Fra og med 14. november 2017 vil de tre statistikkene Prisindeksar for informasjon og kommunikasjon, Prisindekser for transport og lagring og Prisindekser for næringslivstjenester publiseres samlet som Produsentprisindekser for tjenester.
Oppdatert
Nøkkeltal
0,5 %
nedgang i prisane på IT-tenester i 2. kvartal 2017
2. kvartal 2017 | Endring i prosent | ||
---|---|---|---|
1. kvartal 2017 - 2. kvartal 2017 | 2. kvartal 2016 - 2. kvartal 2017 | ||
Datakonsulenttenester | 113,4 | -0,5 | 1,5 |
Om statistikken
Statistikkane er produsentprisindekser, og viser prisutvikling for tenester innanfor informasjon og kommunikasjon, herav IT-tenester og telekommunikasjonstenester.
Omgrep
-
Begge statistikkane er produsentprisindeksar, og prisane er derfor eksklusiv meirverdiavgift.
Prisindeks for telekommunikasjonstenester: Einingsprisar blir berekna frå opplysningar om omsetning og talet for kvar eining (tenestekomponent) innan tenestene fasttelefoni, mobiltelefoni, mobilt og fast breiband.
Prisindeks for datakonsulenttenester: Prisen som blir måla i denne indeksen er gjennomsnittleg fakturert timepris på datakonsulenttenester. Konsulentar innan fem ulike kategoriar er definert i skjemaet: It-arkitektur, systemutvikling, IT-prosjektleiing, IT-rådgjeving og IT-infrastruktur. Fire kompetansenivå er definert for kvar datakonsulentkategori etter utdanning og lengde på arbeidserfaring. Nivå 1: Minst tre års utdanning innan området og inntil tre års erfaring som konsulent. Nivå to: Minst tre års utdanning. Høy kompetanse innan området og tre til åtte års erfaring som konsulent. Nivå tre: Minst tre års utdanning og meir enn åtte års erfaring. Nivå fire: Ekspertkompetanse, og minst sju til tolv års erfaring.
-
Gjeldande Standard for næringsgruppering (SN2007) i Statistisk sentralbyrå byggjer på EU sin standard NACE Rev 2. Næringsgruppene telekommunikasjon og datakonsulenttenester har hhv. kode 61 og 62.
Administrative opplysingar
-
Namn: Prisindeksar for informasjon og kommunikasjon
Emne: Priser og prisindekser
-
Seksjon for transport-, reiselivs- og IKT-statistikk
-
Berre på nasjonalt nivå.
-
Hyppighet: Kvartalsvis Aktualitet: Statistikken publiserast innan 60 dagar.
-
Statistikken blir rapportert til Eurostat.
-
Mikrodata, informasjon om utvalseiningar og populasjon blir lagra mellombels i programspråket SAS og blir langtidslagra som tekstfiler.
Bakgrunn
-
Føremålet med prisindeksane er å måle prisutviklinga på tenester i næringar innan informasjon og kommunikasjon. Vidare blir prisindeksane nytta til deflatering i Nasjonalrekneskapen. Statistikken følgjer EU sin forordning om korttidsstatistikk.
Prisindeks for datakonsulenttenester blei publisert for første gong i november 2007, med tal tilbake til 1. kvartal 2006.
Prisindeks for telekommunikasjonstenester blei første gong publisert i juni 2008, med tal tilbake til 4. kvartal 2005.Publisering av prisindeks for telekommunikasjonstenester vart førebels stansa frå og med 3. kvartal 2013. Prisindeks for teletenester tilbyde private hushald publiserast månadleg som del av konsumprisindeksen med tal tilbake til 1979.
-
Statistikkane blir nytta i analyse og overvaking av pris- og kostnadsutviklinga i næringa, samt i Nasjonalrekneskapen. Eurostat nytte seg av statistikken for å samanlikne prisutviklinga mellom europeiske land. Den blir og nytta av andre aktørar med interesse for telekommunikasjon og datakonsulentverksemd, som til dømes forskings- og utgreiingsinstitusjonar og media.
-
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 8.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.
-
Prisindeksane blir nytta i Nasjonalrekneskapen.
Statistisk sentralbyrå produserer strukturstatistikk for informasjon og kommunikasjon og Omsetningsindeks for transport, reiseliv og IKT.
Statistisk sentralbyrå publiserer også Prisindekser for transport og lagring, og Prisindekser for næringslivstjenester.
-
Statistikklova § 2-1, 2-2 og 2-3.
-
Europaparlaments- og rådsforordning (EF) av 6. juli 2005 om endring av rådsforordning (EF) nr. 1165/98 om korttidsstatistikk.
Produksjon
-
Prisindeks for telekommunikasjonstenester: Populasjonen for tenester til bedriftskundar er aktive føretak i Norge innan næringa telekommunikasjon (SN2007: 61). Den statistiske eininga er føretak. Populasjonen for private kundar er tenester innan telekommunikasjon som er tilbyde til private hushald busette i Norge (konsumprisindeksen).
Prisindeks for datakonsulenttenester: Populasjonen er aktive føretak i Norge innan IT-tenester (SN2007: 62), med minst 10 sysselsette.
-
Prisindeks for telekommunikasjonstenester: Frå populasjonen er nokre dominerande føretak i marknaden valt ut basert på omsetning i marknaden for fasttelefoni, mobiltelefoni og fast breiband. Utvalet er basert på informasjon motteken av Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, om føretak/verksemdene si omsetningsdel av marknaden. Omsetnad og talet på abonnement/trafikk på tenestene fasttelefoni, mobiltelefoni, mobilt og fast breiband som blir tilbode bedriftskundar rapporterast av føretaka i utvalet.
