Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Prisane for godstransport auka med 2 prosent
Prisane for godstransport på veg auka med 2,0 prosent frå 2. kvartal 2008 til 3. kvartal 2008.
Indeksen viser prisutviklinga totalt i næringa samt utviklinga for transport av seks ulike frakttypar. Totalindeksen auka med 2,0 prosent i 3. kvartal 2008, medan delindeksane auka med rundt 2 prosent. Delindeksen fryste eller kjølte varer auka mest med 2,3 prosent mens annan transport auka minst i dette kvartalet, med 1,7 prosent.
Prisendringa frå same kvartalet året før har vore på 9,0 prosent, den høgaste årlege prisauken sidan indeksen tok til i 2004. Delindeksen oljeprodukt toppar med ein auke på heile 14,3 prosent frå same kvartalet året før. Endringa for dei andre delindeksane ligg på mellom 7 og 9 prosent.
Delindeksane viser prisutviklinga for transport av følgjande vareslag: Fryste eller kjølte varer, oljeprodukt, andre væsker eller gassar i bulk, stykkgods/containergods, tørrgods i bulk og annan transport. For å setje saman delindeksane til totalindeksen vert omsetnaden i næringa fordelt på frakttypar nytta som vektgrunnlag. Av frakttypane er det stykkgods/containergods som står for den største delen av omsetnaden i næringa, med nesten 45 prosent. Andre væsker og/eller gassar i bulk er den minste frakttypen med 2,4 prosent av den totale omsetnaden. |
Tabeller:
Statistikken publiseres nå sammen med Produsentprisindekser for tjenester.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42