13104_om_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/gvpi/kvartal
13104_om
statistikk
2008-11-27T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Transport og reiseliv
no
false

Godstransport på vei, prisindeks3. kvartal 2008

Innhold

Om statistikken

Definisjoner

Navn og emne

Navn: Godstransport på vei, prisindeks
Emne: Priser og prisindekser

Ansvarlig seksjon

Seksjon for transport-, reiselivs- og IKT-statistikk

Definisjoner av viktige begrep og variabler

Prisen som vert måla i denne indeksen er fakturert pris på transporttenester, ekskl. mva. Omsetnaden som brukast i vektgrunnlaget hentast frå strukturstatistikken 2004 og er definert som summen av godtgjøring for sal til kundar, sal av handelsvarer og bruttoinntekt av anna næringsverksemd. Omsetning inkluderer leieinntekter og provisjonsinntekter, men ikkje spesielle offentlige avgifter, offentlige tilskot eller gevinst ved sal av anleggsmidlar. Meirverdiavgift er ikkje med i tala.

Standard klassifikasjoner

Det er laga ei intern gruppering av vareslag/frakttype for statistiske føremål. Det vert skilt mellom ulike vareslag som blir transportert. Kategoriane er: Fryste eller kjølte varer (FK), Oljeprodukt (OL), Andre væsker eller gassar i bulk (BU), Stykkgods/Containergods (ST), Tørrgods i bulk (TB) og Anna Transport (AN).

Administrative opplysninger

Regionalt nivå

Berre på nasjonalt nivå.

Hyppighet og aktualitet

Undersøkinga er kvartalsvis. Statistikken vert publisert innan 3 månader etter utgangen av kvartalet.

Internasjonal rapportering

Inngår i nasjonalregnskapets rapportering til Eurostat.

Lagring og anvendelse av grunnlagsmaterialet

Mikrodata blir lagra som flate filer på UNIX.

Bakgrunn

Formål og historie

Føremålet med prisindeksen er å måle prisutviklinga i marknaden for godstransport på veg. Statistikken blei publisert for første gong i 2006, med tal tilbake til 4. kvartal 2004.

Brukere og bruksområder

Indeksen vert nytta i analyse og overvaking av pris-/kostnadsutviklinga i næringa, samt i nasjonalrekneskapet. Den vert og nytta av andre aktørar med interesse for transportnæringa, som til dømes forskings- og utredingsinstitusjonar og media.

Sammenheng med annen statistikk

Indeksen vert nytta i nasjonalrekneskapet. Det vert og produsert ein kostnadsindeks for næringa

Lovhjemmel

Statistikklova §§ 2-1, 2-2 og 2-3.

EØS-referanse

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) av 6. juli 2005 om endring av rådsforordning (EF) nr. 1165/98 om korttidsstatistikk.

Produksjon

Omfang

Populasjonen er alle bedrifter i Noreg med næringa godstransport på veg (SN2002:60.24). Bedrift er den statistiske eininga.

Datakilder og utvalg

Til danninga av utvalet vert Bedrifts- og føretaksregisteret og kjøretøyregisteret nytta. Omsetnaden til bedriftene blir henta frå strukturstatistikken.

Frå populasjonen vert det trekt eit utval på om lag 150 bedrifter.

Datainnsamling, editering og beregninger

I tillegg til registerdata vert postale skjema nytta for å hente inn data frå utvalet. Skjemaet blir sendt ut i etterkant av statistikkvartalet. Oppgåvegjevar har ein svarfrist på tre veker. Er ikkje oppgåva kome inn blir det sendt ut ei purring med varsel om tvangsmulkt. Ny frist er ei veke. Er ikkje oppgåva då kome inn blir det fatta vedtak om tvangsmulkt. Etter at tvangsmulkt er vedteke, har oppgåvegjevar nok ei veke på å sende inn oppgåva.

Skjema vert lest optisk, deretter manuelt og maskinelt kontrollert og revidert. Blant anna vert prisendringar som verker urimeleg store kontrollert nærare med oppgåvegjevar.

For kvar bedrift i utvalet blir det rekna ut ei prisendring per frakta vareslag. Det vert så utrekna delindeksar for kvart vareslag, og til slutt ein total indeks der alle vareslag er medrekna. Vektene som vert nytta er fordelinga av den totale omsetnaden i næringa på vareslag og bedrift. Bedriftene blir delte inn i tre strata på bakgrunn av omsetnad. Indeksen er ein Laspeyre-indeks med faste vekter. Vektene vil haldast faste for ein periode på om lag 5 år, og vil bli oppdaterte i samband med ein periodisk revisjon av statistikken.

Konfidensialitet

Bruk av innsamla data frå oppgåvegjevarar vil skje i samsvar med krav stilt av Datatilsynet. Opplysningane vil bli oppbevarte og eventuelt gjorde til inkjes på ein forsvarleg måte.

Sammenlignbarhet over tid og sted

Indeksserien går tilbake til 1. kvartal 2004 og det er nytta same berekningsmetode for heile perioden.

Nøyaktighet og pålitelighet

Feilkilder og usikkerhet

Oppgåvegjevar kan ha fylt ut skjemaet feil. Det er spesielt to kjelder til målefeil. Den eine er at oppgåvegjevar oppgjer same pris tross i faktisk prisendring mellom to kvartal. Den andre er at oppgåvegjevar oppgjer pris på ein tur med andre turkarakteristika enn kva som er meininga. I begge døme blir oppgåvegjevar kontakta viss det er mistanke om målefeil. Data vert også kontrollert i samband med at skjema vert leste optisk. Generelt sikrar produksjonsrutinane at det vert utført kontrollar både på detaljert nivå og aggregert nivå.

Som i alle skjemabaserte undersøkingar er det fråfall, enten fordi oppgåvegjevar ikkje returnerer skjema (totalfråfall) eller at skjemaet er mangelfullt (partielt fråfall). Svarprosenten på undersøkinga er om lag 98 prosent.

Utvalet på 200 bedrifter utgjer ca 2 prosent av bedriftspopulasjonen i næringa. Ettersom populasjonen i næringa er homogen, og utvalet vert stratifisert, vert det totale utvalet vurdert til å vere stort nok. Sjølv om utvalet er trekt på bakgrunn av kva slags vareslag bedriftene mest sannsynleg fraktar, er dei ikkje pålagde å gje opp prisar på spesielle vareslag. Ein kan ikkje sjå bort frå at nokre vareslag er dårligare representert i utvalet enn andre. Utvalsskakke og utvalsvarians er ikkje berekna.

Vektene som vert brukt i indeksberekningane er henta frå strukturstatistikken 2004. Ein feilkjelde kan derfor vere at vektene er utdaterte. Årsaka til at ikkje vekter vert henta inn kvart år er at næringa vert vurdert som stabil og at det tek tid før endringar gjer utslag i endra næringsstruktur.

Modellfeil kan føre til at prisendringar ikkje er statistisk signifikante. For kvart indekstal vert det rekna ut standardavvik. For dei frakttypane som har færrast observasjonar vil sannsynet for feil vere større.