Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Litt billigare tele- og datatenester
Tenestene for telekommunikasjon og datakonsulentverksemd viste ein prisnedgang på høvesvis 1,0 og 0,4 prosent frå 2. kvartal til 3. kvartal 2009.
Det er prisane for privatkundar som hovudsakleg har resultert i nedgangen for telekommunikasjonstenester. Teletenestene fall med 1,5 prosent på privatmarknaden frå førre kvartal. For bedriftskundar var ikkje prisendringa like stor, med ein nedgang på 0,4 prosent.
Prisane på datakonsulenttenester fall med 1,4 prosent frå 3. kvartal 2008 til 3. kvartal 2009. Prisnedgangen for telekommunikasjonstenester var på 7,5 prosent i den same perioden, med størst nedgang frå 3. kvartal til 4. kvartal 2008.
Næring | Prisindeks 3. kvartal 2009 | Endring frå førre kvartal. Prosent | Endring frå same kvartal året før. Prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Telekommunikasjonstenester | 87,0 | -1,0 | -7,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Datakonsulenttenester | 109,7 | -0,4 | -1,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ny publiseringsrutine for tenesteprisindeksarDenne statistikken er frå og med 1. kvartal 2009 publisert etter ny næringsstandard (SN2007). Tidlegare publiseringar av prisindeks for telekommunikasjonstenester og for datakonsulenttenester vart da slått saman til ei publisering. Etter krav frå Eurostat er ny felles referanseperiode for tenesteprisindeksane teke i bruk frå og med publiseringa 1. kvartal 2009, med 2006=100. Indeksen for datakonsulenttenester er justert i alle tabellar. |
Statistikken blir no publisert saman med Produsentprisindekser for tjenester.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42