13006_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/tpiikt/arkiv
13006
Små prisendringar på tele- og datatenester
statistikk
2009-09-04T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Teknologi og innovasjon
no
tpiikt, Prisindeksar for informasjon og kommunikasjon, prisutvikling, tenesteprisindeks, telekommunikasjonstenester, bedriftsmarknad, privatmarknad, datakonsulenttenester, konsulentprisar etter kompetansenivå (for eksempel programmerar, IT-arkitekt, prosjektleiar)Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Produsent- og engrosprisindekser, Teknologi og innovasjon, Priser og prisindekser
false

Prisindeksar for informasjon og kommunikasjon2. kvartal 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små prisendringar på tele- og datatenester

Prisane på tele- og datatenester var tilnærma uendra frå 1. kvartal til 2. kvartal 2009. Prisane på datakonsulenttenester steig med berre 0,1 prosent, medan prisen på telekommunikasjonstenester fall med 0,5 prosent i perioden.

Prisindeksar innanfor informasjon og kommunikasjon. 1. kvartal 2006-2. kvartal 2009. 2006=100

Både privatkundar og bedriftskundar opplevde ein liten nedgang i prisane for telekommunikasjonstenester på høvesvis 0,2 og 0,8 prosent frå 1. til 2.kvartal 2009. Det er hovudsakleg reduksjon i prisane for internettenestar som er årsaka til prisnedgangen for bedriftskundar.

Frå 2. kvartal 2008 til 2. kvartal 2009 fall prisane på datakonsulenttenester med 0,5 prosent. I den same perioden fall prisane på telekommunikasjonstenester med 7,3 prosent, med størst nedgang frå 3. kvartal til 4. kvartal 2008.

Prisindeksar innanfor informasjon og kommunikasjon. 2. kvartal 2009. 2006=100. Endring frå same kvartalet året før og frå førre kvartalet. Prosent
Næring Prisindeks 2. kvartal 2009 Endring frå førre kvartalet. Prosent Endring frå same kvartalet året før. Prosent
Telekommunikasjonstenester 87,9 -0,5 -7,3
Datakonsulenttenester  110,1 0,1 -0,5

Ny publiseringsrutine for tenesteprisindeksar

Denne statistikken er frå og med 1. kvartal 2009 publisert etter ny næringsstandard (SN2007). Tidlegare publiseringar av prisindeks for telekommunikasjonstenester og for datakonsulenttenester er slått saman til ei publisering. Ny felles basisperiode for tenesteprisindeksane er teken i bruk frå og med publiseringa 1. kvartal 2009. Basisperioden er no sett til 2006=100, etter krav frå Eurostat. Indeksen for datakonsulenttenester er justert i alle tabellar.