Prisindeks for datakonsulenttenester: Til danninga av utvalet blir Virksomhets- og foretaksregisteret nytta. Føretaka i utvalet rapporterer opplysningar om prisar og talet på tilsette datakonsulentar fordelt på stillingskategoriar og kompetansenivå. Prisindeks for datakonsulenttenester: Frå populasjonen er det trekt eit utval på om lag 60 føretak. Vi nyttar eit PPS-utval (Probability Proportional to Size), det vil seie at utvalet har ei overvekt av dei største føretaka i næringa.
-
Elektroniske spørjeskjema blir nytta for å samle inn data frå utvalet for datakonsulenttenester. Skjema er tilgjengeleg på Altinn. For telekommunikasjonstenester til bedriftskundar rapporterer oppåvegjevarane i rekneark som rapporterast via SSBs filsluseløysing på Internett. For telekommunikasjonstenester til private kundar blir listeprisar frå Internett nytta kvar månad.
Oppgåvene blir manuelt og maskinelt kontrollert og editert. Opplysningane blir lasta inn i ein applikasjon som blir nytta til kontroll og editering. Prisendringar som verker urimelege blir kontrollert nærare med oppgåvegjevar.
Prisindeks for datakonsulenttenester er L-type indeks. Det betyr at dei liknar på Laspeyres indeks, men har ikkje alle føresetnader for å vere ein ekte Laspeyres indeks. Dei er fastvektsindeksar, og prisutviklinga blir rekna ut frå prisbasisperiode til statistikkperiode.
Prisindeks for telekommunikasjonstenester: Metode for berekning av indeksen er endra frå og med fyrste kvartal 2014.
Prisindeksar for private kundar er konsumprisindeksen for teletenester publisert kvar månad. For meir inngåande informasjon om berekningar for private kundar, sjå Om statistikken for konsumprisindeksen.
Prisindeks for datakonsulenttenester: Føretaka inndelast i fem ulike stratum etter storleik. Det blir rekna ut ei prisendring for kvar type datakonsulentkategori for kvar type kompetansenivå i kvart stratum. Vektene som blir nytta til å rekna saman til ein indeks, er delen av tilsette i dei ulike datakonsulentkategoriane og delen av omsetning i eit stratum. Vektene oppdaterast årleg, og prisbasis endrast i kvar periode. Indeksen blir kjeda kvart kvartal.
Statistikken ble etablert for å dekkje næringsgruppe 72 (SN2002). Den næringsgruppa omfatta også føretak som ikkje er med i næringsgruppe 62 (SN2007). Data for føretaka i næring 62 er nytta til å rekne ut ei indeks for næring 62 tilbake til 2. kvartal 2006. Arbeidskostnadsindeksen for næringsgruppene 70-74 (SN2002) faller i høg grad saman med prisindeksen for datakonsulenttenester i den aktuelle perioden. Arbeidskostnadsindeksen er derfor nytta til å estimere utviklinga tilbake til 1. kvartal 2006 og til å rekne ut ei indeksserie med snittet for 2006=100.
-
Ikkje relevant
-
Bruk av innsamla data frå oppgåvegjevarar skjer i samsvar med krav stilt av Statistikklovas føresegn. Opplysningane blir tatt vare på ein forsvarleg måte. Det er ikkje mogleg å identifisera føretakssensitiv informasjon ut i frå statistikken.
-
Prisindeks for telekommunikasjonstenester: Indeksserien går tilbake til 4. kvartal 2005, og det er nytta same utrekningsmetode for perioden til og med 2. kvartal 2013. Konsumprisindeksen for teletenester (private kundar) har ein tidsserie frå januar 1979.
Prisindeks for datakonsulenttenester: Indeksserien går tilbake til 1. kvartal 2006. Med unntak for 1. kvartal 2006, som er estimert, er det nytta same utrekningsmetode for heile perioden.
Nøyaktigheit og pålitelegheit
-
Målefeil kan i hovudsak oppstå ved at oppgåvegjevar mistolkar og rapporterer feil. Bearbeidingsfeil er i hovudsak feil som blir påført data etter at dei er motteken i Statistisk sentralbyrå. Bruk av elektronisk rapportering i ein statistikk reduserer denne type feil.
Generelt sikrar produksjonsrutinane at det blir utført kontrollar både på detaljert nivå og høgareliggjande nivå.
Auka bruk av fastprisabonnement innan telekommunikasjonstenester, som inkluderer ei fast mengde ringeminutt og datatrafikk, gjer det utfordrande å måle den reelle prisutviklinga over tid.
Fråfallsfeil i undersøkingar oppstår anten ved at oppgåvegjevar ikkje returnerer skjema, eller at skjemaet er mangelfullt utfylt. Svarprosenten på prisindeks for telekommunikasjonstenester er 100 prosent, og på prisindeks for datakonsulenttenester er den tilnærma 100 prosent.
Når ein reknar ut tal for usikkerheit i tala skal ein ikkje ta omsyn til endelig populasjon, men nytta vanlege formlar for usikkerheit når populasjonen er uendeleg. Ein prisindeks må reknast som eit estimat på den generelle prisutviklinga, innanfor det området prisindeksen dekkjer. Dette gjeld også om ein hadde hatt med alle tenester og bedrifter som inngår i populasjonen. Sia prisindeksen er ein estimator oppstår usikkerheit sjølv om den har fullteljing.
Prisindeks for telekommunikasjonstenester: Utvalet er basert på føretaka/verksemda si del av omsetning i delnæringane innan telekommunikasjon, og dekkjer om lag 80 prosent av omsetninga frå teletenester i næringa.
Prisindeks for datakonsulenttenester: Utvalet dekkjer om lag 50 prosent av omsetninga.
-
Ikkje relevant
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste