Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Billigare tele- og datatenester
Tenestene for telekommunikasjon og datakonsulentverksemd viste ein liten prisnedgang på høvesvis 0,6 og 0,5 prosent frå 1. kvartal til 2. kvartal 2010.
Både privatkundar og bedriftskundar opplevde ein liten nedgang i prisane for telekommunikasjonstenester på høvesvis 0,8 og 0,2 prosent frå 1. til 2. kvartal i år. På bedriftsmarknaden var prisane for fasttelefoni- og internettenester tilnærma uendra, medan prisane for mobiltenester gjekk ned med 0,5 prosent samanlikna med kvartalet før.
Frå 2. kvartal 2009 til 2. kvartal 2010 fall prisane på datakonsulenttenester med 0,6 prosent, medan det for telekommunikasjonstenester vart målt ein prisnedgang på 1,5 prosent.
Næring | Prisindeks 2. kvartal 2010 | Endring frå førre kvartal. Prosent | Endring frå same kvartal året før. Prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Telekommunikasjonstjenester | 86,6 | -0,6 | -1,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Datakonsulenttjenester | 109,4 | -0,5 | -0,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ny publiseringsrutine for tenesteprisindeksarDenne statistikken er frå og med 1. kvartal 2009 publisert etter ny næringsstandard (SN2007). Tidlegare publiseringar av prisindeks for telekommunikasjonstenester og for datakonsulenttenester vart då slått saman til ei publisering. Etter krav frå Eurostat er ny felles referanseperiode for tenesteprisindeksane teken i bruk frå og med publiseringa 1. kvartal 2009, med 2006=100. Indeksen for datakonsulenttenester er justert i alle tabellar. |
Statistikken blir no publisert saman med Produsentprisindekser for tjenester.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42