13002_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/tpiikt/arkiv
13002
Uendra prisar for teletenester
statistikk
2010-02-25T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Teknologi og innovasjon
no
tpiikt, Prisindeksar for informasjon og kommunikasjon, prisutvikling, tenesteprisindeks, telekommunikasjonstenester, bedriftsmarknad, privatmarknad, datakonsulenttenester, konsulentprisar etter kompetansenivå (for eksempel programmerar, IT-arkitekt, prosjektleiar)Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Produsent- og engrosprisindekser, Teknologi og innovasjon, Priser og prisindekser
false

Prisindeksar for informasjon og kommunikasjon4. kvartal 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Uendra prisar for teletenester

Prisane for telekommunikasjonstenester var uendra, mens prisane for datakonsulenttenester gjekk ned med berre 0,3 prosent frå 3. til 4. kvartal 2009.

Prisindeksar innanfor informasjon og kommunikasjon. 1. kvartal 2006-4. kvartal 2009. 2006=100

For private kundar, som utgjer den største kundegruppa innanfor telekommunikasjonstenester, var det likevel ein prisauke på knapt 0,9 prosent for desse tenestene frå 3. til 4. kvartal 2009. Denne kundegruppa opplevde ein prisnedgang på 7,3 prosent i 4. kvartal 2008, men nedgangen vart betydeleg redusert i løpet av 2009. Prisane for bedriftskundar gjekk ned 1,2 prosent frå 3. til 4. kvartal 2009, hovudsakleg på grunn av prisfall på internettenester.

Frå 4. kvartal 2008 til 4. kvartal 2009 fall prisane på datakonsulenttenester med 2,0 prosent. Prisane for telekommunikasjonstenester fall med 3,4 prosent i den same perioden.

Prisindeksar innanfor informasjon og kommunikasjon. 4. kvartal 2009. 2006=100. Endring frå same kvartal året før og frå førre kvartal. Prosent
Næring Prisindeks 4. kvartal 2009 Endring frå førre kvartal. Prosent Endring frå same kvartal året før. Prosent
Telekommunikasjonstenester 87,0 0,0 -3,4
Datakonsulenttenester  109,4 -0,3 -2,0

Ny publiseringsrutine for tenesteprisindeksar

Denne statistikken er frå og med 1. kvartal 2009 publisert etter ny næringsstandard (SN2007). Tidlegare publiseringar av prisindeks for telekommunikasjonstenester og for datakonsulenttenester vart da slått saman til ei publisering. Etter krav frå Eurostat er ny felles referanseperiode for tenesteprisindeksane teken i bruk frå og med publiseringa 1. kvartal 2009, med 2006=100. Indeksen for datakonsulenttenester er justert i alle tabellar.