Oslo og Bærum på husleigetoppen
Publisert:
Endret:
Det er store geografiske skilnader i husleigenivået her til lands. I Oslo og Bærum er husleigene over 30 prosent høgare enn landsgjennomsnittet.
- Tallene er hentet fra
- Leiemarkedsundersøkelsen
- Artikkelen er en del av serien
- Leiemarkedsundersøkelsen (arkiv)
Gjennomsnittleg årleg husleige per kvadratmeter for ein toroms i Oslo og Bærum kommune er om lag 2 910 kroner, syner nye tal frå Leigemarknadsundersøkinga (LMU). 1
Dette er om lag 33 prosent høgare enn for landet generelt. Også i Bergen og Trondheim er gjennomsnittleg husleige per kvadratmeter høgare enn landsgjennomsnittet, medan Stavanger trekker landsgjennomsnittet ned.
Stavanger hadde tidlegare eit relativt høgt leigenivå, men har vist ein fallande trend dei siste åra. Endringa i Stavanger frå i fjor er relativt flat; store bustader går noko opp i husleige, medan små bustader går noko ned.
Generelt er det store skilnader mellom bygd og by. Gjennomsnittleg husleige for ein treroms i tettstader med meir enn 20 000 innbyggjarar er om lag 38 prosent høgare enn den er for ein tilsvarande bustad i tettstader med mellom 200 og 1999 innbyggjarar.
Det er også skilnader i leigenivået ut frå lengda på leigeforholdet. Husleiga for leigeforhold inngått i år eller i fjor ligger i gjennomsnitt på 10 910 kroner, medan husleiga for leigeforhold som vart inngått for meir enn seks år sidan i snitt ligger på 8 410 kroner. Dette tyder på at større endringar i husleiga gjerne skjer i forbindelse med etablering av nye kontraktar.
Figur 1. Månedleg leige i større byar, to-roms bustad, 60 kvm. 2018
2018 | |
Oslo - Sentrum, Frogner, Ullern og St.Hanshaugen | 12600 |
Oslo - Grunerløkka, Gamle Oslo, Sagene, Nordre Aker og Vestre Aker | 12400 |
Oslo - Østensjø, Nordstrand og Bjerke | 11600 |
Oslo - Søndre Nordstrand, Grorud, Stovner og Alna | 11400 |
Akershus - nærliggende Oslo kommuner | 10500 |
Bergen - Bergenhus | 10900 |
Bergen - øvrige bydeler | 9500 |
Trondheim - Midtbyen, Østbyen og Nedre Elvehavn | 10800 |
Trondheim - øvrige bydeler | 10400 |
Stavanger | 8800 |
Kristiansand | 8200 |
Tromsø | 10300 |
1 Retting i avsnittet kl 08.34.
Kontakt
-
Kristian H. Myklatun
-
Ragnhild K. Nygaard
-
SSBs informasjonstjeneste