13008_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/tpiikt/arkiv
13008
Lågare prisar på tele- og datatenester
statistikk
2009-05-29T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Teknologi og innovasjon
no
tpiikt, Prisindeksar for informasjon og kommunikasjon, prisutvikling, tenesteprisindeks, telekommunikasjonstenester, bedriftsmarknad, privatmarknad, datakonsulenttenester, konsulentprisar etter kompetansenivå (for eksempel programmerar, IT-arkitekt, prosjektleiar)Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Produsent- og engrosprisindekser, Teknologi og innovasjon, Priser og prisindekser
false

Prisindeksar for informasjon og kommunikasjon1. kvartal 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare prisar på tele- og datatenester

Prisane på datakonsulenttenester fall med 1,4 prosent frå 4. kvartal i fjor til 1. kvartal i år. Nedgangen for telekommunikasjonstenester var 2,0 prosent i same perioden.

Prisindeksar innanfor informasjon og kommunikasjon. 1. kvartal 2006-1. kvartal 2009. 2006=100

Prisindeksen for telekommunikasjonstenester viste ein nedgang på 2,0 prosent frå 4. kvartal 2008 til 1. kvartal 2009. Nedgangen har i hovudsak si årsak i reduserte prisar for mobiltelefoni for privatkundar frå starten av førre kvartalet. For bedriftskundar har indeksen vore tilnærma uendra i same perioden.

Frå 1. kvartal 2008 til 1. kvartal 2009 er prisane for telekommunikasjonstenester redusert med 7,2 prosent. Den største nedgangen var frå 3. kvartal til 4. kvartal 2008.

Prisane på datakonsulenttenester fall med 1,4 prosent frå 4. kvartal 2008 til 1. kvartal 2009. Det er første gongen denne indeksen fell sidan målinga starta i 2006. Frå 1. kvartal 2008 til 1. kvartal 2009 fall prisane med 0,2 prosent.

Prisindeksar innanfor informasjon og kommunikasjon. 1. kvartal 2009. 2006=100. Endring frå same kvartal året før og frå førre kvartal. Prosent
Næring Prisindeks
1. kvartal 2009
Endring frå
førre kvartal.
Prosent
Endring frå
same kvartal året før.
Prosent
Telekommunikasjonstenester 88,3 -2,0 -7,2
Datakonsulenttenester  110,0 -1,4 -0,2

Ny publiseringsrutine for tenesteprisindeksar

Denne statistikken er frå og med 1. kvartal 2009 publisert etter ny næringsstandard (SN2007). Tidlegare publiseringar av prisindeks for telekommunikasjonstenester og for datakonsulenttenester er slått saman til ei publisering. Ny felles basisperiode for tenesteprisindeksane er teke i bruk frå og med publiseringa 1. kvartal 2009. Basisperioden er no sett til 2006=100, etter krav frå Eurostat. Indeksen for datakonsulenttenester er justert i alle tabellar.