Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Omsetning på 3,7 milliardar
Omsetninga for vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd var på 3,7 milliardar kroner i 4. termin 2011. Dette var ein vekst på 2,4 prosent samanlikna med same periode i 2010.
Næringsgruppa innsamling av ikkje-farleg avfall og næringsgruppa sortering og bearbeiding av avfall for materialgjenvinning var om lag like store, målt etter omsetning, med 1,4 milliardar kroner kvar.
Bedriftene som driv med sortering og bearbeiding av avfall for materialgjenvinning hadde 9 prosent høgare omsetning i 4. termin 2011 enn på same tid i fjor. Innanfor innsamling av ikkje-farleg avfall hadde bedriftene ein auke i omsetning på 2,7 prosent i same tidsrom.
Tabeller:
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42