395_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/kirkeregn/arkiv
395
Betra driftsresultat for fellesråda
statistikk
2003-11-26T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Kultur og fritid
no
kirkeregn, Kyrkjelege fellesråd, rekneskap, kyrkjeøkonomi, driftsrekneskap, utgifter, investeringar, statlege overføringar, kommunetilskotKommunale finanser, Religion og livssyn, Kultur og fritid, Offentlig sektor
false

Kyrkjelege fellesråd, rekneskap2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Betra driftsresultat for fellesråda

Kyrkjelege fellesråd fekk betra resultatet for rekneskapsåret 2002 sett i høve til 2001. I fjor auka inntektene meir enn utgiftene for første gong på tre år.

Rekneskapane til kyrkjelege fellesråd for 2002 syner at driftsutgiftene var på 2 190 millionar kroner, medan driftsinntektene var på 2 211 millionar kroner, ein auke på høvesvis 6 og 7 prosent frå 2001.

Lønn var i 2002 den desidert største utgiftsposten til fellesråda. Samla lønnsutgifter var på over 1,3 milliardar kroner. I høve til 2001, har utgiftene til lønn auka med 104 millionar kroner, ein auke på nær 8 prosent. I høve til dei totale driftsutgiftene vart det prosentvis nytta meir på lønn i 2002 enn dei føregåande åra. Lønnsutgiftene utgjorde 61,7 prosent av dei totale driftsutgiftene mot 60,4 prosent i 2001 og 60,0 prosent i 2000.

"Andre overføringar " som inneheld overføringar frå fylkeskommune, kommune og andre står som den største inntektsposten til dei kyrkjelege fellesråda. For rekneskapsåret 2002 vart det overført 1 711 millionar kroner, ein auke på 7,6 prosent frå 2001.

Fellesråda hadde ein auke i investeringane på 93 millionar kroner frå 2001, ein auke på nær 62 prosent i høve til året før.

For rekneskapsåret 2002 var det ein negativ differanse mellom kjøp og bruk av medel for andre året på rad. Den negative differansen var på 7 millionar kroner. I 2001 var det ein negativ differanse på 8 millionar kroner.

Positivt netto driftsresultat

Netto driftsresultat er ein storleik som viser kor mykje av driftsinntektene som kan nyttast til investeringar og fondsavsetningar.

Kyrkjelege fellesråd hadde for 2002 eit positivt netto driftsresultat på 8 millionar kroner. Dette er ein auke frå rekneskapsåret 2001, då same resultat synte eit negativt resultat på 6 millionar kroner.

Endringane i netto driftsresultat frå 2001 til 2002 kjem av ein sterkare auke i driftsinntektene enn driftsutgiftene. Som nemnt innleiingsvis, var auken i driftsutgiftene på 6 prosent i høve til rekneskapen for 2001, medan driftsinntektene hadde ein auke på 7 prosent.

Meir gjeld

Balansen syner ein forvaltningskapital på 4,3 milliardar kroner. Dette er ein auke på om lag 11 prosent frå 2001.

Anleggsmiddel auka med nærare 12 prosent frå 2001, eller 390 millionar kroner. I hovudsak omfattar dette maskinar, utstyr og eigedomar. Sum gjeld auka i overkant av 28 prosent. Av dette auka langsiktig gjeld med nær 51 prosent, eller 81 millionar kroner, medan kortsiktig gjeld auka med 17 prosent eller om lag 13 millionar kroner.

Bokført eigenkapital for 2002 var på 3,8 milliardar kroner, noko som tilsvarer ein auke på nær 9 prosent frå året før.

Arbeidskapitalen har ikkje vorte vesentleg endra. Medan han for 2001 var på 330 millionar kroner, var han på 329 millionar kroner for 2002. Dette er ein reduksjon på 1 million kroner. Det var likevel eit dårlegare resultat enn for 2000. Då var arbeidskapitalen på 393 millionar kroner.

Endring i arbeidskapitalen er den indikatoren som i størst grad påverkar likviditetsutviklinga.

Om talgrunnlaget

For rekneskapsåret 2002 var det 30 fellesråd som ikkje har levert resultatrekneskap, medan 34 fellesråd av totalt 434 ikkje har levert balanserekneskap. I 2001 var det 26 fellesråd som ikkje leverte resultatrekneskap eller balanserekneskap. Tala er korrigert for manglande rekneskap.

Etter gravferdslova § 23 kan kommunane søkje departementet om å få overta drifta av kyrkjegardane. Per oktober 2002 er det fire kommunar som har søkt om dette. Rekneskapstala syner at det er 19 fellesråd som ikkje har levert tal på formål 3, Kyrkjegardar.

Netto driftsresultat omfattar berre beløp i driftsrekneskapen. Rekneskap frå kyrkjelege fellesråd blir berre samla inn på artnivå, der artane 10-19 kan vere både drifts- og investeringsartar. Det kan såleis liggje beløp knytt til investeringar i det som no er presentert som netto driftsresultat.

Tabeller: