

Frå 1. termin 2009 ble det teke i bruk ein ny versjon av norsk Standard for næringsgruppering (SN2007), ein nomenklatur for klassifisering av bedrifter og føretak i ulike næringar. Det er etablert eit nytt næringshovedområde for vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd. Gjenvinning er flytta fra industri til dette næringshovedområdet. Les meir om overgang til ny standard

Tabeller: