Nedgang i innbetalt skatt

Publisert:

Til no i år er det betalt inn 541 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er 69 milliardar, eller 11,2 prosent, mindre enn i same periode i fjor.

Nedgang i innbetalingar frå petroleumsektoren utgjør ein stor del av den samla nedgangen. Til no i år er samla innbetalingar på 41 milliardar kroner. Dette er ei reduksjon på 44 milliardar frå same periode i 2019,  viser nye tal frå Skatterekneskap. Tiltak som er innført i samband med koronapandemien omfattar tilbakebetalingar som er større enn innbetalingane, slik at særskatten på petroleum i august var negativ. Dei viktigaste tiltaka er auka frådrag og moglegheit for utbetaling av skattemessig underskot.

Utanom petroleumsskattane har upersonlege skatteytarar betalt inn 64 milliardar kroner til no i år. Dette er ein nedgang på 10,7 prosent. Desse skatteytarane har også fått utsett frist for betaling av skatt for 2. termin frå 15. april til 1. september.

Lågare innbetalingar av arbeidsgjevaravgift

Innbetalingar frå personlege skatteytarar er på 436 milliardar til no i år. Dette er ei nedgang på 3,7 prosent frå i fjor. Nedgangen skyldast lågare innbetalingar av arbeidsgjevaravgift. Tiltak i samband med korona omfattar både reduserte satsar og utsette fristar for innbetalingar av arbeidsgjevaravgift. Dette betyr at innbetalingar for 1. termin kom inn i august, medan fristen for innbetalingar for 3. termin er utsett til oktober. Ser vi bort frå arbeidsgjevaravgift, auka innbetalingane frå personlege skatteytarar med 2,4 prosent.

 

Kontakt